Bondens Marked 9.november!

Fantastike kontraster: Bilete frå hjortejakt i fjor haust. 

Fantastike kontraster: Bilete frå hjortejakt i fjor haust. 

Det er Bondens Markned att denne helga, og me vil vera på plass både i Bergen og Oslo; dersom værgudane ikkje slår seg heilt vrang.

Me er heldige som kan ha med oss nydeleg fersk hjort også denne gongen.
28.oktober hadde me for fyrste gong med oss skankesteik på marknad. Dette vart svært godt motteke, og det er med både til Bergen og til Oslo. Skankesteiken kan behandlast som du gjer med lammeskank, men den treng nok litt lengre tid på å verte klar. Me pleier å brune den, legge den i ei ovnsform med litt grønnsaker og væske i botn, og folie på i starten. Me byrjar med litt høg temperatur og skrur så ned for å steike langsamt fram mot ferdigstilling. Krafta er nydeleg å sile av, redusere og lage saus av.

Utanom skankesteik vert det ytrefilet, indrefilet, mørbrad og steik med av hjorten. 
Av lam har me med lammeskank, grytekjøt (skiva lammebog), lårsteik, skiva marinert lammelår, salta lammebog, ytrefilet, indrefilet og mørbrad.

Julesesongen nærmar seg!
Me tek med oss det som er ferdig av pinnekjøt, både røykt og urøykt.
Av pålegg tek me med nylaga gardspate, lammerull og Olina's Syltaflesk.

Kjøttbollene, storfeburger, bacon og spekemat er sjølvsagt også med! 
 

Med von om smakelege opplevingar....
Kristine og Odd

Fersk og salta kjøt på menyen

Minne frå ein flott jaktdag

Minne frå ein flott jaktdag

Hei alle saman!

Då er det veldig snart helg, og Haugen Gardsmat skal delta på Bondens marked både på Vågsalmenningen i Bergen og på Valkyrieplass i Oslo. 

I Flåm er det no kome kvitt på toppane, og me bur oss på kaldare vær og tidleg mørke kveldar. Sau og lam er komen ned frå høgfjellet og her på Brekkesida er søyene klypte. Det er framleis fint for dyra ute og bøene i flatbygda vert ytnytta maksimalt. 

Hausten er tid for lam, hjort og tidvis rein her hjå oss.
Me har med oss oppskore salta lammebog, fersk lam og fersk hjort.
Kjøttbollar og burger, bacon og spekemat vil me også få plass til. Det har diverre ikkje vore tilgang på rein til denne marknaden, me vonar å kome attende til dette seinare.

Me vonar mange av dykk har høve til å ta turen innom for triveleg prat og god handel på laurdag!

Med von om smakelege opplevingar...


Beste helsing
Kristine og Odd, Haugen Gardsmat

Marknadshausten er i gang - vi byrjar med Bergen Matfestival

Hei alle saman!

bergen-matfestival-haugen-gardsmat.jpg

Då er me klar for ny marknadshaust og startar med Bergen Matfestival allereie førstkomande fredag, laurdag og sundag.

Festivalen er på Koengen, og i år er det felles inngang både til matfest og ølfest.

Sjekk meir på www.matfest.no 

Det neste på lista er Matstreif i Oslo 22. og 23.september.

Info på www.matstreif.no 

Det kjennest som om sommaren på eit eller anna vis berre har stroke umerka forbi i år. Men når me byrjar å sjå på kva som har skjedd er månadene juni, juli og august ganske så innhaldsrike!

Me leverer som kjend til hotell og restaurantar, og lokalt er det i år igjen sett rekordar for vitjing til bygda. Dette merkar me også på bestillingane. Me har levert jamt og trutt til Adams Matkasse denne sommaren, om ikkje alltid dei vanlege produkta.

Samarbeidet med Lærdal Grønt er svært positivt og distribusjonsprosjektet går sin gang.

Me var med på Aurlandsmarknaden også i år i samarbeid med Fretheim Hotell, det er alltid kjekt.

Vidare har me arbeidd intenst for å få på plass ei løysing for viltmottak på Håbakken i Lærdal som er rigga for å ta imot det store uttaket denne hausten frå kommunane kring oss. Her er me enno ikkje i mål, men arbeider på spreng for at det praktiske kjem på plass og at myndigheiter og andre bidragsytarar fyl opp med sine delar av avtalane.

Me reknar med at det er kortaste tiden att no før me er operative.

Reinsjakta starta allereie 10.august i år, og me er så heldig å ha med fersk rein til Bergen denne gongen. 

Me kjem til Bergen med det me har av fersk lam, rein og storfe. Spekemat og bacon er naturlegvis med, det same gjeld kjøttbollane. 

Litt burger på wok'en vert det også å få kjøpt.

Me er i år plassert litt annleis enn føregåande år, og har no fått plass A1 som ligg rett til høgre for Restaurantteltet i midten av festivalområdet (sett frå hovudinngangen). Me er med andre ord i same teltrekkje, men denne gongen i fyrste enden, ikkje i nederste enden som dei føregåande to åra. 

Elles har me fått ny nettside og nyttar eit anna program for utsending av nyheitsbrev. Me kryssar fingrane for at alt fungerer som planlagt!

Då vonar me å sjåast!


Kristine og Odd

Haugen Gardsmat

 

 

Bondens Marked - datoar for hausten

Me er klare for Bondens Marked! Kjem du?

Me er klare for Bondens Marked! Kjem du?

Heisann!

Då er datoane for Bondens Marked klare.

denne sida med kalendar finn du oversikt over når vi deltek på Bondens marked i Oslo og Bergen.

Kva produkt vi stiller med er styrt utifrå sesong, som vanleg. På denne sida kan du lese litt meir om produkta vi lagar i haustsesongen.

Sjå gjerne meir detaljert om opningstider og stad på nettsidene til Bondens Marked.

Vil du ha nyheitsbrev frå oss?

Den enklaste måten å halde deg oppdatert om Bondens Marked og våre produkt er ved å motta våre nyheitsbrev, som vi sender ut i forkant av marknadane. 
Meld deg på nyheitsbrevet til Haugen Gardsmat her.

Vonar mange av dykk har høve til å ta turen innom for triveleg prat og god handel.

Med von om smakelege opplevingar


Beste helsing

Kristine og Odd Haugen Gardsmat

Cart (0)