Vinkelplassen laurdag 13.oktober

Haugen.haust.jpg

Hei alle saman!
Me er på veg til Vinkelplassen på Majorstua denne helga.
Det er marknad i Bergen også, men denne gongen klarer me ikkje å stille begge plassar.
Me beklager det så mykje og lover å kome sterkt tilbake!

Biletet her er teken i går, ein flott dag og eit velkoment avbrot frå alt regnet og gråværet.
Ingenting er som krystallklare haust dagar, og me vonar me får ein del av det framover.
No er farenivået på gult både når det gjeld flaum og ras, så me fyl godt med på både elv og fjellsider.

Odd og eg reiser til Oslo i dag og stiller på Vinkelplassen i morgon tidleg.
Grunna arbeid på Valkyrieplass skal me vera her framover.
Me har med oss fersk lam og hjort. Kjøttboller og bacon. Litt spekemat vert det også plass til.
Fenalår, pinnebog og pinnekjøtt heng no og me gler oss til å kunna ta dette med fram mot jul!

Me ynskjer alle ei retteleg god helg og vonar me sjåast på marknad!

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Fisketorget laurdag og 'pop-up' ved Bakstehuset på Ask på søndag

Haustfargar i fjellet

Haustfargar i fjellet

Hei alle saman!

Mykje vær for tida!
I Flåm har me merka både regnet og vinden, men alt har gått bra.
Me er godt i gang med skjæring av lam og hjort.
Grisene våre kosar seg framleis ute, ein triveleg gjeng som held på med det griser skal: Vera saman, grave i jorda, utforske området, sove i haug og nyte dagane.

Hausten er ei travel tid og me er godt i gjenge med pinnesider, pinnebog og fenalår som heng til modning.

Marknadene fordeler seg litt annleis denne hausten, og det er denne helga Bondens Marked på Fisketorget i Bergen laurdag for oss. Neste gong me er på marknad, laurdag 13. oktober, er me både på Vinkelplassen på Majorstua og på Fisketorget i Bergen. Du finn heile marknadslista for hausten her.

Me prøver noko nytt og vert vår eigen vetle ‘POP-UP’ ved Bakstehuset på Ask mellom 11.00 og 16.00 på sundag. Det vert spanande!

Dette har me fokus på den komande tida:

LAM: Skiva og marinert lammelår, lammesteik, lammeklubbe, lammeskank, ytrefilet, indrefilet, mørbrad, kjøttdeig og ein ny runde med tilbod på fårikålkjøt i kilos-pakningar.
HJORT: Ytrefilet, indrefilet, hjortesteik, grytekjøtt av skiva nakke og kjøttdeig.
BACON: Både vanleg tørrsalta og ‘engelsk’
KJØTTBOLLAR: Lammebollar, viltbollar og tapasbollar
SPEKEMAT: Haugakallens spekepølse, speka krydderbiff og speka ytrefilet av svin.
PÅLEGG: Gardspatè

Me ynskjer alle ei retteleg god helg!
Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Fisketorget i Bergen 15.september

Hei alle saman!
Då er me klar att til ny marknadshelg.

Denne gongen kjem me til Fisketorget i Bergen.

Det har vore svært travle veker for oss; med Matfestival i Bergen, Matstreif på Rådhusplassen i Oslo og Bondens Marked i Botanisk Hage alt i løpet av dei to siste helgane.

Mange har møtt fram og me er glade for alle som vitja oss.
Kjekt å sjå dykk att!

Fokus for oss er som venta på lam og hjort, og det vil prege diskane våre i tida som kjem. 

Me har med oss lammesteik, mørbrad og skiva marinert lammelår denne gongen, og meir vert det i tida som kjem.
Av hjort vil de finne steik, ytre og indrefilet, grytekjøtt (skiva nakke) og fersk kjøttdeig.

I tillegg vert det kjøttboller, bacon og noko spekemat.

Odd på veg til spanande jaktdag

Odd på veg til spanande jaktdag

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

MATSTREIF OG BONDENS MARKED HEILE HELGA :)

Då er me på veg!
- og har med oss mykje godt frå Vestlandet.
Me kan nemne fersk lam og hjort, bollar, bacon og spekemat. Me kjem også til å få fart på wok'en etter kvart der de kan smake på storfeburger og viltburger.

På denne sida med kalendar finn du oversikt over når vi deltek på Bondens marked i Oslo og Bergen utover hausten.
Sjå gjerne meir detaljert om opningstider og stad på nettsidene til Bondens Marked.

Sjåast på Rådhusplassen (fredag og laurdag) og i Botanisk Hage (sundag)

Med von om smakelege opplevingar....
Kristine og Oddd
Haugen Gardsmat
 

lammeskank.jpg

Bergen Matfestival; matfest frå fredag til sundag

Molte

No gler me oss til å kome i gang med marknader att, og først ut er som vanleg matfestivalen i Bergen til helga. 
Matfestivalen har spanande program og dyktige utstillarar me er glad for å vera ein del av.
Me startar fredag 31. august og held fram til sundag 2. september. 
Program finn de her: www.matfest.no

På nettsida vår finn du også oversikt over når vi deltek på Bondens marked i Oslo og Bergen utover hausten. Det kjem ny oppdatering før julemarknadene startar.

Kva produkt vi stiller med er styrt ut frå sesong. Det me kan nemne spesielt er lam og villhjort. Det kjem det meir av utover hausten når ordinær jaktsesong er i gang!

Med von om smakelege opplevingar...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Sommar, sol og marknadshelg

Sau på Brekke

Hei alle saman!
Då er me klar: Marknad i Bergen, Asker og Bærums Verk.
Dette vert finale for oss før me konsentrerer oss om oppgåver på garden og leveringar til hotell og restauranter i regionen.
For ein fantastisk vår og førsommar!
Me gler oss over mange flotte opplevingar, og ser fram til nye utfordringar i tida som kjem!

I går kom regnet.
Herleg forfriskande og sårt tiltrengt væte gjer godt for alt som skal vokse og gro. 

Me har pakka bil, og reiser til ei knall sesongavslutning med både spekemat, grillmat, ferskt kjøt, bacon og boller.

Med von om smakelege opplevingar....
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Grill og spekemat i varmen

Buføring til Øyane i Flåmsdalen førre helg

Buføring til Øyane i Flåmsdalen førre helg

Hei alle saman!

Me kjem til Bondens Marked på Valkyrieplass i morgon og har med oss mykje god grillmat og spekemat også denne gongen. Me har lagt til rette for at de kan få kjøpe kjøleposer frå Bondens Marked på standen vår slik at de slepp å vera redde for produkta når de skal heim.

I Flåm er det strålande dagar, varmt og tørt, og me er glade for at sau og lam er trekt til fjells. Her nede prøver me å vatne så godt me kan. Det går også litt varmt opp i toppen nokre gonger, mange jarn i ilden og spanande prosjekt me ynskjer å fortelje meir om etter kvart :) 

Av grillmat kan me freiste med:
Lam: Skiva, marinert lammelår, mørbrad og nokre heile trimma lammelår
Kje: Side og lår
Storfè, Scottish Higland frå Brekke Gard: Grillribbe (short ribs) av kalv
Svin, frå eigne frittgåande gris: nakke, både marinert og naturell
Kjøttbollar: God på grillspyd også dei :)
Spekemat: Fenalår, Langtidsmodna spekeskinke, krydderbiff og Haugakallens spekepølse
Anna: Bacon og gardspatè, kjøttdeig av hjort og lam

Med von om smakelege opplevingar og ein god helg...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

 

Fisketorget i sol

tunet.JPG

Hei alle saman

Då er pappa Egil på veg til Flåm for å hente alt produsert til marknaden. Han og Jon tek seg av marknad på Fisketorget i Bergen, mens Odd og eg skal hjelpe ein nabo å buføre sau og lam til fjells.

Med seg til Bergen har Egil og Jon spekemat, grillmat, bacon og kjøttbollar.
Nærmare bestemt:
Speka krydderbiff, Haugakallens spekepølse, Fenalår og Gullskinka vår: Langtidsmodna Spekeskinke. Skiva marinert lammelår, Heile lammelår trimma, Mørbrad, Lammekjøttdeig 400g og lammekraft.

Kjè sider m rygg, kjè lår og kjè bog. 
Nokre få trimma lammelår for dei som vil teste slow coocking :)
Kjøttfulle grillbein av svin, ferdig steikt i vacum, klart for grillen.
Tørrsalta bacon og Back Bacon/ Engelsk bacon
Lammebollar, Tapasbollar og Viltbollar (også god på grillspyd)
Kraft vilt og ytrefilet av hjort
Me tek også med noko kjøttdeig av hjort 400g, Gardspatè og Bolognesesaus med ferdig steikt kjøttdeig.

I tillegg skal Morven stå på demo på Coop Obs Horisont i Åsane og steikje smaksprøvar av Kjøttfulle grillbein av svin.

Med ynskje om ei strålande helg og von om smakelege opplevingar...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)