Tre generasjonar i sving

Hei alle saman !

Minstemann Jon i sving :)

Minstemann Jon i sving :)

No går det, om mogeleg, endå fortare!

Me står på, og tre generasjonar er i sving for å få alle marknader og bestillingar til å gå som dei skal.Me er så takknemleg for at heile familien stiller opp i ei travel førjulstid!Like eins set me stor pris på å møte dykk alle: Takk for godord og helsingar.


Julemat frå Haugen er meir populært enn nokon gong før!

I år har me hatt ei sterk auke i bestillingar totalt sett, men me har framleis att pinnebog, julepålegg, medisterkaker, og ikkje minst fersk hjort og rein :) Det er diverre slik at me no er så og sei tome for pinnakjøt og svineribbe. Dersom det er nokon som ikkje hentar sine bestillingar, vil dette verte solgt siste helga på Bondens Marked.


Glad-nyheiter:

Me har litt LANGTIDSMODNA SPEKESKINKE som me kan selje no før jul !Me har tenkt på korleis me kan gjere dette mest mogeleg rettferdig, mange har venta på skinka og me ynskjer at alle skal få. Så, me tek med oss til marknad denne helga, fordelt likt mellom Bergen og Oslo. «Det vert første mann til mølla»-prinsippet.

Me vil også ha nokre FENALÅR til som er klar til siste marknadshelg. Første mann til mølla :)

NB! Me har ikkje mogelegheit til å følgje opp dette på bestilling sidan me anten er i produksjon, pakking, på veg til, eller på marknader.

Før julefreden skal senker seg også i Haugen, finn de oss:

OSLO
·       Regjeringskantina R5 13. desember (berre for dei som jobber i departementet)

·       Vinkelplassen 14. desember

·       Bærums Verk 15. desember

·       Vinkelplassen 19.-21. desember

BERGEN
·       Fisketorget 14.-15. desember

·       Reko-ringen Fana 17. desember

·       Reko-ringen Åsane 19. desember

·       Reko-ringen Fyllingsdalen 19. desember

·       Fisketorget 21. desember


Med von om ei fin førjulstid til dykk alle!
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Tek du den, så tek du den også :)

(bilde av Ukjent forfatter, lisensiert under CC BY-SA)

(bilde av Ukjent forfatter, lisensiert under CC BY-SA)

Me kjenner oss att, det er vanskeleg å stoppe når ein først er i gang,
og me takkar ja til å bidra eller delta så mykje så me klarar å rekkje over.
Men de er vel ein god ting, er det ikkje?
Godt med påfyll, og positiv energi gjev det også!

 Førjulstida er viktig for oss, og me vil at alle som ynskjer det, skal kunna få julemat frå Haugen også i år. Så, i tillegg til Bondens Marked i helgane som kjem framover, har me kasta oss rundt og er med på Reko-ring her i vest.
Me ser at dette er svært positivt sidan det ikkje er alle som har mogelegheit til å kome på Bondens Marked som stort sett er i helgane.

 Det betyr at: MEIR ENN NOKON GONG ER DET VIKTIG Å VERA TIDLEG UTE MED BESTILLING SLIK AT DU FÅR DET DU YNSKJER TIL JUL!

De kan sjekke deltakinga vår både på REKO-RING og BONDENS MARKED her: www.haugengardsmat.no/marknader

 Me vil spesielt nemne:

Reinskalv
Også i år tek me inn reinskalv med høg kvalitet frå Filefjell.
Dersom du skal ha ½ eller 1/1 reinskalv, men også om du ynskjer stykningsdelar (førast i kommentarfelt).

 Grisene våre (frittgåande utegris som har vorte «stjerner på Instagram og Facebook i år)
Du kan bestille også heil og halv gris, svineribbe, men også andre stykningsdelar (førast i kommentarfelt).  
Pinnakjøt og fenalår Her har me den mengda me har, dette finn du att på bestillingsskjema eller liste i Reko-ringen.

 Korleis bestille?

·       TIL BONDENS MARKED; POST ELLER AVTALT HENTING LOKALT:
Nyttar du bestillings-skjema på nettsida www.haugengardsmat.no/julebutikken

·       Ynskjer du å bestille til henting via REKO-RINGEN, gjer du det på Facebook-sida til den einskilde REKO-RINGEN. Du finn oversikt her: https://www.haugengardsmat.no/marknader#praktisk-info-bondens-marked-section

 Då sjåast me?

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Stolte juletradisjonar frå Sogn

pinnakjøt. matprat.jpg

(Foto frå matprat.no )

Hei alle saman!
Førre laurdag var det marknad på Fisketorget i Bergen. Denne helga er me på Vinkelplassen (Majorstua) på laurdag og i Botanisk Hage sundag.
Me har med oss ein del av våre stolte juletradisjonar frå Sogn.
Ingen advent og jul utan pinnakjøt, både røykt og urøykt, pinnabog og lammerull.
Det velkjende syltaflesket frå Olina vert med neste runde på marknader :)

I disken hjå oss vil du finna:
LAM -Skank, Indrefilet, Skiva marinert lammelår, lammesteik og fårikålkjøtt
KJE - side
HJORT - Hjortesteik (RUNDBIFF), ytrefilet, indrefilet, grtekjøtt på bein, kjøttdeig og kraft
KJØTTBOLLAR -lam, tapas og vilt
PÅLEGG -Gardspate og lammerull
SPEKEMAT -Fenalår, speka krydderbiff og speka ytrefilet
BACON -vanleg og “engelsk”
PINNAKJØT -røykt og urøykt
PINNABOG
OG SIST, MEN IKKJE MINST: Sognalapskausen og hakkasteiken

Me gler oss til å ta turen austover denne helga :)

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Demo i Stryn, Norsk Matglede på Geilo og Fruktbare dagar på Leikanger 😊

Det går unna i Haugen!
No er det travle tider, men kjekt, og mykje å gle seg til.

Heilt på ekte! Dette er teken på hjortejakt seint i oktober for to år sidan:)

Heilt på ekte! Dette er teken på hjortejakt seint i oktober for to år sidan:)

Fredag skal me til Coop Extra i Stryn og gje ut smaksprøvar av Sognalapskaus.

Lapskausen vert også med til Leikanger og «Fruktbare dagar» på laurdag, men då også med andre varer frå Haugen Gardsmat. Både fersk hjort, lam og kje, spekemat, hakkasteik, kjøttbollar og bacon. 

Laurdag kjem me også til Geilo og Norsk Matglede
Det vert ein spanande dag og kveld!
Me har mykje til felles med naboane på andre sida av vannskillet: Gleda over natur, fjell og godene me kan dele og hente heim til bugnande bord. Lokal mat og drikke, bærekraft og opplevingar.

 De finn oss i festivalteltet der me på dagtid vil servere Sognalapskaus i tillegg til å ha med oss ferskvarer, hakkasteik, spekemat, kjøttbollar og bacon.

På kvelden vert det skikkeleg oktoberfest med eit skifte i menyen:
Me diskar opp med tyskinspirert ølmeny.

Sjåast på Geilo!

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Bergen i nydeleg haustvær!

BM Bergen.jpg

(Biletet er lånt frå Bondens Marked Bergen si facebookside: https://www.facebook.com/bondensmarkedbergen/ )

Hei alle saman

Kanskje det vert slikt vær som på biletet på laurdag?
Det hadde vore kjekt!
I Flåm har me hatt strålande vær ei heil stund, og førre helg fekk me oss ein tur til fjells att.
Mange har nytta dagane til sauesank og jakt, og nokre har hausta frå naturen både rognabær og sopp.

Komande laurdag er det marknad på Fisketorget i Bergen, og me stiller med gode varer til haustlege middagar, både til til kvardag og fest.

I disken hjå oss vil du finna:
LAM -Skank, Skiva marinert lammelår, lammesteik, mørbrad og fårikålkjøtt
KJE - Bog, lår og side
HJORT - Hjortesteik (RUNDBIFF), ytrefilet, indrefilet og kjøttdeig
KJØTTBOLLAR -lam, tapas og vilt
SPEKEMAT -Fenalår, speka krydderbiff og speka ytrefilet
BACON -vanleg og “engelsk”
OG SIST, MEN IKKJE MINST: Sognalapskausen

Me gler oss til å kome til Fisketorget :)

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Bergen i vær som passar til haustlege måltider

Ytrefilet lam. Vangen Gjestgiveri.jpg

(Foto frå Vangsgarden Gjestgiveri i Aurland: Ytrefilet av lam frå Haugen Gardsmat på menyen)

Hei alle saman!
Då er to svært travle veker med matfestival både aust og vest over.
Så kjekt å sjå så mange att etter at me har vore borte frå marknad sidan juni.

Komande laurdag er det marknad på Fisketorget i Bergen, og me stiller med gode varer til haustlege middagar, både til til kvardag og fest.

Me har med oss:
LAM -Skank, Skiva marinert lammelår, mørbrad og fårikålkjøtt
KJE - Bog, lår og side
HJORT - Hjortesteik (RUNDBIFF), ytrefilet, indrefilet og kjøttdeig
KJØTTBOLLAR -lam, tapas og vilt
SPEKEMAT -Speka krydderbiff og speka ytrefilet
BACON -vanleg og “engelsk”
OG SIST, MEN IKKJE MINST: Sognalapskausen

Me kler oss godt og kan love at det er tørt i bodene på Fisketorget :)
Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Opning av marknadssesongen for oss i Oslo!

Hei alle saman

No er tida komen til Matstreif i Oslo!

No gler me oss til å reise på marknad med yrande folkeliv på Rådhusplassen og i Botanisk Hage.
Bilen pakkast i dag og me er å finna på Rådhusplassen fredag og laurdag, Botanisk Hage på sundag.

fenalår.JPG





Me tek med oss alt me har av fersk lam, kje og hjort. Spekemat, bacon og boller.
Nyvinninga Sognalapskaus er sjølvsagt med, og den; saman med burger; er mogeleg å få servert på plassen:)

Med von om smakelege opplevingar...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Bergen Matfestival

Hei alle saman!

potet.jpeg

Poteåker i Lærdal

Denne helga er detklart for Bergen Matfestival.
Me satsar på at vegen opnar og at me kjem av garde i god orden slik at me er klar til opninga i morgon!
Sjå elles det tider og spanande program på www.matfest.no
Me har same plassering som dei siste åra:)

Med oss til Bergen har me spekemat, bacon, kjøttbollar, kje, får og lam.
Me har eit spesielt godt tilbod på fårikålkjøt til kr.99,00 pr. kg
Det har vore mykje fokus på Sognalapskausen i media i det siste, og den har me sjølvsagt med oss,
du kan ha den til lunsj eller middag saman med oss på stand, eller ta med deg pakkar heim.
Det vert også tilbod om burger som tidlegare :)

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd

Cart (0)