No er det full fart framover!

Morfar kosar seg på marknad i Bergen

Morfar kosar seg på marknad i Bergen

Hei alle saman!

Det er kortare dagar, men i Haugen er det full aktivitet før lyset set preg på bygda.
Marknader, reko og private bestillingar er i fokus, og me heng i så godt me kan.
Då er det godt at me har “lada batteriene” med mange fine dagar i fjellet (og nokre til om alt går etter planen)

Denne hausten, for ikkje å snakke om året, har vore heilt spesielt for oss alle og me vonar de har det bra, trass ‘alt’.
Det me, som dykk andre, kjenner og set pris på, er all varmen frå medmenneske som bryr seg. Det hjelp oss å få rett perspektiv på livet og gjev oss inspirasjon til å rette blikket fram og opp.
For ei glede det er at me har kvarandre!
Me vil spesielt sende ei helsing til reiselivet, hotell -og restaurant verksemdene som har tøffe tider. Me tenkjer mykje på dykk!

Ein av dei sikraste tinga me veit er: Det blir jul ! -og nyttår kjem uansett korleis verda elles ser ut!

Dersom du ynskjer varer frå Haugen på bordet i ei travel førjulstid, eller til høgtida, er det lurt å handle tidleg på Bondens Marked i Bergen eller Oslo, eller legge inn bestilling på Bondens Utlevering i Asker, eller reko-ringane me deltek på.

Om ikkje restriksjonar set ein stoppar for det, finn du lista over marknader her

Nytt av året er førehandstinging gjennom Bondens Marked si nettside. Den er førebels klar i Oslo, og kjem vonaleg til Bergen også.
De finn også vårt eige bestillingsskjema som vanleg inne på nettsida vår; www.haugengardsmat.no/bestillingsskjema
Nokre av dykk saknar at det er mogeleg å bestille svineribba frå grisene våre på vårt bestillingsskjema. Grunnen er enkel: Pågangen stor, og me må halde full oversikt over talet bestilt til ein kvar tid slik at me ikkje lover nokon noko me ikkje kan halde.

Så: bestill svineribba, pinnekjøtet og andre julevarer så tidleg som mogeleg, anten gjennom desse portalane eller direkte til oss på e-post til bestilling@haugengardsmat.no så snart som råd :)

Maja jul.jpg

Me ynskjer dykk alle gode dagar, og vonar å sjåast i tida fraover!


Med von om smaklege opplevingar….
Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen



Cart (0)