Bestill her - hent på marknad

Det er mogeleg å bestille ein del varer som me pakkar klart til dykk for henting på marknader me deltek på, eller i vår eigen Julebutikk som vert ein del av Bergen Julemarked på Festplassen i Bergen. Marknaden er open frå og med torsdag 7. desember til og med laurdag 23. desember. Meir info finn du etter kvart på www.bergenjulemarked.no

Nokre produkt er mogeleg å sende i posten, det er produkt som ikkje er avhengig av kjøling. Desse produkta er merkt i skjema under. Så langt det er mogeleg vil det også vera tilbod om kjøp av heile og halve slakt som me skjærer ned og pakkar til deg. Sjå meir info her

Betalingsmåtar på marknad:
Alle varer kan betalast med kort, debet eller kredittkort. Du kan også Vipse: 83931 Haugen Gardsmat as. Kontant fungerer også framleis.

Sendast varene i posten er Vipps føretrekt betalingsmåte, kjapp og enkel. Me tek kontakt når bestillinga er pakka for sending, informerer om totalsum inkludert fraktkostnader. Vipps, så er varene på veg til deg. Dersom me skal sende rekning, må dette avtalast på førehand.

Merk at alle bestillingar her vert sett på som eit sal, og uavhenta varer vil bli fakturerte.
Bestillinga: angi tal kg eller stk du ynskjer i skjemaet under, men ver klar over at vi ikkje alltid kan levere heilt nøyaktig på "grammet"