Bondens Marked: Matstreif 22-23.sept og Botanisk Hage 24.sept.

Då er det fullt kjør i produksjonen, og me skal sakte men sikkert gjere oss klar til Oslo-tur til helga. Det er tid for Matstreif fredag og laurdag på Rådhusplassen, og så vert det Bondens Marknad i Botanisk Hage sundag.

Sidan me var i Bergen på Matfestivalen, har me hatt travle veker med skjering av lam og levering av ordre. Me skal ha med oss fersk lam: Fårikålkjøtt, salta lammebog, lammeklubbe, lammesteik, skank, mørbrad, flatbiff, ytrefilet og indrefilet.

Odd på veg opp til Eitra. Søndag 17/9

Odd på veg opp til Eitra. Søndag 17/9

Men helgene har vore prioritert nytta i fjellet.

Haustfargane er byrja å kome, og med fine været førre helg kunne me nyte fantastiske dagar i høgfjellet.

Det har både vorte reinsjakt og hjortejakt i perioden.

Dette speglar også utvalet me tek med oss til Oslo:

Av fersk rein og hjort tek me med oss alt me kan av biffar og filetar, mørbrad og steik.

Litt kjøttbollar, karbonade og bacon vert det også plass til, sjølv om mogelegheitene for lagring i Oslo er begrensa denne gongen.

Me tek med wok og steiker burgere på stand.

Ynskjer du å bestille kan du gjere det her: www.haugengardsmat.no/bestillingsskjema 

Gode oppskrifter på matprat! Blant anna denne på lam: http://matpratopplysneggkjtt.cmail19.com/t/ViewEmail/y/705E775946EE840F/7AF742F3ED514334CE63909E3969C05F 

 

Med von om smakelege opplevingar…

Kristine og Odd

Haugen Gardsmat  

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway