TAKTSKIFTE

Hei alle saman

Då er det meir enn full rulle i Haugen.

Det er alltid eit taktskifte mot midten av november og fokuset ligg på den komande høgtida og julevarene som skal på bord både i aust og vest.

Denne helga er Odd og eg på Fisketorget i Bergen, neste helg er det marknad på Vinkelplassen i Oslo.

Vidare strøymer det på med bestillingar gjennom JULEBUTIKKEN me har på nettsida: www.haugengardsmat.no/julebutikken

Der finn du pinnakjøt og pinnasteik, fenalår, julepålegg, svineribbe, heil og halv gris, ljøsdalskorv og nytt i år; er at du også kan bestille hjortepakkar.

Pinnakjøt, pinnasteik og fenalår sender me i tida framover kvar veke med posten, og det er kjekt å sjå at me no har pinnakjøt sendt frå Finnmark i nord til Agder i sør 😊

Det er også ei glede for Odd og meg at neste generasjon er engasjerte og stiller på.

Minstemann Jon, som akkurat er ferdig med si fyrstegongsteneste, og nevøen vår Kevin, jobbar for fullt -og vel så det, slik at me kjem i mål kvar veke.

Vetle, også nevø som bur i Bergen, vert med oss på marknadene der.

At dei stiller også opp og til dels avlastar oss med ein del av marknadshelgene, betyr at me denne hausten har fått nokre ekstra dagar i hjorteliene her.

Det gjer godt å kome seg til fjells! Det gjev oss eit godt grunnlag og energi til dei komande vekene.

Lurer du på kvar og kva tid me er på Bondens Marknad finn du oppdatert liste på www.bondensmarked.no sine sider.

Med von om smakelege opplevingar….

Kristine og Odd

Haugen Gardsmat




Cart (0)