Sol?

Utsikten frå Fjordsenteret

Utsikten frå Fjordsenteret

Det er så utruleg fint ute no!
Sol på fjella, kaldt og klart.
Men, det er ikkje fritt for at me gler oss til me får sola inn på tunet att om ikkje alt for lenge!
Då slepp me det me har i hendene, så sant det er mogeleg, og nyt dei minuttane ho er her.

Godt me har kort veg til større høgder og «meir himmel»!
Som dei fleste andre i bygda, gler me oss over gode forhold i fjellet, og har mål om å finne sola i morgon :)

Elles er det i Haugen som for så mange andre: Teams, Skype, Zoom og eg veit ikkje kva. Me har fått fagleg påfyll frå Bondens Marknad, innføring i ulike andre fagemner frå andre samarbeidspartnarar, og fått delteke på Bondens Marknad Bergen sitt årsmøte.

Det betyr at marknadsplan for våren er spikra i Bergen, og me planlegg deltaking for vår del laurdag 27.mars.

Når det gjeld deltaking i Oslo er dette framleis uklart for vår del. Mykje avhenger av smittesituasjon og restriksjonar.
Men, me vonar at me skal vera på plass i Oslo ihverfall ein gong før påske!

God helg alle saman!

Helsing Kristine, Odd og resten av familien i Haugen :)

Cart (0)