Påskemarked laurdag 24.mars i Bergen

Bondens Marked på Vågsalmenningen i Bergen 24.mars

Utsikt mot Reinunga frå Vatnahalsen

Utsikt mot Reinunga frå Vatnahalsen

Hei alle saman!

No nærmar høgtida seg, og me arbeider med å få alle bestillingar ut i tide!
På laurdag er Odd og Guttorm på Bondens Marked i Bergen.
Det skal vera på Vågsalmenningen, og her vil de finna mykje godt og lokalprodusert. 

Me pakkar bilen med:
Fersk lam Heile lammelår, trimma og klar til steikeomnen. Lammeklubber, skiva marinert lammelår, skiva lammebog og salta lammebog, litt skank, kjøtdeig og mørbrad.
Hjort og rein Det me har av ytrefilet, mørbrad, skank, kjøttdeig og god kraft.  noko vilt, spekemat, bacon, bollar og patè. Spesielt vil me framheve at den langtidsmodna spekeskinka er klar og me tek med bitar til Bergen for fyrste gong på lenge.  
Kjøttbollar og karbonader
Bacon
Spekemat
Langtidsmodna spekeskinke, fenalår, speka krydderbiff og Haugakallens spekepølse
Gardspatè

Sjåast på Vågsalmenningen!

Med von om smakelege opplevingar...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Bondens Marked 17.mars på Valkyrieplass

På veg til Tarven

På veg til Tarven

Hei alle saman!
Det er framleis kvitt i fjellsidene, men sola skin og fuglane syng. For ei herleg tid!
Då er marknadsesongen i gang for oss i Haugen og denne helga er det marknad på Valkyrieplass i Oslo.
Påska i er tidleg i år, og dette er mogelegheiten du har til å få med deg flotte middagar av lam frå sogn, vilt og svin. I tillegg har me med oss spekemat og pålegg til fridagane, om dei no skal nytast i by eller bygd, på fjellet eller i låglandet.

Mange har venta på den langtidsmodna spekeskinka og no er den klar! Me tek med oss ein del bitar denne helga, og vonar å ha litt med til kvar einaste marknad dei komande månadane.

Vonar me sjåast på Valkyrieplass!

Med von om smakelege opplevingar..
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat as

 

Julestemning i Haugen

Hei alle saman

Skjæring av pinnakjøt (av lam, hjort og rein!) koking av rullar og produksjon av syltaflesk, røyking og kjøttskjæring. Alt dette gjer at det er ein fryd å vera i produksjonen om dagen.
Ute er det kaldt og klart vær med eit dryss av snø. Dette lyser opp dalen og gjer at kveldane ikkje vert fullt så mørke.

Som de veit, er desember ei travel tid for oss.
Me skal delta på svært mange marknader og marknadslista for deltaking på Bondens Marked finn de på www.haugengardsmat.no/bondensmarked

I tillegg til dette startar me eigen «pop-up butikk» på Bergen Julemarked på Festplassen. Der skal me vera operative frå og med torsdag 7.desember til og med laurdag 23.desember.
Som de sikkert skjønar, treng me hjelp av familie og gode vener for å få kabalen til å gå opp, men førebels ser det meste ut til å ordne seg.

Det er marknadar både i Oslo og Bergen kvar helg framover.

Viktig å merke seg i høve bestillingar:

REINSKALV
Frist for å bestille 1/1 eller ½ reinskalv er 8.desember.
Korleis me skjærer kalvane og tilhøve elles finn de informasjon om på heimesida vår.
Kvaliteten på reinen i år er framifrå!

SVINERIBBE/ANDRE PRODUKT FRÅ EIGNE FRITTGÅANDE GRISER
Me vil ha svineribbe og andre ferske svineprodukt med oss frå og med helga 8.-10. desember.

KOKELÅR, heil
Desse er klar for levering frå helga 8.-10-desember

BESTILLINGSSKJEMA
Takk til alle som har nytta det nye bestillingsskjema på nettsida vår! 
Det har vore nokre litt uklare punkt på skjema, dette er no endra.
Kom gjerne med tilbakemelding dersom de opplever at noko framleis er utydeleg.

Me ynskjer dykk alle ei god førjulstid, og så sjåast me på marknader i tida framover. 

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Årets fyrste julemarked

Hei alle saman! 
Då er me klappa og klare for å reisa austover på årets første julemarknad.
Været her i vest er ikkje det beste, men me kryssar fingrane for at me kjem oss trygt over fjellet også denne gongen.

Laurdag skal me vera tilstades på Kolbotten Torg, og søndag på Bærums Verk.

Diverre er morgondagens marknad på Vågsallmenningen i Bergen avlyst grunna melding om sterk vind, og store nedbørsmengder.

Denne gongen har me med oss mykje julevarer: Pinnekjøt (både røykt og urøykt), korv, sylte, lammerull, juleskinke, reinsdyrrull, og gardspatè.

Av ferskt kjøt har me med både lam, hjort og rein.
Elles tek me med oss kjøttboller, bacon og spekemat, så mykje som me får plass til :)

Me ynksjer alle saman ei retteleg god helg, og så vonar me å sjåast!

Med von om smakelege opplevingar..
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Bondens Marked 9.november!

Fantastike kontraster: Bilete frå hjortejakt i fjor haust. 

Fantastike kontraster: Bilete frå hjortejakt i fjor haust. 

Det er Bondens Markned att denne helga, og me vil vera på plass både i Bergen og Oslo; dersom værgudane ikkje slår seg heilt vrang.

Me er heldige som kan ha med oss nydeleg fersk hjort også denne gongen.
28.oktober hadde me for fyrste gong med oss skankesteik på marknad. Dette vart svært godt motteke, og det er med både til Bergen og til Oslo. Skankesteiken kan behandlast som du gjer med lammeskank, men den treng nok litt lengre tid på å verte klar. Me pleier å brune den, legge den i ei ovnsform med litt grønnsaker og væske i botn, og folie på i starten. Me byrjar med litt høg temperatur og skrur så ned for å steike langsamt fram mot ferdigstilling. Krafta er nydeleg å sile av, redusere og lage saus av.

Utanom skankesteik vert det ytrefilet, indrefilet, mørbrad og steik med av hjorten. 
Av lam har me med lammeskank, grytekjøt (skiva lammebog), lårsteik, skiva marinert lammelår, salta lammebog, ytrefilet, indrefilet og mørbrad.

Julesesongen nærmar seg!
Me tek med oss det som er ferdig av pinnekjøt, både røykt og urøykt.
Av pålegg tek me med nylaga gardspate, lammerull og Olina's Syltaflesk.

Kjøttbollene, storfeburger, bacon og spekemat er sjølvsagt også med! 
 

Med von om smakelege opplevingar....
Kristine og Odd

Fersk og salta kjøt på menyen

Minne frå ein flott jaktdag

Minne frå ein flott jaktdag

Hei alle saman!

Då er det veldig snart helg, og Haugen Gardsmat skal delta på Bondens marked både på Vågsalmenningen i Bergen og på Valkyrieplass i Oslo. 

I Flåm er det no kome kvitt på toppane, og me bur oss på kaldare vær og tidleg mørke kveldar. Sau og lam er komen ned frå høgfjellet og her på Brekkesida er søyene klypte. Det er framleis fint for dyra ute og bøene i flatbygda vert ytnytta maksimalt. 

Hausten er tid for lam, hjort og tidvis rein her hjå oss.
Me har med oss oppskore salta lammebog, fersk lam og fersk hjort.
Kjøttbollar og burger, bacon og spekemat vil me også få plass til. Det har diverre ikkje vore tilgang på rein til denne marknaden, me vonar å kome attende til dette seinare.

Me vonar mange av dykk har høve til å ta turen innom for triveleg prat og god handel på laurdag!

Med von om smakelege opplevingar...


Beste helsing
Kristine og Odd, Haugen Gardsmat

Cart (0)