Kaldt, klart og eit lett snødryss i Haugen

No er det nydeleg ute -kaldt og klart og med eit lett snødryss nedover fjellsidene.

Bortsett frå toget som tutar ned dalen og litt aktivitet på vegen frå naboane, flyt elva stille forbi og bruset frå Brekkefossen dempa av is.

Magisk!

I Haugen har me skrudd opp aktiviteten endå eit hakk: Det vert færre og færre dagar mellom marknadene og alle tar i for å kome rundt.

Takk til dykk alle som kjem innom oss på marknadene, me set umåteleg pris på tilbakemeldingane!

Det er rein energi-innsprøyting!

Tenk! Det er berre to helgar att med marknader før jul, det går berre fortare og fortare for kvart år som går.

Fokuset er på julemat no og me har framleis både pinnekjøtt, pinnesteik, svineribbe, lammerull, sylte, fersk hjort og fenalår i tillegg til litt anna spekemat.

Me tek også med bacon og Sognalapskaus.

Odd var på Golsfjellet og henta rein i går, dei heng til modning no og me gler oss til å ha fersk rein med oss siste helga med marknader før jul.

Me var lenge i tenkeboksen om me skulle ta inn rein sidan prisane diverre har gått opp fleire hakk, men etter mange førespurnader har me valt å ta inn for skjering både til dei som vil ha heile og halve kalvar og til dei som ynskjer biff, steik og filet.

Send gjerne ei bestilling til bestilling@haugengardsmat.no om du ynskjer rein i år :)

Med von om smakelege opplevingar og ei fredeleg førjulstid…

Kristine, Odd og resten av familien i Haugen


JULEMODUS

Pinnakjøt, svineribbe, julepålegg, fersk hjort, fenalår, anna spekemat og endå litt meir!
Det meste er med på bilen når me no gjer oss klar til ny marknadshelg.
Julebestillingar pakkast og vert med i aust og vest.
Har du ikkje bestilt endå? Går du inn på lenkja www.haugengardsmat.no/julebutikken er det framleis mogeleg å legge inn dine ynskje.

Bilete henta frå www.matprat.no

Odd på Vinkelplassen, Kristine i Birkelunden og Kevin på Fisketorget laurdagen, sundag er Odd og Kristine på Bærums Verk tradisjonen tru.

I Haugen er det kaldt og klart, eit lite snødryss på fjella rammar inn dalen og me ser for oss ein nydeleg helg på marknad.

Jammen går det fort!
Desember er allereie her, og det er no berre tre helgar att med marknadar på denne sida av jul.


Me skal stå på og bidra til, saman med våre fantastiske kollega, at lokalmat hamnar på julebord og under juletre også i år.

Med von om smakelege opplevingar, ei flott førjulstid og glede i kvardag og helg!
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Julemat på veg!

No byrjar det for alvor 😊
Det er marknader kvar helg frå til jul og me har med oss julematen for fullt.

Svineribbe frå eigne frittgåande gris
Pinnekjøtt, både røykt og urøykt av Sognalam
Pinnesteik av Sognalam
Lammerull og sylte
Fersk hjort

I tillegg kjem spekemat, bacon, Sognalapskaus for å nemne noko.

Me har fått ein heil del spørsmål denne hausten etter gardspate.
Den er med!

Det vert ei travel helg:
Kevin reiser til Bergen, Odd til Kolbotn, Kristine til Vika Terasse, Eldrid frå Sognalam skal vera på julemarknad i Aurland og Anita på Vikingmarked i Gudvangen.

Sundag står Bærums Verk for tur.
Me gler oss alltid til å kome dit.
No kryssar me fingrane for at alt er med og at me får ei flott helg alle saman!

 

Med von om smakelege opplevingar…
Odd, Kristine og resten av familien i Haugen

 

Vått og grått

Hei alle saman

Her i Flåm er det grått og vått i dag. Det går framleis bra, og vegane er så langt opne!

Tverrelvi går over sine bredder, som i fjor, men me kjem oss likevel greitt fram.

Om ikkje situasjonen forverrar seg, kjem me til marknader både i Oslo og Bergen.

I følgje værmeldinga skal alt snu til det betre i morgon og det vert fin marknadsdag både i aust og vest 😊

Målet er Bondens Marked i Asker, Vinkelplassen på Majorstua og på Fisketorget i Bergen. Alle tre marknadene er på laurdag og me deler oss: Kristine i Asker, Odd på Vinkelplassen og våre supre nevøar Kevin og Vetle på Fisketorget.

Det er no fokus på førebuingar til jul, så pinnekjøtt og pinnesteik er med. Jakta har vore ganske god, så me har med ein del hjort, både ytrefilet, indrefilet, grytekjøt, steik og kjøttdeig.

Av Sognalam vert det med mørbrad, filet og skank.

Sognalapskaus, hjortegryte, chili con Munvold, bacon og litt spekemat er det også plass til.

Julepålegget vert med frå og med neste runde på marknad.

Bestilling i julebutikken er opna, og me startar sending av pinnekjøtt rundt om i landet allereie neste veke.

Marknadsplanen er klar og oversikt over marknader me deltek på finn de her

Me ynskjer alle ei super helg!

Med von om smakelege opplevingar…

Kristine, Odd og resten av familien i Haugen


Springe fortare?

Nyhende frå Haugen

Stas med pris for beste Festival rett!

Hei alle saman -og takk for at de fyl oss både gjennom nyheitsbreva og på nettet.
Me set umåteleg pris på dykk alle!

Som de veit har me hatt ei tøff tid, men no er det verkeleg begynt å losne -og godt er det!
Då har me plutseleg ei anna utfordring: Kan me springe fortare?
Me er nemleg komen i den situasjonen at me treng fleire medarbeidarar i Haugen 😊

Me søkjer etter kjøttskjærarar og kokk og vonar at me i løpet av hausten har klart å få på plass minst ein til. I lengda held det ikkje, men kan vera ei viktig auke i dei komande månadane.

Grunna dette, har me måtta ta vanskelege val:
Redusere marknadsdeltaking

Førre helg var me på Bergen Matfestival. Det var heilt supert! Nydeleg vær og mange som møtte oss. Me vart også overraska med ein pris for beste festivalrett. Stas!
Komande helg er det Oslo og Vinkelplassen som står på kalendaren.
Då tek me med oss festivalretten frå Matfestivalen og vonar den slår like bra an i aust.
Så, ulikt det vanlege kan ein nyte ein matbit på stand hjå oss komande helg.

Me kjem både til Oslo og til Bergen på Bondens Marknad, men etter denne helga, må me konsentrere oss om produksjon for så å setje inn støtet i november og desember.
I oktober sender me ut link til bestillingskjema på nettsida slik at de også i år kan bestille og hente på marknad eller få varer som egnar seg til det, tilsendt i posten.


Her ser de oppdatert marknadsliste for oss:
September
(Bergen Matfestivel 2.-3. september)
Bondens Marknad Oslo på Vinkelplassen 10.september

November

BM Oslo Vinkelplassen + BM Asker 12.november
BM Vinslottet Hasle 13.november

BM Bergen 12. november

 

BM Oslo 26.november
BM Bærums Verk 27.november

 

Desember

BM Vinkel + Birkelunden 3. Desember
BM Bærums Verk 4.desember

BM Bergen 3.desember

 

BM Oslo Vinkel + Asker 10.desember
BM Bærums Verk 11.desember

BM Bergen 10.desember

 

BM Vinkelplassen 15.-17.desember
BM Bærums Verk 18.desember

BM Bergen 17.desember

 

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd i Haugen

Sommar, sol og PopUp på Otternes!

Sommar, sol og PopUp på Otternes!

No er finværet på plass og kokkane er i full gang med førebuingane til helgas PopUp.
Me gler oss til grøn, lokal og berekraftig mat kyndig levert av Raymond og teamet frå Kulturhuset i Bergen!
Alltid spanande å sjå, smake og nyte rettane som tryllast fram med råvarer frå Haugen gardsmat og andre lokale leverandørar.
Denne helga nyttar dei både vill hjort, lokalt kje og Sognalam frå oss.

Alltid spanan-de…

.. å sjå, smake og nyte rettane dei tryllar fram

Med viner frå eigen vinkjellar, handplukka av dei beste vert opplevinga komplett

Me oppmodar alle til å ta turen til popup’en på Otternes Bygdetun anten på dagen til piknik, eller til ei restaurantoppleving heilt utanom det vanlege!

Popup Otternes held fram til og med fyrste helga i september med nye kokketeam kvar veke. Det er ledige plassar i helgane som kjem, og skulle du ha lyst å ta turen vert det spesialpris (10% rabatt) på 7-10 rettaren for våre trofaste lesarar av nyheitsbrev 😊

For ein stad, og for ei glede! -alltid godt å kome dit!

Sjå gjerne filmen om prosjektet https://vimeo.com/677624061 passord: popup

Bestilling til popup’en kan gjerast på nettsida www.popupnorge.com eller ved å ringe Jannet på 47643848
Me gler oss og vonar å sjå deg på Otternes 😊

Med von om smaklege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen

Vårteikn

Tunet i dag

Regn, vind og åtte grader ute. Fossane veks og elva stig, men graset sprutar opp og dalsidene vert grøne, herleg!

Sikre vårteikn og lovnader om fint vær til 17.mai.
Dette vert bra!

Plutseleg vaknar ‘alt’ rundt oss.
Reiselivet merkar stor pågang, restaurantar har fulle hus, det har vore fleire cruiseanløp, Flåmsbana har fleire reisande og sentrum livnar til.  
Det betyr at også me i Haugen må henge i for å kunna levere det kjøkkensjefane etterspør og vil setje på menyane sine. Ei stor glede -og svært travelt

Det har vorte mindre marknader og reko for vår del som fylgje av dette og det er me lei oss for, men det er berre slik at døgnet ikkje alltid har nok timar eller veka nok dagar.

Det vert marknader denne helga. Sidan det ikkje er Bondens Marknad i Bergen, har me gjort avtale med Kolonialen slik at de finn ein del av våre varer her. Til dømes kjè.

I aust er det marknad på Vinkelplassen i morgon fredag, på Lillestrøm torg laurdag og i Botanisk Hage sundag. Odd og Kevin er snart klappa og klar til turen over fjellet med formaning om å ta det med ro -sommardekk er ikkje ideelt sjølv mot midten av mai!

I kjølebilen er det både grillmat, spekemat og kvardagsmiddagar. Me vil spesielt framheve kje og kjøttfulle grillnein denne gongen og vonar mange vil setje pris på dette.
Elles har me med biffburgerar av storfè og Grove gode Hjorteburgerar for grillen.

 

Så, ha ein fin ettermiddag, ein super helg og ein strålande 17.mai alle saman!
Med von om smakelege opplevingar frå alle i Haugen

Marknader før påske

Hallingskarvet

Hei alle saman
Her i Haugen går det mot vår i bygda, sjølv om låge temperaturar gjer at det grøne ikkje har overteke endå. I fjellet er det framleis godt med snø, og me har ei fin tid føre oss med gleda av vinter og ski i fjellet og vårsyslar på garden. «Vårvinter» ei ei fantastisk tid!

I produksjonen har me gjort klart varer me kan ha med oss på marknadene no før påskehøgtida.
Det er varer til pålegg, grill og høgtid, lette måltid og snacks til lange utedagar og kvardagar.

LAM
Lammemørbrad og lammeskank
Pinnekjøtt og pinnebog
Ljøsdalskorv og lammerull
Fenalår  og anna spekemat

HJORT
Indrefilet av hjort
Grytekjøtt, både med og utan bein av hjort
Hjortegryte med bacon
Hjortekjøttdeig
Hjorteburger til grillen

SVIN OG STORFE
Kjøttfulle Grillbein av svin og storfeburger til grillen
Sognalapskaus
Gards paté -Ein del som har venta på den!

Då pakkar me så mykje som mogeleg for å setje nasen austover denne helga og vestover den neste.

Det er marknad på Vinkelplassen i morgon laurdag 2.april og Vinslottet på Hasle sundag 3.april
Neste laurdag, den 9. er det marknad på Fisketorget i Bergen

Me ynskjer dykk alle ei retteleg god helg frå eit strålande kaldt og klart vårvær i Flåm og vonar me sjåast på marknad 😊

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Cart (0)