Herleg!
Kaldt ute, kvitt på toppane og tidleg mørkt, men i produksjonen er lyset på og gjengen i full sving.
Slik er det, og me kan ikkje anna enn å gle oss over alt det gode me dei neste vekene skal ha med oss til marknadene både i Bergen og Oslo.
Odd sagar pinnekjøtt og pinnesteik, eg pakkar, og i neste veke sender me også bestillingane som skal med posten.
Lammerull og sylte i god gjenge, ljøsdalskorv, medisterkaker og bacon.
Me tenkjer me ligg godt an!
Det har vore ein god haust så langt, og når me no går inn i vintermånadene er det med ei kjensle av at me er på rett stad.
Me mottek vill hjort frå framifrå jegerar kvar veke og gler oss over å kunne ta med oss nydeleg kjøt til kvardag og fest.
Sjølv om det er eit prinsipp her i huset at me ikkje et pinnakjøt før på julaftan, anna enn ein liten test; må eg i dag innrømme at akkurat no dampar pinnesteik på komfyren; så nokså nær..
Det vert ein aldri så liten forsmak på jul i Haugen.
Denne helga er me på Vinkelplassen fredag, Brikelunden laurdag og Bærums Verk sundag. Neste marknad i Bergen er laurdag 29.november.
Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen
