Bondens Marked på Vågsalmenningen i Bergen 24.mars
Utsikt mot Reinunga frå Vatnahalsen
Hei alle saman!
No nærmar høgtida seg, og me arbeider med å få alle bestillingar ut i tide!
På laurdag er Odd og Guttorm på Bondens Marked i Bergen.
Det skal vera på Vågsalmenningen, og her vil de finna mykje godt og lokalprodusert.
Me pakkar bilen med:
Fersk lam Heile lammelår, trimma og klar til steikeomnen. Lammeklubber, skiva marinert lammelår, skiva lammebog og salta lammebog, litt skank, kjøtdeig og mørbrad.
Hjort og rein Det me har av ytrefilet, mørbrad, skank, kjøttdeig og god kraft. noko vilt, spekemat, bacon, bollar og patè. Spesielt vil me framheve at den langtidsmodna spekeskinka er klar og me tek med bitar til Bergen for fyrste gong på lenge.
Kjøttbollar og karbonader
Bacon
Spekemat Langtidsmodna spekeskinke, fenalår, speka krydderbiff og Haugakallens spekepølse
Gardspatè
Sjåast på Vågsalmenningen!
Med von om smakelege opplevingar...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat