Bondens Marked på Vinkelplassen i Oslo denne helga, Bergen neste!

Då er marknad-sesongen godt i gang for oss i Haugen og denne helga er det Oslo som står for tur.
Det er Bondens Marknad på Vinkelplassen i morgon fredag og laurdag.

Her vest har me hatt ein travel, tørr og varm sommar og tidleg haust. No trommar regndropane på taket og me er glad for at svært tørt beiteland, slåttemark, elv og fossefall etter kvart vil få meir vatn.

Ein del av Sognalamma er komen heim frå høgfjellet og dei neste vekene vil sank og ettersank vera fokus hjå sauebøndene i regionen. Me er heldig som kan ta med av det fantastiske og kjøttfulle lammet til marknadene i vekene som kjem.


Hjortejakta er godt i gang og me har som viltmottak det travelt i modningsrom og nedskjæring. Stykningsdelar av vill jakta hjort vil også vera med på til marknad i Oslo og Bergen.

Grisene veks og trivest i Haugen, og det skal dei få gjere ei heil tid endå.
Dagar dei får litt ekstra i form av for eksempel nedfallseple er storveges.
Ein fryd å høyre knaskinga 😊

Det har vore fullt liv på tunet gjennom sommaren og tidleg haust. Med fire+ aktive ungdommar i hus (eigne og «lånte»), kokkane på Otternes i kårhuset og andre vitjande, har det gått i ett her i Haugen.
Likevel har vorte tid til nokre turar på jakt både i reinsfjellet og i hjorteli.
For oss er dette rekreasjon, samhald og påfyll av energi.
Ei god opplading til ein travel haustsesong.

Bratt lia typisk hjorteterreng!

Bratt lia typisk hjorteterreng!

Det vil verte nokre færre turar austover enn vanleg slik det ser ut no, men Haugen Gardsmat vil likevel delta på minst 20 marknadsdagar totalt sett denne hausten. Turane til austlandet er det mest praktisk at Odd og eg tek sjølv, mens «ungane», Jon og Kevin er sjefar i Bergen -kanskje morfar Egil også trør til ein gong i blant.
Oppdatert liste på kva marknader me deltek på finn de her.

Me ynskjer dykk alle ei god helg, og vonar me sjåast på marknadene utover hausten!

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Sognalam på veg heim frå høgfjellet

Sognalam på veg heim frå høgfjellet

VÅR, pinse, familie, grill og Bondens Marked!

“Fantastiske nyheter” var overskriften på informasjon fra Bondens Marked Bergen i dag.
Det kan arrangeres Bondens Marked i tida framover.
Dette er godt nytt for alle som er glad i å møte oss produsenter, slå av en prat og handle direkte fra det flotte utbudet på marknaden!
Me i Haugen jobber med å få kabalen til å gå opp og vil oppdatere så snart me har planen klar!

Elles?
Våren er definitivt komen!
Sau og lam er på veg til fjells, og i tunet arbeider me med å få rydde hage og sjå kva som har overlevd den kalde perioden i vinter.
Slik er det her hjå oss, me må finne oss i litt ‘tap’ etter tøffe vintre.

tunet3.jpg

I pinsa vert det fokus på familien.
Grillen har allereie vore i bruk ei heil tid, og vert nok flittig brukt også denne helga.
Mens nokon har fokus på tunet, er andre på dugnad for å rette på ei bru på stølsvegen til ein av våre gode naboar. Alltid kjekt!

Elles er me svært positive med tanke på sommarsesongen!
Me er heldige som skal få vera med på PopUp Otternes i sommar.
Det vert spanande og kjekt! Det at kokkane skal bu her i tunet hjå oss er ekstra triveleg, og me skal gjere det me kan for at dei skal få eit fint opphald her i Flåm, verte kjend med området, lokalmatprodusentane og mogelegheitene me har i regionen.
Kanskje me ser deg der i sommar?
Dei kjøttfulle grillbeina våre som er tørrmainert og sous vide-behandla er komen ut i butikk, og fleire og fleire kjem til.
Reiselivet har trua på ein god sesong, og me leverer stadig meir til hotell og restaurantar i nærområdet.

Me dette ynskjer me alle ei fin helg, og vonar å sjåast om ikkje så lenge!
Med venleg helsing
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Lengt etter vår

Hei og hopp alle.

Då er mai månad snart over oss, og våren er absolutt på gang. Været her i Flåm dei siste dagane har vore nydeleg, om enn litt kaldt. Vonaleg kjem dette seg og, i dagane frametter. Det treng me, skal det verta fart i alle vekstar. Lamminga er no i full gang i Sogn som så mange andre stader. Gode kollegaer som no er i gang med vårens vakraste eventyr vil snart ha behov for å få sleppa sauer og lam ut på beite. Press på plassen i fjøsen er alltid utfordrande, og i tillegg er det ingen ting som kan konkurrera med årets første ferske gras. Tidleg utslepp dannar grunnlag for flotte lam til hausten. Døgnteperaturar over 4 grader er det som no skal til, til beste for både folk og fè 😊

 

Komande veke skal me delta på Reko-ringar både i aust og vest.

Ved lista over rekoringane under vil de finna lenke til annonsa vår under dei ulike rekoringane. Her vil det vera mogeleg å klikka seg rett inn i «feeden», og legga inn bestilling dersom ein skulle ynskja det 😊

Alle tilgjengelege produkt vil vera lista i annonsa.

Vonar me vil treffa mange av dykk 😊

 

Tysdag 27.04:

 Reko-ringen Bergen Sentrum  ( Kl 17-17.30) https://www.facebook.com/groups/229566011437134/permalink/459278021799264

 

Reko-ringen Fana (Kl 1815-1845)

https://www.facebook.com/groups/2377478842509796/permalink/2869280566662952

 

Reko-ringen Os (kl 1945-2015)

https://www.facebook.com/groups/726457147718063/permalink/1359838787713226

 

Onsdag 28.04:

Rekoringen Sandvika ( kl 1945-2015)

https://www.facebook.com/groups/REKOSANDVIKA/permalink/738181153545704/

 

Bondens Marked Utlevering Vinkelplassen Majorstuen (kl 15-16)

Her må ein logga seg inn i portalen til Bondens marknad, for å kunna legga inn bestilling.

https://bestilling.bondensmarked.no/marked/vinkelplassen-majorstuen/

             

Onsdag 12 Mai

Bondens Marknad Utlevering, Vinkelplassen Majorstuen (15-16)

https://bestilling.bondensmarked.no/marked/vinkelplassen-majorstuen/

 

Bondens utlevering Asker (kl 1645-1730)

https://www.facebook.com/groups/2765450503550299/search/?q=odd%20lothe%20ohnstad

Med von smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

 

Påskemat frå Haugen til påske -korleis? 🐣💛

Me snur oss rundt og nyttar dei kanalane me har tilgjengeleg etter nye strengare reglar og ingen marknader verken aust eller vest.
Men, du kan bestille varer frå oss til utlevering på reko i tillegg til Bondens Marked sin bestillingsportal i Oslo sentrum.
Følg lenkja utlevering nærmast deg, så pakkar me klart og kjem med bestillinga di!

Utleveringar i Vest:
ÅSANE, utlevering i morgon torsdag 24.mars (Bestillingsfrist i dag!)
https://www.facebook.com/groups/rekobergenikea/permalink/2863057207266118/

FYLLINGSDALEN, utlevering i morgon torsdag 24.mars (Bestillingsfrist i dag!)
https://www.facebook.com/groups/rekobergen/permalink/2555776341392994/

BERGEN SENTRUM (Havrommet), utlevering tysdag 30.mars (Bestillingsfrist måndag 29.mars) https://www.facebook.com/groups/229566011437134/permalink/442319430161790/

FANA, utlevering tysdag 30.mars (Bestillingsfrist måndag 29.mars) https://www.facebook.com/groups/2377478842509796/permalink/2847274002196942/

OS, utlevering tysdag 30.mars (Bestillingsfrist måndag 29.mars) https://www.facebook.com/groups/726457147718063/permalink/1339821799714925/

Utleveringar i Aust:

SANDVIKA, utlevering onsdag 31.mars (Bestillingsfrist måndag 29.mars) https://www.facebook.com/groups/REKOSANDVIKA/permalink/722126425151177/

BONDENS MARKED VINKELPLASSEN, utlevering onsdag 31.mars (Bestillingsfrist måndag 29.mars) https://bestilling.bondensmarked.no/marked/vinkelplassen-majorstuen/?p=haugen-gardsmat

BONDENS MARKED BIRKELUNDEN, utlevering onsdag 31.mars (Bestllingsfrist måndag 29.mars) https://bestilling.bondensmarked.no/marked/birkelunden/?p=haugen-gardsmat

Me gler oss til å sjå dykk att, til dess:

Ta vare på kvarandre 💛
Med venleg helsing Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Noko nytt?

Hei alle saman

At verda er usikker, at det er vanskeleg å planlegge er absolutt ikkje nytt, så kva er nytt?
* Sola er tilbake på tunet
* Me er på veg inn i årstida me kan kalle «vårvinter» med snøtunge fjell og førebuing til vår i bygda.
* Vedstabelen veks i staden for å minke
* Me har hatt ein arbeidsøkt saman Christer Økland og Malene, meisterkokk og lærling frå Fjordtind, og med det kome eit skritt nærmare i utviklinga av ei hjortegryte som skal vera klar til hausten.
* Me har testa ut speka produkt av hjort, dei er i prosess, men det ser lovande ut!

Speka hjort.jpg

Speka hjort

PÅSKA er ikkje langt unna og me skulle sjølvsagt møtt dykk alle på marknader, når det ikkje er mogeleg, er det viktig å fokusere på det me kan gjere:

💛🐣 UTLEVERINGAR på REKO eller gjennom Bondens Marknad sin bestillingskanal 🐣💛

Så, me i Haugen kjem så langt som råd til å prøve å organisere oss slik at me kan tilby påskepakkar både i aust og vest.

De vil finne oss på Reko-ringane i Åsane og Fyllingsdalen i Bergen torsdag 25.mars og i Sentrum, Fana og Os tysdag 30.mars.
Me kjem til å vera med på utlevering i Oslo sentrum, bestilling gjennom portalen til Bondens Marked.
Dette kan me kombinere med Reko i Sandvika.
Desse utleveringane skjer onsdag 31.mars.
Bestiller de direkte til oss, må de nytte e-post adressa bestilling@haugengardsmat.no

Så, kva kan bestillast denne gongen?

LITEN PÅSKEPAKKE, 2 pers. fast pris kr. 700,00 🐣🐣💛💛
Lammemørbrad ca. 400 g
Ytrefilet av villhjort ca. 400 g
Grytekjøt av villhjort 500 g
Lammerull til pålegg ca. 350 g

STOR PÅSKE-PAKKE, 4-5 pers. fast pris kr. 1400,00 🐣🐣🐣🐣💛💛💛💛
Lammesteik ca. 1 kg pr. stk
Ytrefilet av hjort ca. 800 g
Grytekjøt av villhjort (1 kg)
Lammerull til pålegg ca. 350 g

HJORT
GRYTEKJØTT AV VILL HJORT PÅ BEIN, ossobuco av hjort
(5 kg) kr. 650,00
GRYTEKJØTT AV VILL HJORT UTAN BEIN (5 x 500 g) kr. 600,00
KJØTTDEIG Vill-hjort (400 grams pakningar) Tilbod: 5 pk. Kr. 360,00
Reint kverna hjortekjøtt, ikkje blanda med noko

HJORTEBURGER 180g, med svinefett frå frittgåande utegris 10 stk kr. 400,00

Ossobocco.jpg

Osso Bucco av hjort

STORFE (Vestlandsk Fjordfe frå Aurland)
KJØTTKAKER AV STORFE
, 2x 1 kg kr. 400,00 (91%kjøttandel, kraft, potetmjøl og krydder)
KJØTTBOLLAR AV STORFE, 5 kg singelfrys kr. 500,00 (87% kjøttandel, kraft, potetmjøl og krydder)
STORFEBURGER 150 g, 10 stk. kr. 300,00

 SOGNALAPSKAUS 3 pk a 900g kr. 210,00

LAMMESKANK av bog kr. 150 pr.kg (1 stk. ca. 300-350 g)
LAMMESKANK, salta og røykt kr. 190 pr.kg (1 stk. ca. 400-500 g)

HAKKASTEIK 3 x 450g  kr. 150,00

(Tradisjonsprodukt med salta og røykt fårekjøtt, svinekjøtt, byggryn og kraft. Skjerast i skiver og steikast på steikepanna. Serverast gjerne med potet og rotgrønnsaker, eller på skive med løk og speilegg)

FENALÅR ca. 1,6 kg kr. 339,00 pr.kg (ca. kr. 550,00 pr. stk.) Fenalår betalast med  Vipps når me møtast.   

Christer Økland viltgryte.jpg

Prosjekt

Christer og Odd i aksjon

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av gjengen i Haugen

Sol?

Utsikten frå Fjordsenteret

Utsikten frå Fjordsenteret

Det er så utruleg fint ute no!
Sol på fjella, kaldt og klart.
Men, det er ikkje fritt for at me gler oss til me får sola inn på tunet att om ikkje alt for lenge!
Då slepp me det me har i hendene, så sant det er mogeleg, og nyt dei minuttane ho er her.

Godt me har kort veg til større høgder og «meir himmel»!
Som dei fleste andre i bygda, gler me oss over gode forhold i fjellet, og har mål om å finne sola i morgon :)

Elles er det i Haugen som for så mange andre: Teams, Skype, Zoom og eg veit ikkje kva. Me har fått fagleg påfyll frå Bondens Marknad, innføring i ulike andre fagemner frå andre samarbeidspartnarar, og fått delteke på Bondens Marknad Bergen sitt årsmøte.

Det betyr at marknadsplan for våren er spikra i Bergen, og me planlegg deltaking for vår del laurdag 27.mars.

Når det gjeld deltaking i Oslo er dette framleis uklart for vår del. Mykje avhenger av smittesituasjon og restriksjonar.
Men, me vonar at me skal vera på plass i Oslo ihverfall ein gong før påske!

God helg alle saman!

Helsing Kristine, Odd og resten av familien i Haugen :)

Det tek me i januar :)

Me ser fram til eit 2021 med nye mål og nye utfordringar!

Me ser fram til eit 2021 med nye mål og nye utfordringar!

Hei alle saman!

2021 -nesten blanke ark og fargepaletten klar :)
Vel, her i Haugen er det klart ein del ting me har utsett som må takast, men utover det: Gode utsikter og høg forventning til 2021 !
Me gler oss til å ta fatt på utfordringar som ligg foran oss.
Det er kotyme å oppsummere året som har gått, og det som sit att hjå oss er: Me er takksame for all støtte, alle tilbakemeldingar og alle me har møtt gjennom året. De er heilt fantastiske, og det gjev oss pågangsmot og ny giv etter ei svært travel juleinnspurt.

Me ynskjer alle ei retteleg flott januar og satsar på sol i fjellheimen og lys på tunet!

Med von om smakelege opplevingar inn i 2021...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

 

Fyrste julemarknadshelg for oss i Haugen

Maja med lykt.jpg

Hei alle saman!

I dag er det kvitt på toppane, og helga lover bra reint værmessig både i aust og vest.
Det er godt etter ei noko grå og våt tid her i Haugen.

Det er Bondens Julemarked i Bergen fredag til sundag på Munkebryggen og etter dette torsdag til sundag. Det er nytt og spanande, og eit godt tiltak for oss lokalmatprodusentar.
Austaføre er me på Vinkelplassen fredag, Kolbotn Torg laurdag og Bærums Verk sundag.

Me har med oss pinnakjøt, ljøsdalskorv og fenalår frå Sognalam. Litt julepålegg (Her har me solgt meir enn venta i det siste! Me tek med oss alt me har, og så kjem det meir til helgane framover)
Vidare har me fersk hjort, spekemat av svin, kjøttboller, lapskaus og bacon

Minner om at det er mogeleg å bestille gjennom ulike kanalar
For henting på marknad: www.haugengardsmat.no/bestillingsskjema eller Bondens Marked sin eigen bestillingskanal som du finn på www.bondensmarked.no

Me kjem også til å delta på Bondens Utlevering i Asker og på reko ringane i Bergen, Os, Sogndal og om mogeleg ein tur til Voss, om ikkje på reko, så kan me avtale henting når me køyrer forbi :)

Med von om smakelege opplevingar, og ei god førjulstid…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)