Sola er tilbake, snøen ligg kvit på toppane -lysare tider og nydeleg nattehimmel

Hei alle saman

No er det ei stund sidan sist.

Me vonar alle har det bra og at de har hatt tid til å nyte nokre av finværsdagane.

Her i Haugen er sola tilbake på husa, det er alltid ein merkedag -om enn det er for ei kort stund kvar dag.
Når også kveldane lyser opp med spill frå Aurora er det nydeleg!

Denne helga startar marknadsesongen for oss.
Vinkelplassen komande lørdag og så torget i Bergen påfølgande helg.
Odd og Kevin dreg av garde og med seg har dei både kje og lam, bacon, fenalår og gryter.

Dei vil også ta med seg steiketakka slik at de kan få smake på pulled lam og pølser av frilandsgris. så denne gongen vert det ikkje berre godsaker til handlekurven, men også spesialitetar rett i magen :)

Vidare vil me tilby test av to nye gryter med internasjonal twist: Ei gryte som er koreansk-inspirert og ei basert på marokkanske smakar.

Me vonar de kan vera med i testpanelet og gje oss tilbakemeldingar på desse!

Med von om smakelege opplevingar og god helg til dykk alle!
Med helsing «gardakjerringi» - som vert heime med det nyaste tilskotet til familien: Beagle-valpen Alma


Off line

Godt nytt år alle saman!

Først og fremst vil me takke for året som har gått til alle de som gjennom året møter oss, set pris på produkta våre og som fyl oss i ulike kanalar.

Det er fordi de er oppteken av lokalmat, berekraft og lokal verdiskaping at me er her i dag!

2022 vart eit travelt år, og spesielt førjulstida er krevjande.

Me tok oss difor den friheit å logge ned, ha fokus på familie og hente krefter til eit nytt år me har store forventningar til.

No er me klar att, brettar opp armane og ser fram til nok eit spanande år!

Kevin mot nye høgder

Med von om smakelege opplevingar…

Kristine, Odd og resten av gjengen i Haugen


Hektiske marknadsdagar

Då er me snart pakka og klar til hektiske marknadsdagar i aust og marknadslaurdag i vest.
De finn oss på Vinkelplassen torsdag til laurdag, på Vika Terrasse fredag og laurdag, og tradisjonen tru, på Bærums Verk sundagen.
Laurdag 17.desember er me på Fisketorget i Bergen.

Bestillingar er no pakka og vert med til marknadene.
Takk til alle som nytta julebutikken vår også i år!

Det er framleis pinnekjøtt, fenalår, julepålegg og svineribbe med på marknaden.
I tillegg finn du kanskje nokre smakelege julegåver?

Nordfjella og skarvet

Litt ekstra
Førre veke fekk me inn reinskalv og ungdyr.
Det vert med litt steik og filet på marknadene.
Me har også skore ned og pakka kalvane som tidlegare der det er mogleg å kjøpe ein kasse med ein halv kalv. Det er nokre ekstra kassar, så om nokon ynskjer, er det mogleg å handle dette på standen vår på Vinkelplassen og på Fisketorget.
Me skjer dei ned som tidlegare: www.haugengardsmat.no/heile-halve-slakt-rein  

Vidare er me heldig og har med rype frå Nordfjella til Vinkelplassen -førstemann til mølla!

 
Foto: Vår supre venninne og jaktvenn Tunde

Det ser ut til at det skal verte skikkeleg vinterver også til helga -det blir fint, om enn det til tider er utfordrande i kulda.
Kakelinna ser ut til å vera i anmarsj i vest, men i aust er det meldt kaldt og klart 😊

 

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Kaldt, klart og eit lett snødryss i Haugen

No er det nydeleg ute -kaldt og klart og med eit lett snødryss nedover fjellsidene.

Bortsett frå toget som tutar ned dalen og litt aktivitet på vegen frå naboane, flyt elva stille forbi og bruset frå Brekkefossen dempa av is.

Magisk!

I Haugen har me skrudd opp aktiviteten endå eit hakk: Det vert færre og færre dagar mellom marknadene og alle tar i for å kome rundt.

Takk til dykk alle som kjem innom oss på marknadene, me set umåteleg pris på tilbakemeldingane!

Det er rein energi-innsprøyting!

Tenk! Det er berre to helgar att med marknader før jul, det går berre fortare og fortare for kvart år som går.

Fokuset er på julemat no og me har framleis både pinnekjøtt, pinnesteik, svineribbe, lammerull, sylte, fersk hjort og fenalår i tillegg til litt anna spekemat.

Me tek også med bacon og Sognalapskaus.

Odd var på Golsfjellet og henta rein i går, dei heng til modning no og me gler oss til å ha fersk rein med oss siste helga med marknader før jul.

Me var lenge i tenkeboksen om me skulle ta inn rein sidan prisane diverre har gått opp fleire hakk, men etter mange førespurnader har me valt å ta inn for skjering både til dei som vil ha heile og halve kalvar og til dei som ynskjer biff, steik og filet.

Send gjerne ei bestilling til bestilling@haugengardsmat.no om du ynskjer rein i år :)

Med von om smakelege opplevingar og ei fredeleg førjulstid…

Kristine, Odd og resten av familien i Haugen


JULEMODUS

Pinnakjøt, svineribbe, julepålegg, fersk hjort, fenalår, anna spekemat og endå litt meir!
Det meste er med på bilen når me no gjer oss klar til ny marknadshelg.
Julebestillingar pakkast og vert med i aust og vest.
Har du ikkje bestilt endå? Går du inn på lenkja www.haugengardsmat.no/julebutikken er det framleis mogeleg å legge inn dine ynskje.

Bilete henta frå www.matprat.no

Odd på Vinkelplassen, Kristine i Birkelunden og Kevin på Fisketorget laurdagen, sundag er Odd og Kristine på Bærums Verk tradisjonen tru.

I Haugen er det kaldt og klart, eit lite snødryss på fjella rammar inn dalen og me ser for oss ein nydeleg helg på marknad.

Jammen går det fort!
Desember er allereie her, og det er no berre tre helgar att med marknadar på denne sida av jul.


Me skal stå på og bidra til, saman med våre fantastiske kollega, at lokalmat hamnar på julebord og under juletre også i år.

Med von om smakelege opplevingar, ei flott førjulstid og glede i kvardag og helg!
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Julemat på veg!

No byrjar det for alvor 😊
Det er marknader kvar helg frå til jul og me har med oss julematen for fullt.

Svineribbe frå eigne frittgåande gris
Pinnekjøtt, både røykt og urøykt av Sognalam
Pinnesteik av Sognalam
Lammerull og sylte
Fersk hjort

I tillegg kjem spekemat, bacon, Sognalapskaus for å nemne noko.

Me har fått ein heil del spørsmål denne hausten etter gardspate.
Den er med!

Det vert ei travel helg:
Kevin reiser til Bergen, Odd til Kolbotn, Kristine til Vika Terasse, Eldrid frå Sognalam skal vera på julemarknad i Aurland og Anita på Vikingmarked i Gudvangen.

Sundag står Bærums Verk for tur.
Me gler oss alltid til å kome dit.
No kryssar me fingrane for at alt er med og at me får ei flott helg alle saman!

 

Med von om smakelege opplevingar…
Odd, Kristine og resten av familien i Haugen

 

Vått og grått

Hei alle saman

Her i Flåm er det grått og vått i dag. Det går framleis bra, og vegane er så langt opne!

Tverrelvi går over sine bredder, som i fjor, men me kjem oss likevel greitt fram.

Om ikkje situasjonen forverrar seg, kjem me til marknader både i Oslo og Bergen.

I følgje værmeldinga skal alt snu til det betre i morgon og det vert fin marknadsdag både i aust og vest 😊

Målet er Bondens Marked i Asker, Vinkelplassen på Majorstua og på Fisketorget i Bergen. Alle tre marknadene er på laurdag og me deler oss: Kristine i Asker, Odd på Vinkelplassen og våre supre nevøar Kevin og Vetle på Fisketorget.

Det er no fokus på førebuingar til jul, så pinnekjøtt og pinnesteik er med. Jakta har vore ganske god, så me har med ein del hjort, både ytrefilet, indrefilet, grytekjøt, steik og kjøttdeig.

Av Sognalam vert det med mørbrad, filet og skank.

Sognalapskaus, hjortegryte, chili con Munvold, bacon og litt spekemat er det også plass til.

Julepålegget vert med frå og med neste runde på marknad.

Bestilling i julebutikken er opna, og me startar sending av pinnekjøtt rundt om i landet allereie neste veke.

Marknadsplanen er klar og oversikt over marknader me deltek på finn de her

Me ynskjer alle ei super helg!

Med von om smakelege opplevingar…

Kristine, Odd og resten av familien i Haugen


Springe fortare?

Nyhende frå Haugen

Stas med pris for beste Festival rett!

Hei alle saman -og takk for at de fyl oss både gjennom nyheitsbreva og på nettet.
Me set umåteleg pris på dykk alle!

Som de veit har me hatt ei tøff tid, men no er det verkeleg begynt å losne -og godt er det!
Då har me plutseleg ei anna utfordring: Kan me springe fortare?
Me er nemleg komen i den situasjonen at me treng fleire medarbeidarar i Haugen 😊

Me søkjer etter kjøttskjærarar og kokk og vonar at me i løpet av hausten har klart å få på plass minst ein til. I lengda held det ikkje, men kan vera ei viktig auke i dei komande månadane.

Grunna dette, har me måtta ta vanskelege val:
Redusere marknadsdeltaking

Førre helg var me på Bergen Matfestival. Det var heilt supert! Nydeleg vær og mange som møtte oss. Me vart også overraska med ein pris for beste festivalrett. Stas!
Komande helg er det Oslo og Vinkelplassen som står på kalendaren.
Då tek me med oss festivalretten frå Matfestivalen og vonar den slår like bra an i aust.
Så, ulikt det vanlege kan ein nyte ein matbit på stand hjå oss komande helg.

Me kjem både til Oslo og til Bergen på Bondens Marknad, men etter denne helga, må me konsentrere oss om produksjon for så å setje inn støtet i november og desember.
I oktober sender me ut link til bestillingskjema på nettsida slik at de også i år kan bestille og hente på marknad eller få varer som egnar seg til det, tilsendt i posten.


Her ser de oppdatert marknadsliste for oss:
September
(Bergen Matfestivel 2.-3. september)
Bondens Marknad Oslo på Vinkelplassen 10.september

November

BM Oslo Vinkelplassen + BM Asker 12.november
BM Vinslottet Hasle 13.november

BM Bergen 12. november

 

BM Oslo 26.november
BM Bærums Verk 27.november

 

Desember

BM Vinkel + Birkelunden 3. Desember
BM Bærums Verk 4.desember

BM Bergen 3.desember

 

BM Oslo Vinkel + Asker 10.desember
BM Bærums Verk 11.desember

BM Bergen 10.desember

 

BM Vinkelplassen 15.-17.desember
BM Bærums Verk 18.desember

BM Bergen 17.desember

 

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd i Haugen

Cart (0)