Fisketorget i Bergen 15.september

Hei alle saman!
Då er me klar att til ny marknadshelg.

Denne gongen kjem me til Fisketorget i Bergen.

Det har vore svært travle veker for oss; med Matfestival i Bergen, Matstreif på Rådhusplassen i Oslo og Bondens Marked i Botanisk Hage alt i løpet av dei to siste helgane.

Mange har møtt fram og me er glade for alle som vitja oss.
Kjekt å sjå dykk att!

Fokus for oss er som venta på lam og hjort, og det vil prege diskane våre i tida som kjem. 

Me har med oss lammesteik, mørbrad og skiva marinert lammelår denne gongen, og meir vert det i tida som kjem.
Av hjort vil de finne steik, ytre og indrefilet, grytekjøtt (skiva nakke) og fersk kjøttdeig.

I tillegg vert det kjøttboller, bacon og noko spekemat.

Odd på veg til spanande jaktdag

Odd på veg til spanande jaktdag

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

MATSTREIF OG BONDENS MARKED HEILE HELGA :)

Då er me på veg!
- og har med oss mykje godt frå Vestlandet.
Me kan nemne fersk lam og hjort, bollar, bacon og spekemat. Me kjem også til å få fart på wok'en etter kvart der de kan smake på storfeburger og viltburger.

På denne sida med kalendar finn du oversikt over når vi deltek på Bondens marked i Oslo og Bergen utover hausten.
Sjå gjerne meir detaljert om opningstider og stad på nettsidene til Bondens Marked.

Sjåast på Rådhusplassen (fredag og laurdag) og i Botanisk Hage (sundag)

Med von om smakelege opplevingar....
Kristine og Oddd
Haugen Gardsmat
 

lammeskank.jpg

Bergen Matfestival; matfest frå fredag til sundag

Molte

No gler me oss til å kome i gang med marknader att, og først ut er som vanleg matfestivalen i Bergen til helga. 
Matfestivalen har spanande program og dyktige utstillarar me er glad for å vera ein del av.
Me startar fredag 31. august og held fram til sundag 2. september. 
Program finn de her: www.matfest.no

På nettsida vår finn du også oversikt over når vi deltek på Bondens marked i Oslo og Bergen utover hausten. Det kjem ny oppdatering før julemarknadene startar.

Kva produkt vi stiller med er styrt ut frå sesong. Det me kan nemne spesielt er lam og villhjort. Det kjem det meir av utover hausten når ordinær jaktsesong er i gang!

Med von om smakelege opplevingar...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Sommar, sol og marknadshelg

Sau på Brekke

Hei alle saman!
Då er me klar: Marknad i Bergen, Asker og Bærums Verk.
Dette vert finale for oss før me konsentrerer oss om oppgåver på garden og leveringar til hotell og restauranter i regionen.
For ein fantastisk vår og førsommar!
Me gler oss over mange flotte opplevingar, og ser fram til nye utfordringar i tida som kjem!

I går kom regnet.
Herleg forfriskande og sårt tiltrengt væte gjer godt for alt som skal vokse og gro. 

Me har pakka bil, og reiser til ei knall sesongavslutning med både spekemat, grillmat, ferskt kjøt, bacon og boller.

Med von om smakelege opplevingar....
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Grill og spekemat i varmen

Buføring til Øyane i Flåmsdalen førre helg

Buføring til Øyane i Flåmsdalen førre helg

Hei alle saman!

Me kjem til Bondens Marked på Valkyrieplass i morgon og har med oss mykje god grillmat og spekemat også denne gongen. Me har lagt til rette for at de kan få kjøpe kjøleposer frå Bondens Marked på standen vår slik at de slepp å vera redde for produkta når de skal heim.

I Flåm er det strålande dagar, varmt og tørt, og me er glade for at sau og lam er trekt til fjells. Her nede prøver me å vatne så godt me kan. Det går også litt varmt opp i toppen nokre gonger, mange jarn i ilden og spanande prosjekt me ynskjer å fortelje meir om etter kvart :) 

Av grillmat kan me freiste med:
Lam: Skiva, marinert lammelår, mørbrad og nokre heile trimma lammelår
Kje: Side og lår
Storfè, Scottish Higland frå Brekke Gard: Grillribbe (short ribs) av kalv
Svin, frå eigne frittgåande gris: nakke, både marinert og naturell
Kjøttbollar: God på grillspyd også dei :)
Spekemat: Fenalår, Langtidsmodna spekeskinke, krydderbiff og Haugakallens spekepølse
Anna: Bacon og gardspatè, kjøttdeig av hjort og lam

Med von om smakelege opplevingar og ein god helg...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

 

Fisketorget i sol

tunet.JPG

Hei alle saman

Då er pappa Egil på veg til Flåm for å hente alt produsert til marknaden. Han og Jon tek seg av marknad på Fisketorget i Bergen, mens Odd og eg skal hjelpe ein nabo å buføre sau og lam til fjells.

Med seg til Bergen har Egil og Jon spekemat, grillmat, bacon og kjøttbollar.
Nærmare bestemt:
Speka krydderbiff, Haugakallens spekepølse, Fenalår og Gullskinka vår: Langtidsmodna Spekeskinke. Skiva marinert lammelår, Heile lammelår trimma, Mørbrad, Lammekjøttdeig 400g og lammekraft.

Kjè sider m rygg, kjè lår og kjè bog. 
Nokre få trimma lammelår for dei som vil teste slow coocking :)
Kjøttfulle grillbein av svin, ferdig steikt i vacum, klart for grillen.
Tørrsalta bacon og Back Bacon/ Engelsk bacon
Lammebollar, Tapasbollar og Viltbollar (også god på grillspyd)
Kraft vilt og ytrefilet av hjort
Me tek også med noko kjøttdeig av hjort 400g, Gardspatè og Bolognesesaus med ferdig steikt kjøttdeig.

I tillegg skal Morven stå på demo på Coop Obs Horisont i Åsane og steikje smaksprøvar av Kjøttfulle grillbein av svin.

Med ynskje om ei strålande helg og von om smakelege opplevingar...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Spekemat til 17.mai, grill og kvardagsfavorittar

Langtidsmodna spekeskinke

Hei alle saman!
Då er Odd og Jon på veg austover og eg reiser til Bergen.
Det er Bondens Marked på Valkyrieplass i Oslo og på Fisketorget i Bergen.
Me har pakka bilen med det me har av skore langtidsmodna spekeskinke.
De har kanskje fått med dykk at me fekk GULL i NM og Norgesmester-tittel?
Det var skikkeleg stas!

Me har elles med oss fenalår, speka krydderbiff og spekepølse.
Av fersk kjøt er det fokus på kje.
Me har også litt lam og vilt.
Mykje godt å ha på grillen, eller i panne og i omn.

Kjøttbollar og bacon er alltid med på bilen:)
Me ynskjer dykk alle ei retteleg god helg, å så vonar me å sjåast på marknaden.

Med von om smakelege opplevingar..
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Valkyrieplass laurdag 28.april

Hei alle saman!

Våren er på veg :)

Våren er på veg :)

Då har me måtta omkalfatra litt på planane.
Odd og Guttorm stiller på Bondens Marked på Valkyrieplass i Oslo, resten av gjengen må ta seg av litt meir heimlege oppgåver.
Neste marknadshelg for oss vert laurdag 12.mai, då kjem me både til Oslo og Bergen :)

Me har fokus på spekemat, grillmat, kje og noko fersk kjøt (også kverna hjortekjøttdeig og lammekjøttdeig) i tillegg til bacon, bollar og karbonade. Tilbakemeldingane så langt har vore særs gode for spekeskinka me har starta å skjære av no, og det er me svært glade for.

I Flåm er det byrja å vårast, med dette fyl fall av is frå store høgder, ras i fjellsidene og vidunderleg etterlengta fuglesong og sollys. Lamming er godt i gang, og me ser fram til at bakkane skal grønkast og nytt liv vert slept på bøane.

Me ynskjer dykk alle ei strålande helg, og vonar me sjåast på marknad.
Med von om smakelege opplevingar...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)