Sommar, sol og PopUp på Otternes!

Sommar, sol og PopUp på Otternes!

No er finværet på plass og kokkane er i full gang med førebuingane til helgas PopUp.
Me gler oss til grøn, lokal og berekraftig mat kyndig levert av Raymond og teamet frå Kulturhuset i Bergen!
Alltid spanande å sjå, smake og nyte rettane som tryllast fram med råvarer frå Haugen gardsmat og andre lokale leverandørar.
Denne helga nyttar dei både vill hjort, lokalt kje og Sognalam frå oss.

Alltid spanan-de…

.. å sjå, smake og nyte rettane dei tryllar fram

Med viner frå eigen vinkjellar, handplukka av dei beste vert opplevinga komplett

Me oppmodar alle til å ta turen til popup’en på Otternes Bygdetun anten på dagen til piknik, eller til ei restaurantoppleving heilt utanom det vanlege!

Popup Otternes held fram til og med fyrste helga i september med nye kokketeam kvar veke. Det er ledige plassar i helgane som kjem, og skulle du ha lyst å ta turen vert det spesialpris (10% rabatt) på 7-10 rettaren for våre trofaste lesarar av nyheitsbrev 😊

For ein stad, og for ei glede! -alltid godt å kome dit!

Sjå gjerne filmen om prosjektet https://vimeo.com/677624061 passord: popup

Bestilling til popup’en kan gjerast på nettsida www.popupnorge.com eller ved å ringe Jannet på 47643848
Me gler oss og vonar å sjå deg på Otternes 😊

Med von om smaklege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen

Vårteikn

Tunet i dag

Regn, vind og åtte grader ute. Fossane veks og elva stig, men graset sprutar opp og dalsidene vert grøne, herleg!

Sikre vårteikn og lovnader om fint vær til 17.mai.
Dette vert bra!

Plutseleg vaknar ‘alt’ rundt oss.
Reiselivet merkar stor pågang, restaurantar har fulle hus, det har vore fleire cruiseanløp, Flåmsbana har fleire reisande og sentrum livnar til.  
Det betyr at også me i Haugen må henge i for å kunna levere det kjøkkensjefane etterspør og vil setje på menyane sine. Ei stor glede -og svært travelt

Det har vorte mindre marknader og reko for vår del som fylgje av dette og det er me lei oss for, men det er berre slik at døgnet ikkje alltid har nok timar eller veka nok dagar.

Det vert marknader denne helga. Sidan det ikkje er Bondens Marknad i Bergen, har me gjort avtale med Kolonialen slik at de finn ein del av våre varer her. Til dømes kjè.

I aust er det marknad på Vinkelplassen i morgon fredag, på Lillestrøm torg laurdag og i Botanisk Hage sundag. Odd og Kevin er snart klappa og klar til turen over fjellet med formaning om å ta det med ro -sommardekk er ikkje ideelt sjølv mot midten av mai!

I kjølebilen er det både grillmat, spekemat og kvardagsmiddagar. Me vil spesielt framheve kje og kjøttfulle grillnein denne gongen og vonar mange vil setje pris på dette.
Elles har me med biffburgerar av storfè og Grove gode Hjorteburgerar for grillen.

 

Så, ha ein fin ettermiddag, ein super helg og ein strålande 17.mai alle saman!
Med von om smakelege opplevingar frå alle i Haugen

Marknader før påske

Hallingskarvet

Hei alle saman
Her i Haugen går det mot vår i bygda, sjølv om låge temperaturar gjer at det grøne ikkje har overteke endå. I fjellet er det framleis godt med snø, og me har ei fin tid føre oss med gleda av vinter og ski i fjellet og vårsyslar på garden. «Vårvinter» ei ei fantastisk tid!

I produksjonen har me gjort klart varer me kan ha med oss på marknadene no før påskehøgtida.
Det er varer til pålegg, grill og høgtid, lette måltid og snacks til lange utedagar og kvardagar.

LAM
Lammemørbrad og lammeskank
Pinnekjøtt og pinnebog
Ljøsdalskorv og lammerull
Fenalår  og anna spekemat

HJORT
Indrefilet av hjort
Grytekjøtt, både med og utan bein av hjort
Hjortegryte med bacon
Hjortekjøttdeig
Hjorteburger til grillen

SVIN OG STORFE
Kjøttfulle Grillbein av svin og storfeburger til grillen
Sognalapskaus
Gards paté -Ein del som har venta på den!

Då pakkar me så mykje som mogeleg for å setje nasen austover denne helga og vestover den neste.

Det er marknad på Vinkelplassen i morgon laurdag 2.april og Vinslottet på Hasle sundag 3.april
Neste laurdag, den 9. er det marknad på Fisketorget i Bergen

Me ynskjer dykk alle ei retteleg god helg frå eit strålande kaldt og klart vårvær i Flåm og vonar me sjåast på marknad 😊

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

God jul alle saman!

Vinter i Flåmsdalen

Familie og vener er viktig, og i julehøgtida skal me ha merksemda på dei rundt oss.
Julefreden skal senke seg både i heimen og på nett.
Men fyrst:
Berre ei påminning om at pinnakjøtet skal i vatn og ligge i eit kar som rommar rikeleg med vatn ca. 16 timar og så dampast i 3 til 3,5. Sjølve nyttar me mandelpotet frå Lærdal i botn av panna, dekkjer så vidt med vatn og let det dampe sakte men sikkert. Ljøsdalskorv dampast på toppen siste halvtimen og kvilast på benken før ein serverer.
Så spreier lukta av jul seg i huset -himmelsk!

Svineribbe nyttar me i Haugen i romjula. Me har stor sans for gladkokken og oppskrifta han har på YouTube Den har me nytta dette til både ribbe og fleskesteik (kam). Om du ikkje har spesielle eigne familie-preferansar anbefaler me denne på det sterkaste.

GOD JUL TIL DYKK ALLE!
Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Siste innspurt før jul

I Haugen førebur me oss no til dei siste marknadene og reko før jul.
Det er alltid ein kabal som skal gå opp, men me har fått det til i år også!

Vår fantastiske nevø Kevin reiser inn på reko i Åsane og Fyllingsdalen på torsdag.
Han får med seg «minstemann» Jon på Bondens Marknad i Bergen laurdag og sundag.
Til Bondens Marknad i Oslo vert det Odd og Kristine som kjem. Fyrst torsdag til laurdag på Vinkelplassen, og så ei flott avslutning på Bærums Verk siste sundag i advent

Til marknadene vert det med pinnekjøtt og pinnesteik, fenalår, ljøsdalskorv, lammerull og sylte. Me har fersk rein, hjort og noko svin. Svineribbe er diverre stort sett oppbestilt, men me har alltid ein liten buffer ‘i tilfelle,’ og dette tek me med no til siste helga.


Det er framleis ei tid før me er inne i sjølve høgtida, og me tek med lette middagar med Sognalapskaus og Hjortegryte med bacon. Dette veit me mange set pris på i ein travel kvardag.

Listene med julebestillingar er sluttførte, og det pakkast no til kvar og ein.
Me kan diverre ikkje ta imot fleire bestillingar no, men me har det meste i disken, så me vonar å sjå dykk på marknadene!

(Bilete med løyve frå frå matprat.no)
I Flåm har temperaturen bikka på pluss att, og kakelinna vitjar oss også i år.
Istappane som fell ned i ura frå Hildaberg over Haugen skapar bulder og brak, og isen sveller opp på alle vegar. Akkurat no kan det sjå ut som me må førebu oss på jul utan snø i bygda. Men jul vert det!
Me gler oss til at familien samlast og me kan vera saman.

 

Med von om ei triveleg førjulstid..
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

JULA nærmar seg raskt -kva gjer me?

Jon i aksjon i Bergen

Marknad, restriksjonar og bestillingar.
Alltid travelt i Haugen 😊

Alle utandørs marknader gjennomførast.
Med munnbind og avstand, er det svært trygt å kome til oss og me gjer det me kan for å legge forholda til rette :)

Komande helg finn de oss på Havrommet i Bergen både laurdag og sundag, på Kolbotn laurdag og Bærums Verk sundag.

Neste veke vert me på Vinkelplassen torsdag 16.- laurdag 18., og på Bærums Verk søndag 19.12

I tillegg til Havrommet i Bergen både laurdag og søndag (18-19 des)


Me skulle ha vore i kantina til LMD i regjeringskvartalet i morgon fredag, men dette markedet er diverre avlyst. Dette har vore ei svært viktig marknad for oss, og me må innrømme at hjarta sank litt då me skjøna at dette ikkje lot seg gjennomføre. Vonaleg vil dei av dykk som hadde planlagt med handel i R5 kunna møta oss på ein av dei andre stadane i Oslo.
MEN: Me går på, med krum nakke, stiller på marknadene, og tek med oss bestillingane mange har lagt inn på sidene våre eller på bondens marknad sin bestillingsportal.

Me tek med oss pinnekjøtt, pinebog og pinnesteik, julepålegg, fenalår og kokelår.
Svineribbe og medisterkaker, så mykje som mogeleg. Mange set pris på vill hjort. Steik, filet tek me med oss både aust og vest.

I går var me på fjellet og henta rein, noko som er eit eventyr i seg sjølv. Dei heng til modning no og vert med siste helg før jul.

Ta vare på kvarandre!

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Adventstid, julemarknader og andre gjeremål for å verte klar :)

God kveld alle saman :)

Det er fyr i omnen og eit kvitt teppe har lagt seg over fjellsidene og dalen -vakkert!
Av og til er det viktig å stoppe opp og gled seg over tida, her og no :)

I produksjonen er me greitt i rute, og planen er klar for adventstida. Ikkje rom for mykje sprell, men alt vel, me har det travelt og trivst med det.

Nytt i år er at me skal delta på julemarkedet i Fana komande torsdag, fredag og laurdag. Det vert spanande!
Her er det den yngre garde som styrer, mens Odd og eg som vanleg fer austover. Morfar Egil og nevø Vetle styrer marknaden på Havrommet laurdagen -eg trur dei gler seg skikkeleg!

Det største problemet no er at me ikkje har nok av alle julevarer til å møte etterspurnaden på julemat frå Haugen.
Svineribba flyg ut, og det er diverre ikkje mogeleg å legge inn bestilling på dette lenger.
Har du bestilt, er alt i orden!
Me har ein liten “buffer”, og den sel me ut siste helg.

Pinnekjøtt og andre varer som hjort og rein kan du fortsatt legge inn bestilling på i julebutikken eller handle på marknadene :)

Me ynskjer alle ei god adventstid, vonar me sjåast på marknader i tida framover!


Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Skikkeleg haustvær!

Vinden tek tak i husa, men me pakkar ufortrødent vidare både på hjortegryta og varer til marknad for å freiste å kome oss over fjellet for å stille på Vinkelplassen på Majorstua på laurdag og Botanisk Hage på sundag.

Været gjenspeglar stemninga som har lege over Haugen den siste tida.

Me har teke eit siste farvel med mor til Odd, ei sterk og engasjert dame som etter lang tids demens og eit kort sjukeleie ikkje lenger er blant oss.

Livet går vidare, og var det ei som ville at me skulle stå på, så var det ho!

Kristine og Kevin kjøyrer over fjellet og stiller på marknadane både laurdag og sundag.

Laurdag vert også det nye produktet: Hjortegryte lansert i lokale Coop butikkar.

Odd skal vera med Coop Nordvest og stiller på demo i Sogndal i morgon, først på Coop Extra på Sjøkanten og seinare med smaksprøvar oppe på Fosshaugane stadion der Sogndal skal ha heimekamp. Hjortegryta som er laga på same «lest» som lapskausen vår. Skeive grønnsaker som ikkje passar i butikk. Bærekraft i praksis 😊

Gryta er sjølvsagt og med på marknadane no og framover.

På marknadane framover er det fokus på julevarer, både pålegg, pinnekjøtt og svineribbe frå grisene våre i tillegg til hjort, lam og andre meir kvardagsprodukt som Sognalapskaus.

Mange har venta på at fenalåra skal verte klare, og det er dei no. Me tek difor med oss ein del både no til helga og helgane seinare

Me vonar me ser mage av dykk til helga, og vil ynskje alle ei retteleg god helg.

Ta vare på kvarandre!

Med von om smakelege opplevingar…

Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Cart (0)