Reinsdyrkjøt til jul?

Haugen Gardsmat as har i fleire år samarbeidd godt med eit lokalt reinlag. Reinlaget har beiteområda sine i fjella mellom Lærdal, Hemsedal og Valdres. Desse dyra lever som villreinen gjer. Dei vert ikkje tilleggsfora. Dette gjer at høgfjellsfloraen og smakane denne kraftige plantekosten gjev, ikkje vert ”utvatna”. Når reinlaget i tillegg har eit svært godt tilpassa dyretal i høve areal, gjev dette kjøttfulle flotte dyr. Reinlaget slaktar dyra sine sjølve, i eit moderne anlegg på fjellet. Ettersom dyra slik slepp stress med opplasting og transport, gjev dette det aller beste utgangspunktet for topp kvalitet.

90-95 % av dyra som vert slakta er kalvar. Med rett modning skulle dei overnemte faktorane borga for store smaksopplevingar med svært mørt kjøt.

Slaktinga tek til i byrjinga av desember. Det vil seie at me vil kunna levera fersk reinskjøt på marknadane inn mot jul. Her kan du handle dei stykningsdelane du ynskjer.

Du kan bestille

  • Heil eller halv Reinskalv.
  • Ein halv er ca 12,5 kg med bein. Du får 1 bogsteik, 1 lårsteik, 1 flatbiff, 1 rundbiff, 1 mørbrad, 1 ytrefilet, 1 indrefilet og karbonadedeig (mager). Steikene er surra, biffar og filetar reinskorne og alt er vacumpakka, også karbonadedeigen i ca. 500g. To av alt for ein heil kalv :)
  • Ynskjer du det, får du med kraftbeina.


Pris ferdig pakka 195 kr pr.kg

Du betaler for vekta av den heile/halve kalven før nedskjæring tek til. Beinprosenten vil venteleg ligga rund 30%, noko som vil svara til om lag 3,8 kg pr halve skrott. Du vil dermed motta mellom 8,5 og 9 kg reint kjøt der karbonadedeig vil utgjera ca 3 kg. (Vekter gjeven her er prosenttal rekna frå heilvekt på 25 kg. Variasjonar kan difor forekoma ved vektvariasjon på skrotten) Då reinskjøtet er svært magert og er vacumpakka, tåler det godt frysing over tid (inntil 24 mnd.) Karbonadedeigen fryser du inn med ein gong, dei edle delane kan godt modne lenger; be om anbefaling!

Utlevering vil skje på marknad eller etter avtale.

Det er venta at me har rein klar både i Oslo og i Bergen laurdag 16. desember.
Det vert i år også mogeleg å hente i «Julebutikken» på Festplassen i Bergen etter 16.desember.  

Reinsdyr.jpg