Bergen i nydeleg haustvær!

BM Bergen.jpg

(Biletet er lånt frå Bondens Marked Bergen si facebookside: https://www.facebook.com/bondensmarkedbergen/ )

Hei alle saman

Kanskje det vert slikt vær som på biletet på laurdag?
Det hadde vore kjekt!
I Flåm har me hatt strålande vær ei heil stund, og førre helg fekk me oss ein tur til fjells att.
Mange har nytta dagane til sauesank og jakt, og nokre har hausta frå naturen både rognabær og sopp.

Komande laurdag er det marknad på Fisketorget i Bergen, og me stiller med gode varer til haustlege middagar, både til til kvardag og fest.

I disken hjå oss vil du finna:
LAM -Skank, Skiva marinert lammelår, lammesteik, mørbrad og fårikålkjøtt
KJE - Bog, lår og side
HJORT - Hjortesteik (RUNDBIFF), ytrefilet, indrefilet og kjøttdeig
KJØTTBOLLAR -lam, tapas og vilt
SPEKEMAT -Fenalår, speka krydderbiff og speka ytrefilet
BACON -vanleg og “engelsk”
OG SIST, MEN IKKJE MINST: Sognalapskausen

Me gler oss til å kome til Fisketorget :)

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)