God jul alle saman!

Vinter i Flåmsdalen

Familie og vener er viktig, og i julehøgtida skal me ha merksemda på dei rundt oss.
Julefreden skal senke seg både i heimen og på nett.
Men fyrst:
Berre ei påminning om at pinnakjøtet skal i vatn og ligge i eit kar som rommar rikeleg med vatn ca. 16 timar og så dampast i 3 til 3,5. Sjølve nyttar me mandelpotet frå Lærdal i botn av panna, dekkjer så vidt med vatn og let det dampe sakte men sikkert. Ljøsdalskorv dampast på toppen siste halvtimen og kvilast på benken før ein serverer.
Så spreier lukta av jul seg i huset -himmelsk!

Svineribbe nyttar me i Haugen i romjula. Me har stor sans for gladkokken og oppskrifta han har på YouTube Den har me nytta dette til både ribbe og fleskesteik (kam). Om du ikkje har spesielle eigne familie-preferansar anbefaler me denne på det sterkaste.

GOD JUL TIL DYKK ALLE!
Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Siste innspurt før jul

I Haugen førebur me oss no til dei siste marknadene og reko før jul.
Det er alltid ein kabal som skal gå opp, men me har fått det til i år også!

Vår fantastiske nevø Kevin reiser inn på reko i Åsane og Fyllingsdalen på torsdag.
Han får med seg «minstemann» Jon på Bondens Marknad i Bergen laurdag og sundag.
Til Bondens Marknad i Oslo vert det Odd og Kristine som kjem. Fyrst torsdag til laurdag på Vinkelplassen, og så ei flott avslutning på Bærums Verk siste sundag i advent

Til marknadene vert det med pinnekjøtt og pinnesteik, fenalår, ljøsdalskorv, lammerull og sylte. Me har fersk rein, hjort og noko svin. Svineribbe er diverre stort sett oppbestilt, men me har alltid ein liten buffer ‘i tilfelle,’ og dette tek me med no til siste helga.


Det er framleis ei tid før me er inne i sjølve høgtida, og me tek med lette middagar med Sognalapskaus og Hjortegryte med bacon. Dette veit me mange set pris på i ein travel kvardag.

Listene med julebestillingar er sluttførte, og det pakkast no til kvar og ein.
Me kan diverre ikkje ta imot fleire bestillingar no, men me har det meste i disken, så me vonar å sjå dykk på marknadene!

(Bilete med løyve frå frå matprat.no)
I Flåm har temperaturen bikka på pluss att, og kakelinna vitjar oss også i år.
Istappane som fell ned i ura frå Hildaberg over Haugen skapar bulder og brak, og isen sveller opp på alle vegar. Akkurat no kan det sjå ut som me må førebu oss på jul utan snø i bygda. Men jul vert det!
Me gler oss til at familien samlast og me kan vera saman.

 

Med von om ei triveleg førjulstid..
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

JULA nærmar seg raskt -kva gjer me?

Jon i aksjon i Bergen

Marknad, restriksjonar og bestillingar.
Alltid travelt i Haugen 😊

Alle utandørs marknader gjennomførast.
Med munnbind og avstand, er det svært trygt å kome til oss og me gjer det me kan for å legge forholda til rette :)

Komande helg finn de oss på Havrommet i Bergen både laurdag og sundag, på Kolbotn laurdag og Bærums Verk sundag.

Neste veke vert me på Vinkelplassen torsdag 16.- laurdag 18., og på Bærums Verk søndag 19.12

I tillegg til Havrommet i Bergen både laurdag og søndag (18-19 des)


Me skulle ha vore i kantina til LMD i regjeringskvartalet i morgon fredag, men dette markedet er diverre avlyst. Dette har vore ei svært viktig marknad for oss, og me må innrømme at hjarta sank litt då me skjøna at dette ikkje lot seg gjennomføre. Vonaleg vil dei av dykk som hadde planlagt med handel i R5 kunna møta oss på ein av dei andre stadane i Oslo.
MEN: Me går på, med krum nakke, stiller på marknadene, og tek med oss bestillingane mange har lagt inn på sidene våre eller på bondens marknad sin bestillingsportal.

Me tek med oss pinnekjøtt, pinebog og pinnesteik, julepålegg, fenalår og kokelår.
Svineribbe og medisterkaker, så mykje som mogeleg. Mange set pris på vill hjort. Steik, filet tek me med oss både aust og vest.

I går var me på fjellet og henta rein, noko som er eit eventyr i seg sjølv. Dei heng til modning no og vert med siste helg før jul.

Ta vare på kvarandre!

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Adventstid, julemarknader og andre gjeremål for å verte klar :)

God kveld alle saman :)

Det er fyr i omnen og eit kvitt teppe har lagt seg over fjellsidene og dalen -vakkert!
Av og til er det viktig å stoppe opp og gled seg over tida, her og no :)

I produksjonen er me greitt i rute, og planen er klar for adventstida. Ikkje rom for mykje sprell, men alt vel, me har det travelt og trivst med det.

Nytt i år er at me skal delta på julemarkedet i Fana komande torsdag, fredag og laurdag. Det vert spanande!
Her er det den yngre garde som styrer, mens Odd og eg som vanleg fer austover. Morfar Egil og nevø Vetle styrer marknaden på Havrommet laurdagen -eg trur dei gler seg skikkeleg!

Det største problemet no er at me ikkje har nok av alle julevarer til å møte etterspurnaden på julemat frå Haugen.
Svineribba flyg ut, og det er diverre ikkje mogeleg å legge inn bestilling på dette lenger.
Har du bestilt, er alt i orden!
Me har ein liten “buffer”, og den sel me ut siste helg.

Pinnekjøtt og andre varer som hjort og rein kan du fortsatt legge inn bestilling på i julebutikken eller handle på marknadene :)

Me ynskjer alle ei god adventstid, vonar me sjåast på marknader i tida framover!


Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Skikkeleg haustvær!

Vinden tek tak i husa, men me pakkar ufortrødent vidare både på hjortegryta og varer til marknad for å freiste å kome oss over fjellet for å stille på Vinkelplassen på Majorstua på laurdag og Botanisk Hage på sundag.

Været gjenspeglar stemninga som har lege over Haugen den siste tida.

Me har teke eit siste farvel med mor til Odd, ei sterk og engasjert dame som etter lang tids demens og eit kort sjukeleie ikkje lenger er blant oss.

Livet går vidare, og var det ei som ville at me skulle stå på, så var det ho!

Kristine og Kevin kjøyrer over fjellet og stiller på marknadane både laurdag og sundag.

Laurdag vert også det nye produktet: Hjortegryte lansert i lokale Coop butikkar.

Odd skal vera med Coop Nordvest og stiller på demo i Sogndal i morgon, først på Coop Extra på Sjøkanten og seinare med smaksprøvar oppe på Fosshaugane stadion der Sogndal skal ha heimekamp. Hjortegryta som er laga på same «lest» som lapskausen vår. Skeive grønnsaker som ikkje passar i butikk. Bærekraft i praksis 😊

Gryta er sjølvsagt og med på marknadane no og framover.

På marknadane framover er det fokus på julevarer, både pålegg, pinnekjøtt og svineribbe frå grisene våre i tillegg til hjort, lam og andre meir kvardagsprodukt som Sognalapskaus.

Mange har venta på at fenalåra skal verte klare, og det er dei no. Me tek difor med oss ein del både no til helga og helgane seinare

Me vonar me ser mage av dykk til helga, og vil ynskje alle ei retteleg god helg.

Ta vare på kvarandre!

Med von om smakelege opplevingar…

Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Bondens Marked på Vinkelplassen i Oslo denne helga, Bergen neste!

Då er marknad-sesongen godt i gang for oss i Haugen og denne helga er det Oslo som står for tur.
Det er Bondens Marknad på Vinkelplassen i morgon fredag og laurdag.

Her vest har me hatt ein travel, tørr og varm sommar og tidleg haust. No trommar regndropane på taket og me er glad for at svært tørt beiteland, slåttemark, elv og fossefall etter kvart vil få meir vatn.

Ein del av Sognalamma er komen heim frå høgfjellet og dei neste vekene vil sank og ettersank vera fokus hjå sauebøndene i regionen. Me er heldig som kan ta med av det fantastiske og kjøttfulle lammet til marknadene i vekene som kjem.


Hjortejakta er godt i gang og me har som viltmottak det travelt i modningsrom og nedskjæring. Stykningsdelar av vill jakta hjort vil også vera med på til marknad i Oslo og Bergen.

Grisene veks og trivest i Haugen, og det skal dei få gjere ei heil tid endå.
Dagar dei får litt ekstra i form av for eksempel nedfallseple er storveges.
Ein fryd å høyre knaskinga 😊

Det har vore fullt liv på tunet gjennom sommaren og tidleg haust. Med fire+ aktive ungdommar i hus (eigne og «lånte»), kokkane på Otternes i kårhuset og andre vitjande, har det gått i ett her i Haugen.
Likevel har vorte tid til nokre turar på jakt både i reinsfjellet og i hjorteli.
For oss er dette rekreasjon, samhald og påfyll av energi.
Ei god opplading til ein travel haustsesong.

Bratt lia typisk hjorteterreng!

Bratt lia typisk hjorteterreng!

Det vil verte nokre færre turar austover enn vanleg slik det ser ut no, men Haugen Gardsmat vil likevel delta på minst 20 marknadsdagar totalt sett denne hausten. Turane til austlandet er det mest praktisk at Odd og eg tek sjølv, mens «ungane», Jon og Kevin er sjefar i Bergen -kanskje morfar Egil også trør til ein gong i blant.
Oppdatert liste på kva marknader me deltek på finn de her.

Me ynskjer dykk alle ei god helg, og vonar me sjåast på marknadene utover hausten!

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Sognalam på veg heim frå høgfjellet

Sognalam på veg heim frå høgfjellet

VÅR, pinse, familie, grill og Bondens Marked!

“Fantastiske nyheter” var overskriften på informasjon fra Bondens Marked Bergen i dag.
Det kan arrangeres Bondens Marked i tida framover.
Dette er godt nytt for alle som er glad i å møte oss produsenter, slå av en prat og handle direkte fra det flotte utbudet på marknaden!
Me i Haugen jobber med å få kabalen til å gå opp og vil oppdatere så snart me har planen klar!

Elles?
Våren er definitivt komen!
Sau og lam er på veg til fjells, og i tunet arbeider me med å få rydde hage og sjå kva som har overlevd den kalde perioden i vinter.
Slik er det her hjå oss, me må finne oss i litt ‘tap’ etter tøffe vintre.

tunet3.jpg

I pinsa vert det fokus på familien.
Grillen har allereie vore i bruk ei heil tid, og vert nok flittig brukt også denne helga.
Mens nokon har fokus på tunet, er andre på dugnad for å rette på ei bru på stølsvegen til ein av våre gode naboar. Alltid kjekt!

Elles er me svært positive med tanke på sommarsesongen!
Me er heldige som skal få vera med på PopUp Otternes i sommar.
Det vert spanande og kjekt! Det at kokkane skal bu her i tunet hjå oss er ekstra triveleg, og me skal gjere det me kan for at dei skal få eit fint opphald her i Flåm, verte kjend med området, lokalmatprodusentane og mogelegheitene me har i regionen.
Kanskje me ser deg der i sommar?
Dei kjøttfulle grillbeina våre som er tørrmainert og sous vide-behandla er komen ut i butikk, og fleire og fleire kjem til.
Reiselivet har trua på ein god sesong, og me leverer stadig meir til hotell og restaurantar i nærområdet.

Me dette ynskjer me alle ei fin helg, og vonar å sjåast om ikkje så lenge!
Med venleg helsing
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Lengt etter vår

Hei og hopp alle.

Då er mai månad snart over oss, og våren er absolutt på gang. Været her i Flåm dei siste dagane har vore nydeleg, om enn litt kaldt. Vonaleg kjem dette seg og, i dagane frametter. Det treng me, skal det verta fart i alle vekstar. Lamminga er no i full gang i Sogn som så mange andre stader. Gode kollegaer som no er i gang med vårens vakraste eventyr vil snart ha behov for å få sleppa sauer og lam ut på beite. Press på plassen i fjøsen er alltid utfordrande, og i tillegg er det ingen ting som kan konkurrera med årets første ferske gras. Tidleg utslepp dannar grunnlag for flotte lam til hausten. Døgnteperaturar over 4 grader er det som no skal til, til beste for både folk og fè 😊

 

Komande veke skal me delta på Reko-ringar både i aust og vest.

Ved lista over rekoringane under vil de finna lenke til annonsa vår under dei ulike rekoringane. Her vil det vera mogeleg å klikka seg rett inn i «feeden», og legga inn bestilling dersom ein skulle ynskja det 😊

Alle tilgjengelege produkt vil vera lista i annonsa.

Vonar me vil treffa mange av dykk 😊

 

Tysdag 27.04:

 Reko-ringen Bergen Sentrum  ( Kl 17-17.30) https://www.facebook.com/groups/229566011437134/permalink/459278021799264

 

Reko-ringen Fana (Kl 1815-1845)

https://www.facebook.com/groups/2377478842509796/permalink/2869280566662952

 

Reko-ringen Os (kl 1945-2015)

https://www.facebook.com/groups/726457147718063/permalink/1359838787713226

 

Onsdag 28.04:

Rekoringen Sandvika ( kl 1945-2015)

https://www.facebook.com/groups/REKOSANDVIKA/permalink/738181153545704/

 

Bondens Marked Utlevering Vinkelplassen Majorstuen (kl 15-16)

Her må ein logga seg inn i portalen til Bondens marknad, for å kunna legga inn bestilling.

https://bestilling.bondensmarked.no/marked/vinkelplassen-majorstuen/

             

Onsdag 12 Mai

Bondens Marknad Utlevering, Vinkelplassen Majorstuen (15-16)

https://bestilling.bondensmarked.no/marked/vinkelplassen-majorstuen/

 

Bondens utlevering Asker (kl 1645-1730)

https://www.facebook.com/groups/2765450503550299/search/?q=odd%20lothe%20ohnstad

Med von smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

 

Cart (0)