Oste-VM med gode tilbehør i Bergen og Bondens Marked i Oslo

Typisk hjorteterreng i Flåmsdalen

Typisk hjorteterreng i Flåmsdalen

Hei alle saman!

No går det fort i Haugen og me er komen godt i gang med marknadsesongen.
Me har alle saman nok å henge fingrane i, og me fortset med fokus på fersk hjort og lam, pakking av bestillingar og førebuing til marknader.
Denne helga finn de Odd, Egil, Morven, Jon og Harald utanfor Grieghallen i Bergen saman med andre Bondens Marked deltakarar. Me skal vera med å setje ein ekstra spiss på Oste-VM. God ost, treng god spekemat. Tradisjonelt er det også vanleg å nytte kvit geitost til middag her hjå oss. Spesielt dersom ein har kjøt eller kjøtkaker og brun saus :)

Me skal også til Oslo og møter på Vinkelplassen på Majorstua laurdag og i Botanisk Hage på sundag.
Ikkje alle har klart å funne oss på Vinkelplassen, me har fått plass heilt innerst i kroken. Vonar de kjem og vitjar Ingrid Marie og meg der :)

Dette vil me trekkje fram denne gongen:
Me har med oss PINNEBOG for fyrste gong i år; har skore meir LANGTIDSMODNA SPEKESKINKE; me har laga grytekjøtt av lam (utan bein) og HAKKASTEIK FRÅ SOGN.
Hakkasteiken treng kanskje litt forklaring? Det er salta og røykt lammekjøt og svinekjøt som er kokt saman med byggryn og krydra med pepper. Den vert også kalla BRURASTEIK og vert nytta både til kvardag og fest.
Du steiker den på steikepanna, då ser det etter kvart ut som ein slags kjøttdeig. Tradisjonelt har ein ofte potet, kålrabi og kvit saus (gjerne løksaus) til. Men, som ein kjapp lunsj eller middag går det godt an å ha hakkasteik, steikt egg med rennande plomme og steikt lauk dandert på ei god grovbrødskive. Strør du litt graslauk over er retten komplett :)
INTRODUKSJONSPRIS: kr. 50,00 for pakken.

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd

Cart (0)