Øldampa pinnekjøt

gilleshammer.jpg

Frå ein fornøgd kunde - Per Kristian Gilleshammer fekk vi denne oppskifta. Takk for inspirasjon Per Kristian!

"Hei,

I går (laurdag) hadde eg ei hyggeleg samtale med det eg reknar med var Kristine. Eg skulle ha pinnekjøt til øldampa pinnekjøt, og fekk kjøpt både det og pølse til hjå dykk på Bondens Marked på Kolbotn torg.

Det virka som om de var interesserte i utfallet, so her kjem rapport:

Kjapt oppsummert blei det stor suksess! Eg vatna pinnekjøtet ut i 15 timar som anbefalt (bytta vatn ein gong). Eg la mandelpoteter i botnen av panna, før eg hadde i ei flaske Tyl porter frå Skifjorden bryggeri (33cl), og etterfylte med vatn til det dekka potetene. Halvtimen før alt var ferdig la eg oppi pølsa. 

Resultatet blei upåklageleg! Det rare med denne prosessen er at mandelpotetene ikkje blir sønderkokt som ein skulle tru, men helde seg heile grunna at dei blir omkransa av eit feittlag, som igjen gjer at dei blir heilt fantastiske på smak. Pinnekjøtet blei fantastisk godt (hadde nok ikkje vore feil om eg hadde valgt røykt heller), komplementert med den kjøttrike krydra pølsa blei det berre endå betre.

For dei som ikkje er kjempeglad i ølsmak kan eg love at det ikkje er mykje ølsmak på verken kjøt eller poteter, men det set ein ekstra smak som er veldig god. Ein treng ikkje legge mykje pengar i fancy pol-øl for å få det til.

Takk for godt kjøt og pølse, kjøper gjerne på nytt frå dykk :-)"

Med venleg helsing

Per Kristian Gilleshammer

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway