Oktober

På dagar som i dag syner oktober seg frå si beste side.
Trolsk stemning og nydelege fargar på fjellet og i bygda.
Med snødryss på toppane vert det heile komplett.

Me måtte sko bilen som no er på veg austover med vinterdekk i dag, og kjenner oss trygge på at Jon og Kevin kjem vel fram og vert å sjå på Vinkelplassen i morgon fredag og Kolbotn på laurdag.

Med seg har dei både fersk hjort og lam, spekemat, lapskaus, gryter og bacon.
Bestillingane på lammeslakt har også fått plass på bilen.
Med to marknader i Oslo vart det diverre ikkje mogeleg å dra vestover denne gongen, men me kjem attende så snart som råd!

Sjølve skal me «styre heime» og har ei av dei siste gruppene for året i tunet på Sognalapskaus.
Det er alltid kjekt! -skal berre sjå det vert ein liten jakt-tur også.

Me ynskjer alle gode dagar og god helg når de kjem så langt

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd i Haugen

Etter to svært travle og velukka festivalar er det Bondens Marked framover

Hei alle saman
Etter to svært velukka matfestivalar er det tid for “vanlege” Bondens Marked igjen.
Komande laurdag er Kevin og Marte å finna på Vinkelplassen og om fjorten dagar er me, om alt går etter planen, i Bergen att :)

Fersk hjort, lam, noko kje, bacon og spekemat i tillegg til Sognalapskaus vert med både aust og vest.
Odd og eg tek fri denne helga og reiser på hjortejakt saman med gode vener.
Vert spanande å sleppe Alma i skogen og fylgje utviklinga hennar utover hausten!

Me ynskjer alle god ettermiddag og ein strålande helg!
Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av gjengen i Haugen

Då er me i gang!

I strålande vær byrjar me marknadsesongen med Bergen Matfestival denne helga og Matstreif i Oslo om fjorten dagar.

Det er alltid ein drøss av prosjekt på garden i løpet av sommaren, men no byrjar ein stor del av desse å kome i mål. Det er godt å vete når me no går inn i årets travlaste månader.

I produksjonen har me fått inn dei fyrste lamma. Hjortejakta er også i gang, og me tek med oss alt me kan til festivalane. Du vil også kunne finna kje, lapskaus og eigenproduserte grillpølser.

Godt nytt er at me har med oss mykje god spekemat!

-også langtidsmodna spekeskinke 😊

Nokre har kanskje fått med seg at me har utvikla ein ny burger?

Den er av storfe og har ein spanande ingrediens: tare

Tare har masse umami, litt «kjøttaktig» i smaken og passar godt i burger.

Me tykkjer også at dette er med å fremje bærekraft og miljø inn i framtida.

Me kjem sikkert til å erfare etter kvart, og vidareutvikle dette konseptet; men no har me med ein test til festivalane. Vil du smake?

Det vil også verte pulled beef som me har vunne beste festivalrett med og grillpølser frå grillen.

No er det like før Odd, Jon og Kevin set seg i bilen og durar av garde.

Denne gongen vert gardakjerringi heime.

Servering av Sognalapskaus til ei gruppe, litt gjester inn og ut og ikkje minst: Lakking av gulv i Ljosdalen laurdag 😊

Me mottek pris for beste festivalrett :)

Med von om smakelege opplevingar

familien i Haugen


Vårteikn i bygda og vinter i påskefjella

I bygda kan me sjå tegn til at vinteren slepp taket.

Sola er attende på tunet og isen smeltar i foss og berg.

Akkurat i dag ser me kanskje ikkje så mykje til det, men lysare tider er på veg!

Etterjulsvinteren er tida for evaluering og utvikling av nye produkt her i Haugen, men når påsken nærmar seg, er ein ny sesong i gong.

I vinter har me halde fokus på pølser, både ferske og spekte, i tillegg til nokre nye variantar spekemat av frittgåande gris. Fyl med i neste bolken 😊

Reiselivet vaknar no til liv igjen, og nye menyar skal settast opp både her og der.

Me er takksame for at mange let oss få spela inn når produkt skal veljast.

Stadig fleire kokkar og kjøkkensjefar skjønar at dersom ein tek utgangspunkt i kva lokalmat-produsentane faktisk kan levera på, og presumtivt er best på, for så å nytta eigen kompetanse til å få produkta til å fungera i ferdige rettar, så kan ein i mykje større grad få det beste ut av lokale råvarer. Til beste for både verksemda og gjestene.

Å faktisk få smaka på områda du reiser gjennom set alle pris på!

No på våren er det Kjè som gjeld for vår del, i tillegg til Grillprodukt.

Aurland kommune har geita i kommunevåpenet. Me har seks (!) ysteri i ein kommune med knappe 2000 innbygjerar, så då seier det seg sjølv at Kjè må stå i fokus her hjå oss.

Kanskje er kjøt av kjè som berre har vore melkefora, den finaste råvara me produserer her til lands? Vare fine smakar som kan få stå for seg sjølv, men som samtidig kan krydrast i alle retningar ein kan tenkja seg…….

Kjè er for alle, tenkjer me, og høver veldig godt no til påske.
(Så har me sjølvsagt lam for alle tradisjonalistar 😊)

Tradisjonen tru vert det påskemarknad i Bergen i morgon på Palmelaurdag

De vil møte Jon og Harald på Fisketorget, og dei har med seg mykje godt til komande helgedagar. Me har med fersk kje; både bog, lår og rullade. (Rulladen er ytrefilet rulla inn i si eiga side, lett krydra med ramsløk, salt og pepar, «brina» med sider frå Lærdal og kjøyrt sousvide- klar til å få fin steikeskorpe under oppvarming. Lurt å bruka høg varme i omn, eller grilla på direkte varme)

Av lam har me med steik, samt skankar som er super å setje i omnen før skitur eller anna aktivitet.

Entrecote av storfè er og med.

Til ein kjapp lunsj eller middag i både bygd og by har me dei ferdige rettane våre; Sognalapskaus og dei tre nye grytene våre som meir er inspirert av det store utland; Chili con Carne, Gangnamswein og The Hatefull Geit 😊

Av spekemat vil de finne fenalår, og krydderbiff.

-og kven set ikkje pris på litt godt bacon?

Vonar mange har høve til å koma innom boden vår på Fisketorget i Morgon 😊

Me ynskjer alle fine helgedagar og set etter kvart nasen til fjells

Der me trivs umåteleg både på stølen og blant familie og vener i andre delar av fjellheimen

God påske alle saman!

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen

Stor stemning i Haugen, mange ting å halde styr på; men vonaleg god logistikk!

Julevarer pakkast og bilen til Oslo klargjerast med alle bestillingar og alt me har av julemat ✨
Det er også sett av så mykje som mogeleg til marknaden i Bergen på laurdag.

Odd og eg reiser allereie i dag og skal vera operativ frå i morgon klokka 11.00 på Vinkelplassen.
Jon og Guttorm kjem til Bærums Verk laurdag og sundag.
Kevin og Vetle skal vera klar på Fisketorget på laurdag.

Bestillingane er no sortert og ordna, det er diverre ikkje mogeleg å førehandstinge meir no, men me vonar me har nok til alle som ynskjer julemat frå Haugen.

Litt nytt er det også plass til både til aust og vest:

Odd og Ernesto har laga porchetta av frittgåande utegris.
Dei ser fantastisk ut!

Vidare har me også med oss litt entrecotte og indrefilet av vestlandsk storfe, fersk hjort og noko rein som kan passe til både jul og nyttår.

Me gler oss til helga og ynskjer med dette alle ei riktig god førjulshelg!

Med von om smakelege opplevingar…
frå heile storfamilien i Haugen

Marknader fire helgar på rad

Det vert marknader dei neste fire helgane framover mot jul -både i aust og vest 😊

Etter å ha hatt frost i lengre tid vart det plutseleg omslag; fyrst regn og i dag snø – kan undrast om kakelinna kom litt tidleg?
I Haugen er det lite tid til kakebakst; her går det i julepålegg, pinnakjøt, skjæring av gris og hjort, pakking av bestillingar til hotell, restaurant og til marknader.

Me gler oss til jul!

Me er no oppdaterte på bestillingane som er komen inn, og vert klar til utlevering til avtala tid.
www.haugengardsmat.no/julebutikken er framleis open om de ikkje har kome så langt endå.

Denne helga er me tre plassar på laurdagen: De finn oss på Fisketorget i Bergen, Birkelunden på Grünerløkka og på Kolbotn Torg.
Tradisjonen tru er me på vakre Bærums Verk på sundag.

Me gler oss over at me har gode vener og familie som bidreg til at kabalen går opp også i år!
Med Alma, beagle’en vår som i dag runder sitt fyrste år, er det godt å vete at ho skal kose seg hjå familie med både to og firbeinte når me er borte. Den gamle katten vår vert sett etter av vener og dermed er alt rigga for helgar utan bekymring for ‘dei heime’.

Tenk at det allereie er 1.sundag i advent på sundag!
Tida går fort og eigentleg er det vel slik kvart år at det kjem litt ‘brått på’!

Me ynskjer alle ei rettleg god helg og vonar me sjåast på marknader framover.

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

TAKTSKIFTE

Hei alle saman

Då er det meir enn full rulle i Haugen.

Det er alltid eit taktskifte mot midten av november og fokuset ligg på den komande høgtida og julevarene som skal på bord både i aust og vest.

Denne helga er Odd og eg på Fisketorget i Bergen, neste helg er det marknad på Vinkelplassen i Oslo.

Vidare strøymer det på med bestillingar gjennom JULEBUTIKKEN me har på nettsida: www.haugengardsmat.no/julebutikken

Der finn du pinnakjøt og pinnasteik, fenalår, julepålegg, svineribbe, heil og halv gris, ljøsdalskorv og nytt i år; er at du også kan bestille hjortepakkar.

Pinnakjøt, pinnasteik og fenalår sender me i tida framover kvar veke med posten, og det er kjekt å sjå at me no har pinnakjøt sendt frå Finnmark i nord til Agder i sør 😊

Det er også ei glede for Odd og meg at neste generasjon er engasjerte og stiller på.

Minstemann Jon, som akkurat er ferdig med si fyrstegongsteneste, og nevøen vår Kevin, jobbar for fullt -og vel så det, slik at me kjem i mål kvar veke.

Vetle, også nevø som bur i Bergen, vert med oss på marknadene der.

At dei stiller også opp og til dels avlastar oss med ein del av marknadshelgene, betyr at me denne hausten har fått nokre ekstra dagar i hjorteliene her.

Det gjer godt å kome seg til fjells! Det gjev oss eit godt grunnlag og energi til dei komande vekene.

Lurer du på kvar og kva tid me er på Bondens Marknad finn du oppdatert liste på www.bondensmarked.no sine sider.

Med von om smakelege opplevingar….

Kristine og Odd

Haugen Gardsmat




Då er me klar!

HAUST, lam og hjort

For ei nydeleg tid!

Akkurat no ser me oktober på sitt beste: Haustfargar, kaldt og krystallklar himmel. Me er godt i gang, og sjølv om me ikkje har delteke på marknader, har det vore svært travelt i Haugen! Det er ei utfordrande tid for oss med mykje oppgåver i produksjonen.

Me har kjøttskjærar øvst å ønskelista, men som de veit er ikkje dette den lettaste kompetansen å få tak i. Kanskje du kjenner nokon?

Målet er at det skal verte fleire marknader framover.

Jon og Kevin kjem til Vinkelplassen og Asker laurdag 21. oktober.

Laurdag 28.oktober er det Bergen sin tur.

Me ynskjer alle ein strålande dag og vonar de vil finne vegen til Bondens Marked i helgane som kjem!

Med von om smakelege opplevingar…

Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen



Med seg har dei :

Fersk lam – Fårikål, skiva lammelår, lårskank og indrefilet

Fersk vill hjort – indre og ytrefilet, terna grytekjøtt, kjøttdeig og ossobucco

Sognalapskaus, hjortegryte og dei nye Hot-Pot grytene får dei også plass til :)

Lammefilet på Vangsgarden

Cart (0)