Klare til Bondens Marked denne helga (14.okt)

Hei!

Marknad i september.jpg

No går det fort i svingane her!

Førre veke leverte me storfekarbonader, og denne veka leverte me viltkarbonader til Adams Matkasse. Dette er den største einskildleveringa i vår bedrift si historie!

Alle har stått på for at dette skulle kome i hamn, og det var med glede me såg at me rakk fristen og transporten med god margin takka vere gode medarbeidarar med stå-på-vilje og engasjement.
 

Bollar og karbonadar til spesielt gunstig pris

Me har sjølvsagt spart litt til dykk også, og sel denne helga både bollar og karbonadar til spesielt gunstig pris. Grunnen er at me endeleg ser ut til å få klarsignal for å kunna nytte dei nye produktspesifikke etikettane som skal ut i butikk.

No er me godt i gang med pakking til marknad og gler oss til å treffe dykk alle.

Odd og Jon kjem på marknaden på Valkyrieplass i Oslo. Egil, Morven og Kristine stiller på Vågsalmenningen i Bergen.

Bondens Marked i Bergen har måtta flytte frå Fisketorget til Vågsalmenning grunna arbeid på plassen. Kor lenge dette kjem til å vare er usikkert, men truleg inn i 2018.


Hausten er høgsesong

Me prioriterer å ha med oss fersk lam og hjort, i tillegg til bollar, karbonader, bacon og spekemat. Det har gått unna med reinskjøtet, og denne gongen kan me diverre ikkje ta med oss mykje meir enn det som er bestilt på førehand.


Bestill på nettsida - hente på marknaden

Takk for at de nyttar skjema frå nettsida www.haugengardsmat.no/bestillingsskjema

Me ynskjer alle ein god kveld og retteleg fin helg med litt jaktfoto frå vår siste jakt-tur i Aurland/Lærdalsfjell:

 

 

Med von om smakelege opplevingar….

Kristine og Odd

Haugen Gardsmat

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Cart (0)