Adventstid i Haugen

Hei alle saman!

Då er me komen inn i adventstida, og for oss, som for alle andre, er det knapt med tid for å verte ferdig med alt ein ynskjer før julefreden kan senke seg.Haugen Gardsmat skal delta på Bonden Marked i Bergen, Oslo og Bærums Verk framover. Denne laurdagen er me også i Asker.

Gode nyheter!

Det vert truleg rein frå Filefjell siste helga før jul!
Det einaste som kan stoppe det er om været vert slik at dei ikkje får inn reinen.
Men me har god tru, og har no endra i julebutikken slik at de kan bestille 1/2 rein oppskore som tidlegare, og reinsdyrsteik.

Ingen allergen eller nitritt i noko me lagar

Som de veit, har me aldri nytta nitrittsalt eller noko form for kunstig tilsetting i våre produkt.
Me tykkjer også at me skal lage mat utan mjøl, mjøk, egg og andre allergen.
Mange set pris på medisterkakene og julepålegget vårt.
Nytt er at me også har laga ein test på ein ny type leverpostei som me vponar de vil vera med å gje oss tilbakemelding på.
Om den fell i smak, vil me få til betre emballasje etter kvart :)

Julebord

Me har framleis med oss både pinnekjøtt, Ljøsdalskorv, svineribbe og porcetta på marknaden, men oppmodar sterkt om å sørge for å få dette i hus og ikkje vente til siste helg.

God helg folkens, sjåast på marknad 

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine ,Odd og resten av storfamilien i Haugen

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Cart (0)