Marknad i Oslo 7. og i Bergen 14. april

Hei alle saman!

Finse i påsken

Vonar alle har hatt ein god påske!
Takk for alle gode tilbakemeldingar frå dykk. Me gler oss over festmåltida av lam og vilt, kos i solveggen med spekemat og kreative løysingar for produkta de har teke med dykk i ferien!
Me har vore heldige med fantastiske dagar i fjellet, og kjenner at det har gjeve oss god energi til å starte kvardagen att.
Det har vore ei noko avkorta arbeidsveke, men me har stått på og tek med oss alt som er klart for marknad denne helga.
Odd og Guttorm stiller på Valkyrieplass i Oslo, Kristine og Egil i Bergen.

Me tek med oss:
LAM: Skiva marinert lammelår, lammeklubbe, mørbrad, lammekjøttdeig og lammekraft.
HJORT: Me har nokre ytrefiletar og litt suppekjøtt av nakke som vert med til marknaden. I tillegg har me viltkraft som er god å ha som base for saus eller suppe.
SPEKEMAT: No har me skore ned nokre langtidsmodna spekekinker til, og tek alt som er klart med til marknadene. Fenalår, krydderbiff og litt Haugakallens spekepølse vert det også plass til.
BACON: Begge typar, både tørrsalta bacon av sideflesk og den engelske varianten av bankekjøtet i låret.
KJØTTBOLLAR OG KARBONADER, herlege kvardagsmiddagar:
Lammekjøttbollar, Viltbollar, tapasbollar og storfebollar. Viltkarbonade og storfekarbonade.
Med litt god kraft kan ein lage alt frå suppe, pastarettar og tradisjonelle kjøttbollemiddagar.
BOLOGNESE: Me har laga ein base av tomat og kjøttdeig som er god å starte med for ein enkel og grei kvardagsmiddag. 

Me sjåast!
Med von om smakelege opplevingar...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)