Svin

Me har eigne frittgåande utegrisar.

Dette er heilt vanleg norsk svin, men dei lever fritt ute så lenge dei er hjå oss.

Grisene har eit stort område å bevege seg på og et det dei kjem over av planter, røter, og anna småplukk dei finn. Vatnet drikk dei frå bekken "Hilda" og dersom dei skulle ynskje det, kan dei nytte eit hus som står til disposisjon for våte og kalde dagar eller netter.

Elles er dei storfornøgde med å sove saman ute.

Grisene vert slakta i slutten av november eller byrjinga av desember og på julemarknadene vil de finna fersk kjøt fra desse: 

  • svineribbe 
  • utbeina nakke 
  • kam
  • ytrefilet
  • indrefilet

Låra saltar me og speker til nydelege spekeskinker.

Andre svineprodukt frå vanleg gris, ikkje eigne:
Tørrsalta bacon, tapasboller, frukostboller (til storhusholdning) speka krydderbiff og speka ytrefilet.

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway