Haustfargar i fjellet
Hei alle saman!
Mykje vær for tida!
I Flåm har me merka både regnet og vinden, men alt har gått bra.
Me er godt i gang med skjæring av lam og hjort.
Grisene våre kosar seg framleis ute, ein triveleg gjeng som held på med det griser skal: Vera saman, grave i jorda, utforske området, sove i haug og nyte dagane.
Hausten er ei travel tid og me er godt i gjenge med pinnesider, pinnebog og fenalår som heng til modning.
Marknadene fordeler seg litt annleis denne hausten, og det er denne helga Bondens Marked på Fisketorget i Bergen laurdag for oss. Neste gong me er på marknad, laurdag 13. oktober, er me både på Vinkelplassen på Majorstua og på Fisketorget i Bergen. Du finn heile marknadslista for hausten her.
Me prøver noko nytt og vert vår eigen vetle ‘POP-UP’ ved Bakstehuset på Ask mellom 11.00 og 16.00 på sundag. Det vert spanande!
Dette har me fokus på den komande tida:
LAM: Skiva og marinert lammelår, lammesteik, lammeklubbe, lammeskank, ytrefilet, indrefilet, mørbrad, kjøttdeig og ein ny runde med tilbod på fårikålkjøt i kilos-pakningar.
HJORT: Ytrefilet, indrefilet, hjortesteik, grytekjøtt av skiva nakke og kjøttdeig.
BACON: Både vanleg tørrsalta og ‘engelsk’
KJØTTBOLLAR: Lammebollar, viltbollar og tapasbollar
SPEKEMAT: Haugakallens spekepølse, speka krydderbiff og speka ytrefilet av svin.
PÅLEGG: Gardspatè
Me ynskjer alle ei retteleg god helg!
Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat