Bondens Marked og Reko-ringar framover

Hei alle saman!

stempel.png

Som så mange andre stader, kan mai diske opp med varme «sommardagar» for like etterpå å gje deg kjensle av at vinteren er i anmarsj, som dei siste dagane her hjå oss.
Katta har krølla seg opp i godstolen etter ei vellukka natt på jakt, mens me andre held hjula i gang.

Det er eit stramt program framover, og me prøver å rekke over så mykje som mogeleg.
Då er det godt å vete at me har familie og gode vener som trer støttande til når det trengs.

No til helga tek me turen over fjellet att for å vera med på BONDENS MARKED på VINKELPLASSEN (Majorstua) fredag 15.mai og BONDENS MARKED i BIRKELUNDEN laurdag 16.mai (Grünerløkka)

ONSDAG 20.mai står Bondens Utlevering i Asker og reko-ringar i Sandvika, Åsane og Fyllingsdalen på planen. Same utleveringsdag for alle, så då gjeld det å halde tunga beint i munnen under pakkinga!
-godt me skal få hjelp til det :)

Veka etter er det Reko-ringen Fanatysdag 26.mai og Bondens Marked i Bergen laurdag 30.mai.

Dette tek me med oss til marknader og utleveringar:

GRILLPAKKA fast pris kr. 1100
Mørbrad av hjort, skiva til grill (ca. 1 kg+)
Ytrefilet av lam (totalt ca 800 gram+)
Svinenakke, av eigne frittgåande gris, skiva til grill (ca. 1kg+)
6 storfeburgere, rå singelfrys 180g pr.stk  

KVARDAGSPAKKA, kjapp og enkel kvardagsmat, fast pris kr 600
6 stk. storfeburger, rå 180g pr.stk
1 kg kjøttkaker
3 pk Sognalapskaus

SPEKEPAKKA fast pris kr. 180
0,2 kg slica speka ytrefilet av svin
0,2 kg slica krydderbiff (speka og krydra flatbiff av svin)

HJORTEPAKKA Vill-hjort fast pris kr. 1000 kr
Ytrefilet (ca. 400-600 g)
1 kg Grytekjøtt utan bein 2 x 0,5 kg
Hjorteburger 6 stk. (180 g)

Det er også mogeleg å HANDLE EIT PRODUKT ELLER LAGE DINE EIGNE PAKKAR:
0,2 kg slica KRYDDERBIFF (speka og krydra flatbiff av svin) kr. 100
0,2 kg slica SPEKA YTREFILET (speka ytrefilet av svin) kr. 110

SOGNALAPSKAUS 900 gram kr. 79,00 pr.stk
HAKKASTEIK (4 porsjonar) kr. 100,00
(Salta og røykt fårekjøt, salta svinekjøt og byggryn). Klart til steikepanna :)
LAMMESKANK, salta og røykt (+/- 450 g) kr. 80,00 stk
3 pk KJØTTBOLLAR 3 x 300 gram kr. 150,00
Du kan bestille viltbollar, lammebollar og tapasbollar, miks slik du ynskjer.
KJØTTKAKER (Storfe), singelfryst (ca 60g stk) 2 kg+, ferdig steikt, kr 400,00
HAMBURGER (storfè), 6 stk a 180g, 200 kr

VILLHJORT
YTREFILET Vill-hjort (400-600 gram) kr. 320,00 pr. stk
GRYTEKJØTT PÅ BEIN (1 kg) av Vill-hjort kr. 159,00 pr.pk
GRYTEKJØTT UTAN BEIN (0,5kg) Vill-hjort kr. 159,00 pr.pk
KJØTTDEIG Vill-hjort (400 grams pakningar)
Reint kverna hjortekjøtt, ikkje blanda med noko 78 kr/pk. Tilbod: 5 pk. Kr. 360,00
HJORTEBURGER 180g 10 stk. singelfryst rå kr. 400,00 

Då sjåast me vonaleg på marknad eller reko.

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Mykje farting, men vel verdt det!

vårihaugen.jpeg

Takka vera alle dykk som bestiller og møter opp på reko-ringar, Bondens utlevering og Bondens Marknad; familie og vener som stiller opp og hjelper til, er me stadig på farta.

Endra rammer, Reko-ringar og Bondens Marked som etter kvart opnar att er kjempebra!
I tillegg sel Sognalapskausen godt i Coop-butikkane.
Liste på butikkar som har Sognalapskaus i hyllene finn de her:  https://www.haugengardsmat.no/varer-i-butikk-blog/sognalapskaus

Fram til 17.mai vil det vera mogeleg å bestille varer gjennom Reko-ringane og Bondens Utlevering i Asker.
I tillegg kan de bestille på førehand til Bondens Marked:

Me kjem til Bondens Marked på Bærums Verk komande laurdag, den 2.mai og til Bondens Marked i Bergen laurdag 9.mai.
For førehandsbestilling til Bondens Marked sender de e-post til bestilling@haugengardsmat.no

Her er lista over utleveringsdagane på Reko-ring og Bondens Utlevering dei ulike plassane:
Reko-ringen Sogndal 5.mai (bestilling innan 4.mai)
Bondens Utlevering i Asker 6.mai (bestilling innan 5.mai)
Reko-ringen Sandvika 6.mai(bestilling innan 5.mai)
Reko-ringen Åsane 7.mai(bestilling innan 6.mai)
Reko-ringen Fyllingsdalen 7.mai(bestilling innan 6.mai)
Reko-ringen Fana 12.mai (bestilling innan 11.mai)
NB! Desse har alle eigne Facebook-sider som de finn vår annonse på.
Då bestiller ein berre rett i kommentarfeltet.

HER ER DET ME TILBYR, OG KJEM TIL Å HA MED RUNDT BÅDE TIL REKO-RINGAR, BONDENS UTLEVERING ASKER OG BONDENS MARKED:

GRILLPAKKA fast pris kr. 1100
Flatbiff av hjort (ca. 1 kg+)
Flatbiff av lam (totalt ca 1 kg+)
Svinenakke av eigne frittgåande utegris (ca. 1kg+)
6 storfeburgere, rå singelfrys 180g pr.stk

 KVARDAGSPAKKA, kjapp og enkel kvardagsmat, fast pris kr 600
6 stk. storfeburger, rå 180g pr.stk
1 kg kjøttkaker
3 pk Sognalapskaus 

SPEKEPAKKAfast pris kr. 180
0,2 kg slica speka ytrefilet av svin
0,2 kg slica krydderbiff (speka og krydra flatbiff av svin) 

HJORTEPAKKAVill-hjort fast pris kr. 1000 kr
Ytrefilet (ca. 400-600 g)
1 kg Grytekjøtt utan bein 2 x 0,5 kg
Hjorteburger 6 stk. (180 g) 

Du kan også BESTILLE ENKELTVIS ELLER LAGE DINE EIGNE PAKKAR

0,2 kg slica KRYDDERBIFF (speka og krydra flatbiff av svin) kr. 100

0,2 kg slica SPEKA YTREFILET (speka ytrefilet av svin) kr. 110 

SOGNALAPSKAUS 900 gram kr. 79,00 pr.stk 

HAKKASTEIK (4 porsjonar) kr. 100,00
Salta og røykt fårekjøt, salta svinekjøt og byggryn. Ferdig, klart til steikepanna :)

GARDSPATÈ, grov type leverpostei ca. 200g kr.60,00
Allergen: gluten, laktose

LAMMESKANK, salta og røykt (+/- 450 g) kr. 80,00 stk

3 pk KJØTTBOLLAR 3 x 300 gram kr. 150,00
Du kan bestille viltbollar, lammebollar og tapasbollar, miks slik du ynskjer.

KJØTTKAKER (Storfe), singelfryst (ca 60g stk) 2 kg+, ferdig steikt, kr 400,00

STORFEBURGER, 6 stk a 180g, 200 kr

VILLHJORT
YTREFILET Vill-hjort (400-600 gram) kr. 320,00 pr. stk
GRYTEKJØTT PÅ BEIN (1 kg) av Vill-hjort kr. 159,00 pr.pk
GRYTEKJØTT UTAN BEIN (0,5kg) Vill-hjort kr. 159,00 pr.pk
KJØTTDEIG Vill-hjort (400 grams pakningar)
Reint kverna hjortekjøtt, ikkje blanda med noko 78 kr/pk. Tilbod: 5 pk. Kr. 360,00
HJORTEBURGER 180g 10 stk. singelfryst rå kr. 400,00

Det er fint med betaling på førehand. Vipps nummeret vårt er 83931. MEN veldig bra om de merkar med utleveringsstad, då vert «papirarbeidet» lettare 😊

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

DATOANE FRAOMVER

Hei alle saman!
Me skjønar me har vore for utydelege med datoar og tider.
Her kjem oppdatert liste:

Tysdag 21.april:
REKO-RINGEN SOGNDAL klokka 19.00-20.00 (bestilling innan måndag 20.april på Facebook gruppa til Rekoringen Sogndal)

Onsdag 22.april:
Bondens Utlevering Asker klokka 16.00-17.30 (bestilling innan tysdag 21.april på Facebook gruppa Bondens utlevering Asker)
REKO-RINGEN SANDVIKA klokka 18.30-20.00 (bestilling innan tysdag 21.april på Facebook gruppa Rekoringen Sandvika)

Torsdag 23.april:
REKO-RINGEN ÅSANE klokka 17.30-18.30 (bestilling innan onsdag 22.april på Facebook gruppa til Rekoringen Åsane)
REKO-RINGEN FYLLINGSDALEN klokka 19.00-20.00 (bestilling innan onsdag 22.april på Facebook gruppa til Rekoringen Fyllingsdalen)

Fredag 24.april:
REKO-RINGEN VOSS klokka 17.00-18.00 (bestilling innan torsdag 23.april på Facebook gruppa til Rekoringen Voss)
Me er på veg til Oslo og kan ta imot bestillingar på bestilling@haugengardsmat.no for utlevering på Birkelunden klokka 18.00-18.30 og ved Valkyrieplass klokka 19.00-19.30

Laurdag 25.april:
BONDENS MARKED på KOLBOTN kl.10.00-16.00
Me har med same varer som er sett opp på lista til REKO-RINGANE og Bondens Utlevering 😊

Ha ein fin kveld!
Mvh. Kristine og Odd

Takksam og audmjuk

-ord som ikkje nyttast for ofte, men dekkjande for kva me har opplevd etter at krisa var eit faktum.
Så mykje varme, så mange gode ord og ikkje minst: De gjer orda om til handling, i dobbel forstand.

Pakkar til utlevering

Me har krumma nakken, står på og har tru på ei framtid som liten lokalmatprodusent.
I desse tider betyr det for oss å ha kontakt med Coop-butikkane som sel Sognalapskaus, og å delta så mykje som mogeleg på REKO-ringar, Bondens Utlevering i Asker, og for fyrste gong: Bondens Marknad på Austlandet!
Fyrst ut er Kolbotn. Me er spente korleis det vert!
Sidan mykje av arbeidstokken i Haugen framleis er permitterte, er sortimentet noko mindre enn det de er vant til. Me tek med same varer til Bondens Marknad på Kolbotn som me tilbyr på REKO-ringane og Bondens Utlevering.

TIL DYKK SOM IKKJE KAN KOME TIL ASKER/SANDVIKA eller KOLBOTN og bur i Oslo:
For å kunne delta på Kolbotn reiser me austover fredag.
Då tenkjer me at det er mogeleg å levere ut bestilte varer til dykk som ikkje kan hente verken i Asker/Sandvika eller kome til Kolbotn.
De kan bestille via e-post (bestilling@haugengardsmat.no) frå lista under for henting anten i Birkelunden (mellom 18.00-18.30) eller på Valkyrieplass, parkert i nærleiken av Valkyrien grill (mellom 19.00 og 19.30)


Her er lista med varer som kan bestillast, og som også er sortimentet me kjem til å ha med til Kolbotn:

GRILLPAKKA fast pris kr. 1100
1 flatbiff av hjort (ca. 1 kg+)
2 flatbiff av lam (totalt ca 1 kg+)
2 kg kjøttfulle grillbein, ferdig varmebehandla sousvide og klar for varming og bruning på grill
6 storfeburgere, rå singelfrys 180g pr.stk

KVARDAGSPAKKA, kjapp og enkel kvardagsmat (3 middagar) fast pris kr 550
6 stk. storfeburger, rå 180g pr.stk
3 pk hakkasteik
3 pk Sognalapskaus

SPEKEPAKKA fast pris kr. 180,00
0,2 kg slica speka ytrefilet av svin
0,2 kg slica krydderbiff (speka og krydra flatbiff av svin)
(NB! Fenalåra heng framleis, men dei vert klar før 17.mai 😊)

HJORTEPAKKA Vill-hjort fast pris kr. 1000
Ytrefilet (ca. 400-600 g)
1 kg Grytekjøtt utan bein 2 x 0,5 kg
Hjorteburger 6 stk. (180 g)

Du kan også BESTILLE ENKELTVIS ELLER LAGE DINE EIGNE PAKKAR:

0,2 kg slica KRYDDERBIFF (speka og krydra flatbiff av svin) kr. 100,00
0,2 kg slica SPEKA YTREFILET (speka ytrefilet av svin) kr. 110,00

KJØTTFULLE GRILLBEIN 1kg, Ferdig marinert og kjøyrt sousvide. 129,00 pr stk

SOGNALAPSKAUS 900 gram kr. 79,00 pr.stk

HAKKASTEIK (4 porsjonar) kr. 100,00 Salta og røykt fårekjøt, salta svinekjøt og bygggryn.
Ferdig, klart til steikepanna :)

GARDSPATÈ, grov type leverpostei ca. 200g kr.60,00
Allergen: gluten, laktose

LAMMESKANK, salta og røykt (+/- 450 g) kr. 80,00 stk
Oppskrift med i pakka 😊

3 pk KJØTTBOLLAR 3 x 300 gram kr. 150,00
Du kan bestille viltbollar, lammebollar og tapasbollar, miks slik du ynskjer.

KJØTTKAKER (Storfe), singelfryst (ca 60g stk) 2 kg, ferdig steikt, kr 400,00

HAMBURGER (storfè), 6 stk a 180g, 200 kr

VILLHJORT
YTREFILET Vill-hjort (400-600 gram) kr. 320,00 pr. stk
GRYTEKJØTT PÅ BEIN (1 kg) av Vill-hjort kr. 159,00 pr.pk
KJØTTDEIG Vill-hjort (400 grams pakningar) Reint kverna hjortekjøtt, ikkje blanda med noko 78 kr/pk. Tilbod: 5 pk. Kr. 360,00
HJORTEBURGER 180g 5x2 stk. fryst rå kr. 400,00

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Lyspunkt i tilværet :)

gardsmat.jpg

Me er klar :)

Hei alle gode kundar, vener og samarbeidspartnarar.

Håpar alle er friske og har det bra, forholda tatt i betraktning.

Her i Haugen har alle det bra reint fysisk. Me er friske og «tidige», og forsøker å takla ein heilt annleis kvardag så godt det går (som dei fleste andre, reknar me med 😊).
Me jobbar beinhardt med å få hjula til å gå rundt, men prioriterer også litt trim og samling kring middagsbordet med nesten heile familien.

Situasjonen i verksemda vår er alvorleg.
Marknaden vår har kollapsa, og meir enn 80% av inntektene våre har fordufta.
Det står no faktisk om eit vidare liv for Haugen Gardsmat.

Heldigvis, har mange stått på for å få fart på i alle fall nokre av «hjula» me er avhengige av,
utanom dei varene som leverast til daglegvaren her vest.

Det er difor med stor glede me kan konstatera at: Reko-ringen Åsane og Fyllingsdalen framleis er i gang. 1. utlevering i morgon. Reko-ringen Fana opnar att med utlevering komande tysdag (31.03), i tillegg til at det er opna ein Ny Reko-ring austafjells: Reko-ringen Asker, med utlevering 1. april (Ingen spøk 😊).

Haugen Gardsmat deltek på alle desse Reko- ringane!

Sistnvnte, Asker, er ein ny Reko-ring der Bondens Markned Norge og Hanen (Næringsorganisasjonen for lokalmat og bygdeturisme) står bak, i samarbeid med Norsk gardsost.
På denne Reko-ringen vil ein berre finna verksemder som kvalifiserer til medlemsskap i ein av dei nevnte organisasjonane. (God kvalitetssikring)

Dette tiltaket har kome i gang for å avhjelpa situasjonen for Bondens Marknad deltakerar i Oslo, ettersom Marknadar for tida ikkje er mogeleg å avholda.

For dei som ikkje er kjent med konseptet REKO, så står dette for REttferdig KOnsum.
Konseptet er opprinnleg frå Finland, og er spreias eg  i heile Norden.
Tanken er at bønder skal kunna finna ein marknad, utan mellomledd som skal «eta av lasset».

Gode tiltak vert gjennomført no i desse tider, for å sikra at vare-overleveringa skal kunna gjennomførast på ein smitte-sikker måte. Kontaktlaus varelevering er poenget.

Framgangsmåte:
Meld deg inn i den Reko-ringen som er aktuell for deg.
Du vil der finna annonser frå alle verksemder som skal delta på den aktuelle datoen.
Berre aktuelle/ oppkomande datoar vil vera lista under den enkelte ringen.
Kvar produsent legg ut i si annonse:  Dato, tid, stad for utlevering, kva varer som er aktuelle for bestilling, og kva den enkelte vara/ pakken kostar.
Du legg så inn di bestilling i komentarfeltet under rett produsent.
Du kan sjølvsagt bestilla hjå fleire produsentar for henting same dag :)
Dei fleste produsentar vil så tildela deg eit bestillingsnummer.

Det vil berre vera mogeleg å henta varer som er bestillt på førehand.
Alminneleg omsetning av tilfeldige varer er ikkje vera mogeleg.

Heile opplegget er faktisk veldig enkelt og lettfatteleg, sjølv om det i første omgang kan virka litt komplisert.

Me ynskjer dykk alle alt godt, og vonar at så mange som mogeleg vil gjera seg nytte av tilboda
Me små lokalmat-verksemder strevar alle som sagt med å overleva, og treng den omsetninga desse tilltaka, og andre liknande tilltak, kan gje. Haugen Gardsmat er ikkje noko unnatak.

Hugs:

Dersom ein ynskjer seg tilgang til den store varefloraen alle småverksemder kan by på, også etter pandemien, så kan handel gjennom reko vera med å hjelpa til med at dette vert mogeleg også etter at Covid 19 er historie.

Med von om å sjå mange av dykk på dei ulike rekoringane;
Hald dykk friske, ta vare på kvarandre og kjøp lokalmat der dette er mogeleg.

Med venleg helsing
Kristine og Odd

LOKALMATEN SIN PLASS I TIDA SOM KJEM

Kva skal me gjere når viktige salskanalar vert borte over natta?

Det er knytt usikkerheit til kva tid Bondens Marked og Reko-ring kjem til å verta halden att framover. Mange lokalmatprodusentar har dette som sin hovud salskanal.
Hotell og restaurantar stengjer.

Den viktigaste, og akkurat no, einaste salskanalen også for oss som er små er daglegvarebutikkar.

Odd til fjells

Den viktigaste, og einaste salskanalen no er daglegvaren.

Både kjeder og spesialbutikk

Lokalmaten si styrke:

Som matprodusentar gjennom mange år har me rutinar og system som skal sikre trygg mat.
Som små leverandørar har me den fordelen at det er få personar involvert i produksjon og utlevering.
Det gjev god oversikt og kontroll.
Me har laga eigne kontrollrutinar for etikettering og pakking av varer, samt rutinar kring levering og mottak.

Me skal gjere det me kan for å halde oss oppdatert.
Råda frå Folkehelseinstituttet vert overhalde.

Me ynskjer å oppmode alle til å prøve å finne kanalar å handle varer frå oss som er små og dermed ekstra sårbar i den komande tida.

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat


KJempestart på året!

Matredderprisen.jpg

Hei alle saman!

Me er godt i gang, med nye ting, og med vidareføring av prosjekt frå 2019.
Me har allereie delteke på ein del Reko-ringar i Bergensområdet. Det har vore svært positivt!
Me har pakka varer og store mengder Sognalapskaus til butikk og serveringsverksemder. SÅ KJEKT!

Svært overraskande var det også at me fekk Q-meieriene si Matredderpris. Takkar og bukkar for det.
Det vart ei minneverdig og svært koseleg overlevering når me var på Reko-ringen i Åsane.
Me feira med studietur for gjengen i produksjonen. Det var vel fortent etter travle dagar og ein kjempe sesong for Haugen Gardsmat.

Det har heller ikkje gått upåakta hen her hjå oss at Restaurant Bare har fått sin fyrste Michelin stjerne!
Me gratulerer så mykje og er svært stolt leverandør både til til Restaurant Bare i Børsen og Bare Vestland.
Denne hausten har dei fått stykningsdelar av villhjort frå oss.

No startar marknadsesongen for oss, og først ut er Bergen allereie komande laurdag!
Me kjem til Vinkelplassen på Majorstua i Oslo laurdag 7.mars

DET ER MOGELEG Å FØREHANDSBESTILLE DESSE VARENE SOM DE KAN HENTE PÅ MARKNADEN
Send bestilling på e-post til bestilling@haugengardsmat.no
KJØTTKAKER (Storfe),
singelfryst (ca 60g pr.stk) 2 kg, ferdig steikt, kr 400,00
HJORTEPAKKE I, Vill-hjort       kr.1020,00
1 steik av rundbiff (ca. 1 kg), Ytrefilet (ca. 600 g) hjorteburger 4 stk.
HJORETPAKKE II, Vill-hjort      kr.450,00
1 kg Grytekjøtt på bein, 2 pk Hjortekjøttdeig a 400gram, 3 pk. Viltbollar a 300 g
HJORTEBURGER 180g 10 stk. singelfryst rå kr. 400,00
½ REINSKALV frå Filefjell             ca. 12,5 kg         kr. 2430,00
(195,00 pr.kg)
1 bogsteik, 1 lårsteik, 1 flatbiff, 1 rundbiff, 1 mørbrad, 1 ytrefilet, 1 indrefilet og karbonadedeig (mager). Steikene er surra, biffar og filetar reinskorne og alt er vacumpakka, karbonadedeigen i ca. 500g. Du betaler for vekta av den heile/halve kalven før nedskjæring tek til. Beinprosenten vil venteleg ligga rundt 30%, noko som vil svara til om lag 3,8 kg pr halve skrott. Du vil dermed motta mellom 8,5 og 9 kg i kassen. Ynskjer du det, får du med kraftbeina.

 

Med von om smakelege opplevingar
frå alle i Haugen :)

Når nettene blir lange..

Maja med lykt.jpg

Då er me klar for siste innspurt før jula senker seg også i Haugen.
Det vert utlevering på Reko-ringen i Sogndal, Fana, Åsane og Fyllingsdalen denne veka, og Bondens Marked på Fisketorget 21. desember og på Vinkelplassen 19.-21.desember.
Me tek med oss alt me har av julepålegg, medisterkaker, fersk hjort og rein.
Dersom det er att pinnakjøt, pinnebog, fenalår og spekeskinke når alt er fintelt av bestillingar og venteliste, vert det fordelt likt mellom Bergen og Oslo.

Spesielt denne gongen er at me har med norsk fjellrype!
Vår gode ven og ivrige jaktkamerat Erling har vore nokre rundar i fjella her, og desse vert med oss til Bergen og Oslo til den 21.desember.
Me har også nokre ½ reinskalvar me kan ta med til den 21. desember dersom du bestiller på e-posten bestilling@haugengardsmat.no Bestillinga er open til kl.12.00 torsdag 19.12.

Dette er nok siste nyheitsbrev frå oss i år, og me ynskjer å takke dykk alle for at de vitjar oss på stand i all slags vær.
Takk for godord og positiv innstilling.
Alltid kjekt å møte dykk!

Så, hvis ingen går i fella, men passar seg for den, skal alle saman snart får feire jul igjen :)

Med von om ei fredeleg jul
frå alle i Haugen

Cart (0)