Marknader fire helgar på rad

Det vert marknader dei neste fire helgane framover mot jul -både i aust og vest 😊

Etter å ha hatt frost i lengre tid vart det plutseleg omslag; fyrst regn og i dag snø – kan undrast om kakelinna kom litt tidleg?
I Haugen er det lite tid til kakebakst; her går det i julepålegg, pinnakjøt, skjæring av gris og hjort, pakking av bestillingar til hotell, restaurant og til marknader.

Me gler oss til jul!

Me er no oppdaterte på bestillingane som er komen inn, og vert klar til utlevering til avtala tid.
www.haugengardsmat.no/julebutikken er framleis open om de ikkje har kome så langt endå.

Denne helga er me tre plassar på laurdagen: De finn oss på Fisketorget i Bergen, Birkelunden på Grünerløkka og på Kolbotn Torg.
Tradisjonen tru er me på vakre Bærums Verk på sundag.

Me gler oss over at me har gode vener og familie som bidreg til at kabalen går opp også i år!
Med Alma, beagle’en vår som i dag runder sitt fyrste år, er det godt å vete at ho skal kose seg hjå familie med både to og firbeinte når me er borte. Den gamle katten vår vert sett etter av vener og dermed er alt rigga for helgar utan bekymring for ‘dei heime’.

Tenk at det allereie er 1.sundag i advent på sundag!
Tida går fort og eigentleg er det vel slik kvart år at det kjem litt ‘brått på’!

Me ynskjer alle ei rettleg god helg og vonar me sjåast på marknader framover.

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

TAKTSKIFTE

Hei alle saman

Då er det meir enn full rulle i Haugen.

Det er alltid eit taktskifte mot midten av november og fokuset ligg på den komande høgtida og julevarene som skal på bord både i aust og vest.

Denne helga er Odd og eg på Fisketorget i Bergen, neste helg er det marknad på Vinkelplassen i Oslo.

Vidare strøymer det på med bestillingar gjennom JULEBUTIKKEN me har på nettsida: www.haugengardsmat.no/julebutikken

Der finn du pinnakjøt og pinnasteik, fenalår, julepålegg, svineribbe, heil og halv gris, ljøsdalskorv og nytt i år; er at du også kan bestille hjortepakkar.

Pinnakjøt, pinnasteik og fenalår sender me i tida framover kvar veke med posten, og det er kjekt å sjå at me no har pinnakjøt sendt frå Finnmark i nord til Agder i sør 😊

Det er også ei glede for Odd og meg at neste generasjon er engasjerte og stiller på.

Minstemann Jon, som akkurat er ferdig med si fyrstegongsteneste, og nevøen vår Kevin, jobbar for fullt -og vel så det, slik at me kjem i mål kvar veke.

Vetle, også nevø som bur i Bergen, vert med oss på marknadene der.

At dei stiller også opp og til dels avlastar oss med ein del av marknadshelgene, betyr at me denne hausten har fått nokre ekstra dagar i hjorteliene her.

Det gjer godt å kome seg til fjells! Det gjev oss eit godt grunnlag og energi til dei komande vekene.

Lurer du på kvar og kva tid me er på Bondens Marknad finn du oppdatert liste på www.bondensmarked.no sine sider.

Med von om smakelege opplevingar….

Kristine og Odd

Haugen Gardsmat




Då er me klar!

HAUST, lam og hjort

For ei nydeleg tid!

Akkurat no ser me oktober på sitt beste: Haustfargar, kaldt og krystallklar himmel. Me er godt i gang, og sjølv om me ikkje har delteke på marknader, har det vore svært travelt i Haugen! Det er ei utfordrande tid for oss med mykje oppgåver i produksjonen.

Me har kjøttskjærar øvst å ønskelista, men som de veit er ikkje dette den lettaste kompetansen å få tak i. Kanskje du kjenner nokon?

Målet er at det skal verte fleire marknader framover.

Jon og Kevin kjem til Vinkelplassen og Asker laurdag 21. oktober.

Laurdag 28.oktober er det Bergen sin tur.

Me ynskjer alle ein strålande dag og vonar de vil finne vegen til Bondens Marked i helgane som kjem!

Med von om smakelege opplevingar…

Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen



Med seg har dei :

Fersk lam – Fårikål, skiva lammelår, lårskank og indrefilet

Fersk vill hjort – indre og ytrefilet, terna grytekjøtt, kjøttdeig og ossobucco

Sognalapskaus, hjortegryte og dei nye Hot-Pot grytene får dei også plass til :)

Lammefilet på Vangsgarden

Sola er tilbake, snøen ligg kvit på toppane -lysare tider og nydeleg nattehimmel

Hei alle saman

No er det ei stund sidan sist.

Me vonar alle har det bra og at de har hatt tid til å nyte nokre av finværsdagane.

Her i Haugen er sola tilbake på husa, det er alltid ein merkedag -om enn det er for ei kort stund kvar dag.
Når også kveldane lyser opp med spill frå Aurora er det nydeleg!

Denne helga startar marknadsesongen for oss.
Vinkelplassen komande lørdag og så torget i Bergen påfølgande helg.
Odd og Kevin dreg av garde og med seg har dei både kje og lam, bacon, fenalår og gryter.

Dei vil også ta med seg steiketakka slik at de kan få smake på pulled lam og pølser av frilandsgris. så denne gongen vert det ikkje berre godsaker til handlekurven, men også spesialitetar rett i magen :)

Vidare vil me tilby test av to nye gryter med internasjonal twist: Ei gryte som er koreansk-inspirert og ei basert på marokkanske smakar.

Me vonar de kan vera med i testpanelet og gje oss tilbakemeldingar på desse!

Med von om smakelege opplevingar og god helg til dykk alle!
Med helsing «gardakjerringi» - som vert heime med det nyaste tilskotet til familien: Beagle-valpen Alma


Off line

Godt nytt år alle saman!

Først og fremst vil me takke for året som har gått til alle de som gjennom året møter oss, set pris på produkta våre og som fyl oss i ulike kanalar.

Det er fordi de er oppteken av lokalmat, berekraft og lokal verdiskaping at me er her i dag!

2022 vart eit travelt år, og spesielt førjulstida er krevjande.

Me tok oss difor den friheit å logge ned, ha fokus på familie og hente krefter til eit nytt år me har store forventningar til.

No er me klar att, brettar opp armane og ser fram til nok eit spanande år!

Kevin mot nye høgder

Med von om smakelege opplevingar…

Kristine, Odd og resten av gjengen i Haugen


Hektiske marknadsdagar

Då er me snart pakka og klar til hektiske marknadsdagar i aust og marknadslaurdag i vest.
De finn oss på Vinkelplassen torsdag til laurdag, på Vika Terrasse fredag og laurdag, og tradisjonen tru, på Bærums Verk sundagen.
Laurdag 17.desember er me på Fisketorget i Bergen.

Bestillingar er no pakka og vert med til marknadene.
Takk til alle som nytta julebutikken vår også i år!

Det er framleis pinnekjøtt, fenalår, julepålegg og svineribbe med på marknaden.
I tillegg finn du kanskje nokre smakelege julegåver?

Nordfjella og skarvet

Litt ekstra
Førre veke fekk me inn reinskalv og ungdyr.
Det vert med litt steik og filet på marknadene.
Me har også skore ned og pakka kalvane som tidlegare der det er mogleg å kjøpe ein kasse med ein halv kalv. Det er nokre ekstra kassar, så om nokon ynskjer, er det mogleg å handle dette på standen vår på Vinkelplassen og på Fisketorget.
Me skjer dei ned som tidlegare: www.haugengardsmat.no/heile-halve-slakt-rein  

Vidare er me heldig og har med rype frå Nordfjella til Vinkelplassen -førstemann til mølla!

 
Foto: Vår supre venninne og jaktvenn Tunde

Det ser ut til at det skal verte skikkeleg vinterver også til helga -det blir fint, om enn det til tider er utfordrande i kulda.
Kakelinna ser ut til å vera i anmarsj i vest, men i aust er det meldt kaldt og klart 😊

 

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Kaldt, klart og eit lett snødryss i Haugen

No er det nydeleg ute -kaldt og klart og med eit lett snødryss nedover fjellsidene.

Bortsett frå toget som tutar ned dalen og litt aktivitet på vegen frå naboane, flyt elva stille forbi og bruset frå Brekkefossen dempa av is.

Magisk!

I Haugen har me skrudd opp aktiviteten endå eit hakk: Det vert færre og færre dagar mellom marknadene og alle tar i for å kome rundt.

Takk til dykk alle som kjem innom oss på marknadene, me set umåteleg pris på tilbakemeldingane!

Det er rein energi-innsprøyting!

Tenk! Det er berre to helgar att med marknader før jul, det går berre fortare og fortare for kvart år som går.

Fokuset er på julemat no og me har framleis både pinnekjøtt, pinnesteik, svineribbe, lammerull, sylte, fersk hjort og fenalår i tillegg til litt anna spekemat.

Me tek også med bacon og Sognalapskaus.

Odd var på Golsfjellet og henta rein i går, dei heng til modning no og me gler oss til å ha fersk rein med oss siste helga med marknader før jul.

Me var lenge i tenkeboksen om me skulle ta inn rein sidan prisane diverre har gått opp fleire hakk, men etter mange førespurnader har me valt å ta inn for skjering både til dei som vil ha heile og halve kalvar og til dei som ynskjer biff, steik og filet.

Send gjerne ei bestilling til bestilling@haugengardsmat.no om du ynskjer rein i år :)

Med von om smakelege opplevingar og ei fredeleg førjulstid…

Kristine, Odd og resten av familien i Haugen


JULEMODUS

Pinnakjøt, svineribbe, julepålegg, fersk hjort, fenalår, anna spekemat og endå litt meir!
Det meste er med på bilen når me no gjer oss klar til ny marknadshelg.
Julebestillingar pakkast og vert med i aust og vest.
Har du ikkje bestilt endå? Går du inn på lenkja www.haugengardsmat.no/julebutikken er det framleis mogeleg å legge inn dine ynskje.

Bilete henta frå www.matprat.no

Odd på Vinkelplassen, Kristine i Birkelunden og Kevin på Fisketorget laurdagen, sundag er Odd og Kristine på Bærums Verk tradisjonen tru.

I Haugen er det kaldt og klart, eit lite snødryss på fjella rammar inn dalen og me ser for oss ein nydeleg helg på marknad.

Jammen går det fort!
Desember er allereie her, og det er no berre tre helgar att med marknadar på denne sida av jul.


Me skal stå på og bidra til, saman med våre fantastiske kollega, at lokalmat hamnar på julebord og under juletre også i år.

Med von om smakelege opplevingar, ei flott førjulstid og glede i kvardag og helg!
Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Cart (0)