VÅRE produkt

Me startar med heile slakt av lam, kje, svin, storfe, hjort og rein. Av dette får me ferske stykningsdelar som me sel direkte. Vidare saltar me, røyker med oreved og speker. 
 

Kjøt kan verte til kjøttboller, kjøttkaker, burger og pølse, påleggsmat og middagsmat. Me er stolt leverandør til Adams Matkasse på produkta våre. 

Me tilbyr også ferdig tilbehør som potetstappe,ertekrem, kålstuing m.m. Våre produkt kan du få kjøpt på Bondens Marked, i daglegvarebutikkar og vår julebutikk

 

møt oss på bondens marked

Me deltek på Bondens Marked i Bergen og i Oslo. Vareutvalet endrar seg med sesongane, melder du deg på nyheitsbrevet vårt, får du ei helsing frå oss på e-post før marknadshelga. 

Aktuelt 

Motta nyheitsbrev frå
Haugen Gardsmat

Meld deg på vårt nyheitsbrev og få informasjon om når vi er på Bondens Marked og kva produkt vi tilbyr.