Haust

Om hausten kjem sau og lam ned frå fjellet og me er stolte av å kunna levera lam frå vår region. Som ivrige jegarar er me mykje i fjellet for å sjå etter rein og hjort. Haugen Gardsmat skjer ned rein og hjort frå godkjende slakt lokalt. Dette gjev flotte produkt både til kvardag og fest.

Produkt med fokus:

Lammekjøt frå lam rett frå fjellbeite

  • Lammeklubbe (utbeina lammebog som steik, urtekrydra, ferdig til steikeovnen)
  • Lammesteik
  • Fårikålkjøt (skiva nakke og bog)
  • Ytre og indrefileter
  • Lammeskank

Reinsdyrkjøt og hjortekjøt

  • Lårsteik
  • Bogsteik
  • Sider, steikast heil i ovn, kan også nyttast som pinnekjøt for den meir eksperimentelle
  • Entrecote
  • Mørbrad
  • Flatbiff
  • Ytre og indrefilet
  • Skank
Cart (0)