Marknadshausten er i gang - vi byrjar med Bergen Matfestival

Hei alle saman!

bergen-matfestival-haugen-gardsmat.jpg

Då er me klar for ny marknadshaust og startar med Bergen Matfestival allereie førstkomande fredag, laurdag og sundag.

Festivalen er på Koengen, og i år er det felles inngang både til matfest og ølfest.

Sjekk meir på www.matfest.no 

Det neste på lista er Matstreif i Oslo 22. og 23.september.

Info på www.matstreif.no 

Det kjennest som om sommaren på eit eller anna vis berre har stroke umerka forbi i år. Men når me byrjar å sjå på kva som har skjedd er månadene juni, juli og august ganske så innhaldsrike!

Me leverer som kjend til hotell og restaurantar, og lokalt er det i år igjen sett rekordar for vitjing til bygda. Dette merkar me også på bestillingane. Me har levert jamt og trutt til Adams Matkasse denne sommaren, om ikkje alltid dei vanlege produkta.

Samarbeidet med Lærdal Grønt er svært positivt og distribusjonsprosjektet går sin gang.

Me var med på Aurlandsmarknaden også i år i samarbeid med Fretheim Hotell, det er alltid kjekt.

Vidare har me arbeidd intenst for å få på plass ei løysing for viltmottak på Håbakken i Lærdal som er rigga for å ta imot det store uttaket denne hausten frå kommunane kring oss. Her er me enno ikkje i mål, men arbeider på spreng for at det praktiske kjem på plass og at myndigheiter og andre bidragsytarar fyl opp med sine delar av avtalane.

Me reknar med at det er kortaste tiden att no før me er operative.

Reinsjakta starta allereie 10.august i år, og me er så heldig å ha med fersk rein til Bergen denne gongen. 

Me kjem til Bergen med det me har av fersk lam, rein og storfe. Spekemat og bacon er naturlegvis med, det same gjeld kjøttbollane. 

Litt burger på wok'en vert det også å få kjøpt.

Me er i år plassert litt annleis enn føregåande år, og har no fått plass A1 som ligg rett til høgre for Restaurantteltet i midten av festivalområdet (sett frå hovudinngangen). Me er med andre ord i same teltrekkje, men denne gongen i fyrste enden, ikkje i nederste enden som dei føregåande to åra. 

Elles har me fått ny nettside og nyttar eit anna program for utsending av nyheitsbrev. Me kryssar fingrane for at alt fungerer som planlagt!

Då vonar me å sjåast!


Kristine og Odd

Haugen Gardsmat

 

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Cart (0)