Tid for kje

Vårløysing i bratte bakkar :)

Vårløysing i bratte bakkar :)

Hei alle saman!

Dette har vore litt av ei veke!
Me har vore på studietur saman med andre verksemder, administrasjon og politisk leiing i fleire av kommunane i Indre Sogn. Me reiste til Burgos i Spania og har fått med oss mange spanande verksemder som driv med lokalmatproduksjon og lokale innovasjonselskap.
Det er alltid inspirerande å kome “utaskjærs” og sjå korleis andre arbeider og kva utfordringar dei ser i si verksemd og for sin region.

Å vera borte på tur, gjev nokre utfordringar her heime i høve produksjon og ferdigstilling til marknad.
Sidan Lærdal Grønt også deltok og dei som var att var pressa på tid, vart det ikkje mogeleg å ta ny runde av Sognalapskausen denne gongen. Me me lovar å kome sterkt attende!

MEN me tek med oss alt me har av KJE både til Bergen og Oslo. Du kan kjøpe kjeribbe, kjebog kjelår og kjeside.
Tradisjonsproduktet hakkasteik får også plass på bilen, og me vonar endå fleire vil teste den :)

ELLES FINN DU:
Lammebollar, Tapasbollar, Viltbollar og Viltkarbonader

Lammeskank, Skiva marinert lammelår, mørbrad, Skiva lammebog og Kjøttdeig av lam

Hjort grytekjøtt m/ bein, Viltkraft og kjøttdeig av hjort

Me har også fått steikt opp gardspatè :)

Av spekemat finn de Krydderbiff, Gullskinka: Langtidsmodna spekeskinke og Fenalår

Me tek med oss tørrsalta Bacon og “engelsk bacon”

Det er morfar Egil, Silje og Harald som stiller på Fisketorget i Bergen.
Me reiser til Vinkelplassen i Oslo.

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Bergen og Oslo denne helga :)

fjorden vår2.jpg

“Vår-vinter”?

Hei alle saman!
Frå dag til dag endrar vær og føret seg her hjå oss, den eine dagen luktar me vår, den neste er vinteren attende. Ikkje heilt uvanleg.
Me har hatt to veker med fokus på utvikling av nye produkt, og tek med oss eit av desse til Bondens Marked denne helga.

Me testar ut SOGNALAPSKAUS

Dette er eit produkt me har laga i samarbeid med Lærdal Grønt.
Dei har same fokus som oss på bærekraft og gode råvarer.
Kvart år er det ein del fantastisk flotte grønnsaker som ikkje passar marknaden i høve storleik og form. I staden for at desse skal kastast, ynskjer me å i fellesskap nyttiggjere dei i gode, enkle tradisjonsprodukt.
Fyrst ut er Sognalapskaus, eit produkt me fekk testa på Fjellsportfestivalen og fekk gode tilbakemeldingar på. No ynskjer me å invitere våre BM entusiastar til å vera med å sei si meining.
Me tek med oss lapskaus i panna som de smakar på og vonaleg tek de dykk tid til å fylle ut eit lite skjema som me kan ta med oss vidare i utviklinga av produktet.
Me tek også med oss nokre pakningar de også kan kjøpe med dykk dersom det er ynskjeleg.
Desse er på 1 kg og er rikeleg for middag til to. prisen har me sett til 75 kr pr pk.

Elles har me med oss:
Lammebollar, Tapasbollar, Viltbollar, Viltburger

Lammeskank, Skiva marinert (1,5-2cm thick), Lammemørbrad, Skiva lammebog og Kjøttdeig lam

Kje ribbe, Kje bog og spe-kje pakningar

Hjort grytekjøtt m/ bein, Kjøttdeig av hjort og Viltkraft

Hakkasteik og Lapskaus

Gardspatè

Krydderbiff, Lang tids modna spekeskinke og Fenalår

Bacon, begge typar.

I Bergen tek me med wok slik at det vert Hjorteburger å få kjøpt på maknaden.

Det vert Odd og Kristine som reiser til Oslo. I Bergen vert det morfar Egil, Silje og Harald som styrer boden.

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Klar for ny marknadsesong!

marknadsbilde.jpg

Då er gler me oss til ny marknadsesong!

Det vart svært travelt for oss før jul, og det var godt å ha familie og vener samla i Haugen til jule -og nyttårsfeiring.

Takk for alle helsingar og gåver til jul, det varmar.

Januar og hittil i februar har me arbeidd med planar og produksjon med fokus på hotell og restaurant, men no er me klar og gler oss til å starte att med Bondens Marknad.

Lista for marknader framover finn du her: www.haugengardsmat.no/bondensmarked

-og først ut er Bergen fyrstkomande laurdag, den 23. februar.

Fyrste marknad i Oslo vert på Vinkelplassen laurdag 9. mars.

Etter værmeldinga vert det ein flott laurdag i Bergen.
Odd, Jon og Harald er klar og har med seg:

Spekemat
Krydderbiffen er klar, og det er også ein del av den langtidsmodna spekeskinka :)

Fersk kjøt
Kje: Side med rygg (super å heilsteike) og bog
Lam: skank, skiva marinert lammelår, mørbrad og kjøttdeig
Hjort: Grytekjøtt på bein og kjøttdeig

Kjøttbollar (lam, vilt, tapas) og karbonade (vilt)
Tørrsalta bacon og hakkasteik

I tillegg fyrer gutta i gang wok’en slik at de kan få nysteikt hjorteburger på torget.

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Haugen Gardsmat heile vegen fram til jul :)

Hei alle saman!

Aurlandsfjorden i desember.jpg

Midt i ei travel førjulstid er det viktig å trekke pusten og nyte ei fin morgonstund.
Dette er bilete frå Aurland i dag tidleg.

No går det fort i svingene!
Denne veka var det tid for å hente rein på nydeleg vinterfjell, og gler oss igjen over dei flotte slakta.
Heime har me fullt fokus for å kunna skjære, produsere og pakke så mykje som mogeleg til kvar einaste marknadsdag.
Ein har alltid hjarta i halsen når listene med bestillingar skal pakkast og fordelast mellom dei ulike marknadene, og vonar at sjekk og dobbeltsjekk gjer at me no er ajour!
Komande helg er den støreste helga i året når det kjem til førehandsbestillingar, og det gler oss at så mange ynskjer julemat frå Haugen.

No er “julebutikken” på nettsida stengt for bestillingar, og me tek ei oppteljing når alt er pakka slik at me har oversikt over kva me har att “som ikkje har namn på seg”.
Det me med sikkerheit kan sei, er at me vil så langt som mogeleg ha med oss av alle slag. Det vert noko fersk rein og hjort komande helg, me har att av pinnabog og fenalår, og at det sannsynlegvis vil vera nokre svineribber og noko pinnakjøt.
Julepålegget har me produsert opp att denne veka slik at det skal det vera rikeleg av dette i tida framover.
Me skal prøve å oppdatere dykk på status etter kvart.

Me ynskjer dykk alle ei framleis god førjulstid :)

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Julemarknader for fullt!

Hei alle saman!

Bergen Julemarked

Då er me ordnetleg i gang med julemarknadene!
I går byrja Bergen Julemarked der me står til og med laurdag 22.desember.
De finn oss på same plassen som i fjor.
Me skal sjølvsagt delta på Bondens Marked også, både i Bergen og i Oslo.
Oversikten over kvar me er, finn du her.

For fyrste gong i år er det med svineribbe frå med til Bondens Marked.
Som de veit, er talet begrensa, så det er lurt å anten bestille, eller møte opp tidleg for å få med seg den som passar deg best :)

Veldig gledeleg at så mange nyttar bestillingskjema på nett, dette gjer det enklare for oss å halde oversikt.
Minner om at bestilling på heil eller halv reinskalv må inn så snart som mogeleg!

I Haugen er det sjølvsagt travle tider, det likar me :)
Mykje byrjar å verte klart, men det skjerast hjort og no også eigne griser kvar veke, i tillegg til pinnakjøt som skal skjerast, bestillingar som skal pakkast og fenalår som skal hentast ned frå modning. Pålegg lagar me kvar veke, og får me medisterkakene gjennom pakkeprosessen, vert også dette med til helga :)

Me ynskjer dykk alle ei retteleg triveleg førjulstid, og vonar å sjåast på marknadene framover :)

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Kolbotn 24.11. Bærums Verk 24. og 25.november

Hei alle saman!

Varelevering til Vatnahalsen :)

Varelevering til Vatnahalsen :)

Då er me etter kvart på veg austover.
Denne helga finn de Guttorm og Ingrid Marie på Bærums Verk både laurdag og sundag i samband med tenning av julegrana.
Odd reiser til Kolbotn torg laurdag.

På tide å sikre fersk svinekjøt frå våre utegangargris!
Me sende fyrste runde med gris til slakt denne veka og vil fortsetje med det i vekene som kjem.
Det er lurt å bestille svineribbe og andre stykningsdelar no, så tek me det med på marknadene framover.

Fenalår
Dei fyrste fenalåra er klare og vert med på marknaden saman med speka ytrefilet og krydderbiff. Dette er smakelege julegåver mange set pris på.

Pinnebog, pinnakjøt av lam og hjort, Olina’s syltaflesk, lammerull, kokelår og gardspatè. Fenalår, speka ytrefilet og krydderbiff, bacon og kjøttbollar, me tek med så mykje me har plass til!
Av fersk kjøt vert det med både lam og hjort, så litt for ein kvar smak i disken.

På Bærums Verk er det julegrantenning på laurdagen og det er venta mykje folk innom.
Me har fått plass nede langs veggen på handelshuset, på venstre side av inngangsdøra ned mot elva, vonar de finn oss!

Denne veka har elles vore svært variert med mange ulike arbeidsoppgåver for alle mann. Ute har landskapet hatt eit eventyrleg preg der alt har vore rima i bygda. Kjem du over 400 meter, er det bar bakke og endå høgare: sol. Nydeleg.

Me ynskjer dykk alle ein strålande fradag, så sjåast me på marknad.

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd

Bondens Marked Fisketorget og Vinkelplassen

Pinnekjøttbilete frå www.matprat.no

Pinnekjøttbilete frå www.matprat.no

Hei alle saman!

Har de det på same vis?
TIDA FLYR!

Me er på veg til Bergen og Oslo i skrivande stund.
Denne gongen har me kome endå litt lenger i førebuingane til jul, og har med oss syltaflesk og lammerull, pinnakjøt og pinnebog.
Kan nemne at me har laga litt pinnekjøt av hjort også.

Fersk hjort og lam er det også på bilen i tillegg til spekemat, bacon, boller og hakkasteik.
Så kjekt at så mange valgte å ta med hakkasteik heim sist helg, det er eit spanande tradisjonsprodukt med mange valmogelegheiter når det gjeld tilbehør:)

I Flåm har me travle dagar og gler oss over at været har betra seg.
De finn Egil, Morven og Jon i Bergen, husbonden og eg er på veg over fjellet.

Med von om smakelege opplevingar….
Kristne og Odd (husbonden)

Oste-VM med gode tilbehør i Bergen og Bondens Marked i Oslo

Typisk hjorteterreng i Flåmsdalen

Typisk hjorteterreng i Flåmsdalen

Hei alle saman!

No går det fort i Haugen og me er komen godt i gang med marknadsesongen.
Me har alle saman nok å henge fingrane i, og me fortset med fokus på fersk hjort og lam, pakking av bestillingar og førebuing til marknader.
Denne helga finn de Odd, Egil, Morven, Jon og Harald utanfor Grieghallen i Bergen saman med andre Bondens Marked deltakarar. Me skal vera med å setje ein ekstra spiss på Oste-VM. God ost, treng god spekemat. Tradisjonelt er det også vanleg å nytte kvit geitost til middag her hjå oss. Spesielt dersom ein har kjøt eller kjøtkaker og brun saus :)

Me skal også til Oslo og møter på Vinkelplassen på Majorstua laurdag og i Botanisk Hage på sundag.
Ikkje alle har klart å funne oss på Vinkelplassen, me har fått plass heilt innerst i kroken. Vonar de kjem og vitjar Ingrid Marie og meg der :)

Dette vil me trekkje fram denne gongen:
Me har med oss PINNEBOG for fyrste gong i år; har skore meir LANGTIDSMODNA SPEKESKINKE; me har laga grytekjøtt av lam (utan bein) og HAKKASTEIK FRÅ SOGN.
Hakkasteiken treng kanskje litt forklaring? Det er salta og røykt lammekjøt og svinekjøt som er kokt saman med byggryn og krydra med pepper. Den vert også kalla BRURASTEIK og vert nytta både til kvardag og fest.
Du steiker den på steikepanna, då ser det etter kvart ut som ein slags kjøttdeig. Tradisjonelt har ein ofte potet, kålrabi og kvit saus (gjerne løksaus) til. Men, som ein kjapp lunsj eller middag går det godt an å ha hakkasteik, steikt egg med rennande plomme og steikt lauk dandert på ei god grovbrødskive. Strør du litt graslauk over er retten komplett :)
INTRODUKSJONSPRIS: kr. 50,00 for pakken.

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd

Cart (0)