Julestemning i Haugen

Hei alle saman

Skjæring av pinnakjøt (av lam, hjort og rein!) koking av rullar og produksjon av syltaflesk, røyking og kjøttskjæring. Alt dette gjer at det er ein fryd å vera i produksjonen om dagen.
Ute er det kaldt og klart vær med eit dryss av snø. Dette lyser opp dalen og gjer at kveldane ikkje vert fullt så mørke.

Som de veit, er desember ei travel tid for oss.
Me skal delta på svært mange marknader og marknadslista for deltaking på Bondens Marked finn de på www.haugengardsmat.no/bondensmarked

I tillegg til dette startar me eigen «pop-up butikk» på Bergen Julemarked på Festplassen. Der skal me vera operative frå og med torsdag 7.desember til og med laurdag 23.desember.
Som de sikkert skjønar, treng me hjelp av familie og gode vener for å få kabalen til å gå opp, men førebels ser det meste ut til å ordne seg.

Det er marknadar både i Oslo og Bergen kvar helg framover.

Viktig å merke seg i høve bestillingar:

REINSKALV
Frist for å bestille 1/1 eller ½ reinskalv er 8.desember.
Korleis me skjærer kalvane og tilhøve elles finn de informasjon om på heimesida vår.
Kvaliteten på reinen i år er framifrå!

SVINERIBBE/ANDRE PRODUKT FRÅ EIGNE FRITTGÅANDE GRISER
Me vil ha svineribbe og andre ferske svineprodukt med oss frå og med helga 8.-10. desember.

KOKELÅR, heil
Desse er klar for levering frå helga 8.-10-desember

BESTILLINGSSKJEMA
Takk til alle som har nytta det nye bestillingsskjema på nettsida vår! 
Det har vore nokre litt uklare punkt på skjema, dette er no endra.
Kom gjerne med tilbakemelding dersom de opplever at noko framleis er utydeleg.

Me ynskjer dykk alle ei god førjulstid, og så sjåast me på marknader i tida framover. 

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)