Siste innspurt før jul

I Haugen førebur me oss no til dei siste marknadene og reko før jul.
Det er alltid ein kabal som skal gå opp, men me har fått det til i år også!

Vår fantastiske nevø Kevin reiser inn på reko i Åsane og Fyllingsdalen på torsdag.
Han får med seg «minstemann» Jon på Bondens Marknad i Bergen laurdag og sundag.
Til Bondens Marknad i Oslo vert det Odd og Kristine som kjem. Fyrst torsdag til laurdag på Vinkelplassen, og så ei flott avslutning på Bærums Verk siste sundag i advent

Til marknadene vert det med pinnekjøtt og pinnesteik, fenalår, ljøsdalskorv, lammerull og sylte. Me har fersk rein, hjort og noko svin. Svineribbe er diverre stort sett oppbestilt, men me har alltid ein liten buffer ‘i tilfelle,’ og dette tek me med no til siste helga.


Det er framleis ei tid før me er inne i sjølve høgtida, og me tek med lette middagar med Sognalapskaus og Hjortegryte med bacon. Dette veit me mange set pris på i ein travel kvardag.

Listene med julebestillingar er sluttførte, og det pakkast no til kvar og ein.
Me kan diverre ikkje ta imot fleire bestillingar no, men me har det meste i disken, så me vonar å sjå dykk på marknadene!

(Bilete med løyve frå frå matprat.no)
I Flåm har temperaturen bikka på pluss att, og kakelinna vitjar oss også i år.
Istappane som fell ned i ura frå Hildaberg over Haugen skapar bulder og brak, og isen sveller opp på alle vegar. Akkurat no kan det sjå ut som me må førebu oss på jul utan snø i bygda. Men jul vert det!
Me gler oss til at familien samlast og me kan vera saman.

 

Med von om ei triveleg førjulstid..
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Cart (0)