Lam

966648_619899054706792_810918281_o.jpg

Lammekjøt frå lam rett frå fjellbeite!

Vi lagar:

  • Lammeklubbe (utbeina lammebog som steik, urtekrydra, ferdig til steikeovnen)
  • Lammesteik
  • Fårikålkjøt
  • Ytre og indrefileter
  • Flatbiff og mørbrad
  • Skankesteik (saftig og godt kjøt ved langtidssteiking)
  • Lammebollar, lammekarbonader og lammeburger vert også tilgjengeleg i tida framover
  • Nærare jul vert det laga:  lammerull, kokelår, både heilt å i bit pluss pinnakjøt, både røykt og urøykt.

 

Villhjort

IMG_3818.JPG

Hjort utgjer den største delen av hjortevilt hjå oss og er ein fantastisk ressurs. Me sel ferskt hjortekjøt gjennom heile haustsesongen og kan utover året også tilby stykningsdelar me har pakka og frose. Me vakumerer og sel ytrefilet, indrefilet, flatbiff, mørbrad, bogsteik, lårsteik, kjøttdeig, skank og grytekjøt (nakke, skiva). Me lagar også viltbollar, viltkarbonader og viltburger.

Alle slakt er godkjent av Mattilsynet før me startar foredlingsprosessen.

 

 

Rein

I villreinens rike

I villreinens rike

Reinen, både den ville og reinen frå reinlaga lokalt utgjer ein viktig del av våre lokale ressursar.

Me sel ferskt reinskjøt så langt det let seg gjere gjennom heile haustsesongen og kan utover året også tilby stykningsdelar me har pakka og frose.

Me vakumerer og sel:

  • ytrefilet 
  • indrefilet
  • flatbiff
  • mørbrad
  • bogsteik
  • lårsteik
  • kjøttdeig
  • skank
  • grytekjøt (nakke, skiva).

Me lagar også viltbollar, viltkarbonader og viltburger.

Alle slakt er godkjent av Mattilsynet før me startar foredlingsprosessen.

Svin

Me har eigne frittgåande utegrisar.

Dette er heilt vanleg norsk svin, men dei lever fritt ute så lenge dei er hjå oss.

Grisene har eit stort område å bevege seg på og et det dei kjem over av planter, røter, og anna småplukk dei finn. Vatnet drikk dei frå bekken "Hilda" og dersom dei skulle ynskje det, kan dei nytte eit hus som står til disposisjon for våte og kalde dagar eller netter.

Elles er dei storfornøgde med å sove saman ute.

Grisene vert slakta i slutten av november eller byrjinga av desember og på julemarknadene vil de finna fersk kjøt fra desse: 

  • svineribbe 
  • utbeina nakke 
  • kam
  • ytrefilet
  • indrefilet

Låra saltar me og speker til nydelege spekeskinker.

Andre svineprodukt frå vanleg gris, ikkje eigne:
Tørrsalta bacon, tapasboller, frukostboller (til storhusholdning) speka krydderbiff og speka ytrefilet.