Viktig jegerinfo

IMG_3487.JPG

Levering: Me har avtale med Transferd og du kan levere slaktet til terminalane deira i Sogn og Fjordane:

Stryn: Levering måndag og onsdag mellom 15.00 og 16.00
Førde: Levering måndag og onsdag før 17.00
Kaupanger: Levering måndagar og onsdagar før 15.30

Pakking: Slaktet må vera kaldt og tørt. Tørk ut blod av brysthole og halsgrop med reint papir.
Pakk det slik at det ikkje vert avrenning under transport. VIKTIG MED GOD MERKING både av avsendar og mottakar!

Oppgjer etter avtale: Dette kan gjerast på to måtar, anten at de sender rekning (med organisasjonsnr og mva) eller at me betalar deg ut til din konto etter avrekning. (Same måte som når ein leverer dyr til slakteriet). Dette førast på avtalekjema som må være oss i hende før noko sendast.

Takk for godt samarbeid hausten 2022!
For kvart år, går logistikk og system betre.
No er jaktsesongen snart i gang, og me er klar til å ta imot hjort også i år. Det vert i utgangspunktet LEVERING FRAM TIL 1.desember i år.

MERK: Det må gjerast AVTALE PÅ FØREHAND for tal hjort til levering for jaktperioden.

Skjema for avtale for levering (som sendast til faktura@haugengardsmat.no) finn du nederst på side sammen med skjema som fyl kvar levering.

Haugen Gardsmat as er godtkjent viltmottak og me kjøper kvart år hjort og rein frå private jegarar som er feltkontrollørar.

Hvis du ikkje er feltkontrollør, må hovud, hjerte, lunge og lever følgje med slaktet, til dømes i ein tett plastsekk som merkast godt med ID-nummer til dyret. Dette treng Mattilsynet å kontrollere før dei stemplar kjøtet.

Me tek kun imot heile slakt.
Vombskotne dyr, eller der det er vorte hol i magesekk/tarmsystem under slakting vert ikkje godkjend.

Prøvetaking: Hvis dyret er skoten i kommune der ein og skal ta hjerneprøve, gjer du dette og klistrar ein av ID-lappane til anten feltkontrollør-lappen eller skjema du finn under. Nedskjæring tek til når CWD-prøven er fastlegen negativ frå Veterinærinstituttet og at Mattilsynet har godkjent og stempla slaktet hjå oss.

Me veg slaktet inn.
Under nedskjæring kjem skotsår, blodslege kjøtt og fettlag på krysset (fakta bukkar) til fråtrekk på oppgjeret.

Me betalar konkurransedyktige prisar og prisløypa i år er slik:
Kr 80 pr.kg ut september
Kr. 75 pr. kg frå og med 1.oktober
Send førespurnad på e-post eller ring oss på 91539026 for mer info.
Skal du levere, er det viktigst for du merkar slakta godt, at feltkontrollørlapp er med for kvart dyr, og at du lastar ned og fyller ut skjema for levering.

Cart (0)