No er det full fart framover!

Morfar kosar seg på marknad i Bergen

Morfar kosar seg på marknad i Bergen

Hei alle saman!

Det er kortare dagar, men i Haugen er det full aktivitet før lyset set preg på bygda.
Marknader, reko og private bestillingar er i fokus, og me heng i så godt me kan.
Då er det godt at me har “lada batteriene” med mange fine dagar i fjellet (og nokre til om alt går etter planen)

Denne hausten, for ikkje å snakke om året, har vore heilt spesielt for oss alle og me vonar de har det bra, trass ‘alt’.
Det me, som dykk andre, kjenner og set pris på, er all varmen frå medmenneske som bryr seg. Det hjelp oss å få rett perspektiv på livet og gjev oss inspirasjon til å rette blikket fram og opp.
For ei glede det er at me har kvarandre!
Me vil spesielt sende ei helsing til reiselivet, hotell -og restaurant verksemdene som har tøffe tider. Me tenkjer mykje på dykk!

Ein av dei sikraste tinga me veit er: Det blir jul ! -og nyttår kjem uansett korleis verda elles ser ut!

Dersom du ynskjer varer frå Haugen på bordet i ei travel førjulstid, eller til høgtida, er det lurt å handle tidleg på Bondens Marked i Bergen eller Oslo, eller legge inn bestilling på Bondens Utlevering i Asker, eller reko-ringane me deltek på.

Om ikkje restriksjonar set ein stoppar for det, finn du lista over marknader her

Nytt av året er førehandstinging gjennom Bondens Marked si nettside. Den er førebels klar i Oslo, og kjem vonaleg til Bergen også.
De finn også vårt eige bestillingsskjema som vanleg inne på nettsida vår; www.haugengardsmat.no/bestillingsskjema
Nokre av dykk saknar at det er mogeleg å bestille svineribba frå grisene våre på vårt bestillingsskjema. Grunnen er enkel: Pågangen stor, og me må halde full oversikt over talet bestilt til ein kvar tid slik at me ikkje lover nokon noko me ikkje kan halde.

Så: bestill svineribba, pinnekjøtet og andre julevarer så tidleg som mogeleg, anten gjennom desse portalane eller direkte til oss på e-post til bestilling@haugengardsmat.no så snart som råd :)

Maja jul.jpg

Me ynskjer dykk alle gode dagar, og vonar å sjåast i tida fraover!


Med von om smaklege opplevingar….
Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen



Ingen jul utan....

Flott bilde lånt frå matprat.no :)

Flott bilde lånt frå matprat.no :)

Hei alle saman!
”Ingen jul utan julemat frå Haugen” Ja, slik innleiar ein del e-postar me får frå dykk desse dagane.
Mange har allereie byrja å planlegge jula :)
Så, no er bestillingsskjema klart på nettsida. Her finn de både julemat og andre godsaker frå oss i Haugen: www.haugengardsmat.no/bestillingsskjema

jakt2020.jpg

I dag vakna me til snødryss på fjella og eit litt kaldare vær.
Hausten er ei fin tid, fargane, lufta og opplevingar med fjord og fjell.
Arbeidet her i Haugen går for fullt, og kvar veke er det Sognalam og vill hjort som skal gjennom produksjonsprosessane her hjå oss.
Grisene våre veks og trivast og driv stort sett med sitt.

Aktiviteten på marknader er litt mindre i år enn tidlegare, og når marknader vert avlyst grunna ulike smitteverntiltak, vert møtepunkta færre. Det er eit sakn, og me gler oss til å sjå dykk att etter kvart!
Me er med på reko her i vest, men det er framleis usikkert om me kjem oss austover før marknadene me er sett opp på.

Helgane har no vore nytta til jakt og triveleg samvær med familie og vener.
Det gjev oss energi og er ei god opplading til travle veker og ei hektisk førjulstid.

Me ynskjer dykk alle ei retteleg god helg!


Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

REKO-RINGAR og BONDENS MARKED

Hei alle saman!
Som dei fleste har fått med seg, er Bondens Marked i Bergen avlyst i morgon laurdag 26.september grunna Covid 19.
For oss, og andre produsentar er dette utfordrande då dei fleste har gjort klar ein rekkje varer.
Då er det godt me har reko-ringane!
Komande tysdag den 29.september kjem me til Bergen Sentrum kl.17.00-17.30 (Skur 15 C.Sundts gate i Sentrum), Fana (Nordahl Grieg Vidaregåande skule) kl.18.30-19.15 og Os ved Vognhallen kl.20.00-20.45.
Rekoringen fungerer slik at ein bestiller på førehand, og hentar det ein har bestilt på oppsett tid. Betaling skjer på vipps.
Enkelt og greit :)
Bestilling skjer i kommentarfelt på Facebook under annonsa vår for den ulike reko-ringen. Har du ikkje Facebook eller ynskjer noko me ikkje har lista der, kan du bestille på e-posten vår: bestilling@haugengardsmat.no

Lam heim.jpg

Sognalam av ypperste kvalitet på veg heim frå fjellet.

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Matfest i Bergen førre helg, Matlarm i Oslo denne helga

Odd+og+Kristine.jpg

Hei alle saman!
Det er godt å vera i gang att!
Me var i Bergen førre helg, og no gjer me oss klare for å kome til hovudstaden og Matlarm.

Det er Matlarm i Oslo, noko som vert eit supert alternativ til Matstreif som grunna tiltaka kring Covid 19 ikkje kunne avviklast i år. De finn oss både på Vinkelplassen og i Bjørvika. Info finn de her: www.matlarm.no

Sognalam, slakta rett frå høgfjellet. Fersk hjort, langtidsmodna spekeskinke, krydderbiff, bacon, Sognalapskaus og kjøttbollar.
Me vert også godsaker til wok’en vår på stand: Plukk-lam (‘pulled lamb’) som me oppmodar dykk til å smake på, i tillegg vert det storfeburger av skotsk høylandsfe frå Brekke i Flåm.

På Vinkelplassen på Majorstua står Kristine og Kristian. Utanfor Deichmanske bibliotek i Bjørvika finn de Odd, Kevin og Harald.

Pulled lam.jpg

Hjarteleg takk for alle gode ord! Me gler oss til å sjå dykk att!
Med von om nye smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

#HaugenGardsmat #MedKjærleikFråFlåm

Sekken vår vart for tung å bera

Me har fram til i dag gjort det me kunne for å gå vidare med rammene som ligg, men når hotell og restaurant-marknaden forsvann over natta, vart bortfallet av marknad på opp mot 80%, for tungt å bera. Styret i Haugen Gardsmat har i dag begjært oppbud i det me har sendt verksemda til skifteretten.

Året 2020 starta så fint, 60% omsetningsvekst i høve 2019, men til tross for dette skulle det berre tre månadar til med Covid 19 for å setta stopp.
Som selskap ynskjer me å opptre så ryddig som mogeleg, og styret har difor over tid vore i dialog med bank og Innovasjon Norge.
Mange lokalmat-entusiastar har stilt opp og alle samarbeidspartnerar har vore ein stor styrke, men det har diverre ikkje vore nok.
Til tross for ein svært god prosess, var det ikkje mogeleg å fortsetje.
Me er svært takknemmeleg for at Innovasjon Norge og vår lokale bank, Sogn Sparebank har møtt oss på ein svært god og konstruktiv måte.

Me er audmjuke og takknemmelege for initiativ og bestillingar frå alle våre kundar, både private personar og ulike føretak.

Me jobbar no hardt med å finna alternativ for at Haugen Gardsmat skal halda fram som varemerke, og leva vidare om enn i ei anna form. Me ynskjer å kome sterkare tilbake, og startar så raskt som mogeleg med jobben for å berge livsverket vårt på ein eller anna måte, for å forhåpentlegvis å kunna gleda gode kundar med gode smakar også i framtida. 

Tusen takk til alle som har støtta oss i det me har kjempa hardt for i mange år.
Det har vore eit eventyr og me håpar på fleire nye i framtida.

Med von om at me sjåast snart igjen…

Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

#HaugenGardsmat #MedKjærleikFråFlåm

Saman

I går, sundag, etter travle veker med Reko-ringar og Bondens Marked vart det tid til litt refleksjon her på tunet i Haugen. Fuglane har konsert rundt oss, elva og fossen brusar og me kjenner fred i sjelen.
Det er godt å vera.
Engasjement, omsut og alle som gjer ord om til handling har verkeleg varma og gleda i vekene me har bak oss. Som me tidlegare sagt, men som me ikkje kan sei for ofte: Me er takksam og audmjuk.
Familie og vener, gode og nære kollegaer og ikkje minst alle dykk som møter oss ute, gjer oss sterkare og styrkar oss i trua på framtida.

Marknad og utleveringar er no over for fyrste halvår, og me skal no ha fokus på gjester i tunet, arbeidet på garden, utleveringar til hotell og restaurant, før me kjem sterkt attende til nye ‘møter’ til hausten.
Nokre av dykk ventar ikkje så lenge, og har allereie planlagt tur til Haugen, Flåm og Sogn denne sommaren, Så flott!

smågris mai 2020.jpg

JEPP :) Grisene kosar seg! Dei er framleis små, og litt forsiktig beveger dei seg rundt på området. Dei utforskar og er ute på stadig nye eventyr. Dei held stort sett saman i tre grupper, og har funne funne sine vener og sin plass i flokken.
det er ikkje uvanleg å kome attende med “stempel” frå grisenasen på klærne når me er borte og helsar på.
Sauene er stort sett reist oppover bakkane på veg til fjells, graset er klart for fyrste slått og me går inn i ei tid med fokus på gardsarbeid, vedlikehald og oppgraderingar der det er mogeleg å få til.
Me kjem også til å få vitjing av ein del av dykk som nyttar ferien til å reise i eige land.
Om de vil overnatte i Haugen kan de sjekke desse tilboda:
KÅRHUSET, plass til maks 6 (2 soverom pluss sovesofa i stova)
ELDHUSLEMMEN, plass til 2 (studioleiligheit)

Me ynskjer dykk alle ei retteleg god summar, og så sjåast me!
Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat





Marknadar i Bergen og Oslo 05.06 og 06.06

Hei Alle!

Det har vore travle dagar og difor alt for seint utsendt brev denne gongen.
I dag er me tilstades i Oslo på Vinkelplassen. Me er ferdig opprigga, og klare for besøk :-)
Så kombinerer me med litt kontorarbeid på stand denne gongen.
Me står her fram til kl 17.00 i dag.

Kristine.jpg

I morgon skal me til Kolbotn torg (10-16). Vonar været held seg (førebels betre enn meldt).

Morfar Egil og Kevin vil vera til stades på Fisketorget i Bergen i morgon mellom kl 10 og kl 16.

Denne gongen har me med:

Hjort: Ytrefilet, indrefilet, Grytekjøtt med bein, grytekjøtt uten bein, kjøttdeig, burgerar og karbonader

Lam: Indrefilet, mørbrad, kjøttdeig,

Diverse: Sognalapskaus, kjøttkaker, div kjøttbollar og gardspatè

Spekemat: Oppskoren krydderbiff, og oppskoren svin ytrefilet


Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Snart juni: Marknader, reko og invitasjon :)

received_857790094686602.jpeg

Har du det på same måte? Det går fort!

Det er snart juni og me nærmar oss slutten på vårens marknad-sesong.
Dagane er lysare og lengre. Det spirar og gror, og likevel er ikkje skisesongen over i høgfjellet.
Ei fantastisk tid!
Me har hatt ei annleis vår i år, som alle dykk andre.
Den har vore travel og utfordrande, men me har mykje å gle oss over.
Det å kunna møte dykk alle på Reko-ringar og marknader har vore energi-gjevande!
MEN ME ER IKKJE FERDIG ENNO og lista over deltaking er no oppdatert, den finn du HER.
Mange har snakka om å vitje oss gjennom åra. Herved ein open invitasjon: Me har eit Kårhus og ein studioleilighet på Eldhuslemmen me leiger ut gjennom Airb&b.
Tek du kontakt kan du også bestille middag i Grindløa. Litt lokale matvarer til andre måltid kan me tipse om, eller ordne til de kjem.
Kanskje me sjåast? -det hadde vore kjekt!

Til helga reiser Odd til Bergen og Bondens Marked. Morfar Egil og Harald stiller på Fisketorget.

Neste veke er det REKO-RING i: Sandvika, Åsane og Fyllingsdalen. Det er Bondens Utlevering i Asker før marknadshelg i Oslo med Vinkelplassen fredag og Kolbotn Torg laurdag :)

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)