Minusgradene er komen for å bli ei tid her i Haugen, og i våningshuset må vedomnen matast jamt og trutt. Klart vær, eit lite snølag og frost gjer dagane lysare trass at dagane er korte.
Kaldt og klart vær
No har det vore stille lenge på e-post frå oss.
Det som er sikkert, er at det ikkje har vore særleg stille her i Haugen.
Heilt utruleg så fort tida har gått, med arbeid og aktivitetar både i kvardag og helg.
Men me har etter eigen meining fått ei god balanse mellom arbeid, jakt og sosialt samvær. Det gjer at me har lagra opp masse positiv energi til adventstida.
Heile gjengen arbeider som heltar for at me skal verte klar til marknader no i førjulstida.
Me er allereie i gang med å skjære pinnekjøtt, lage julepølser, julepålegg og anna godt til små og store familiar frå Finnmark i Nord til Agder i sør.
Odd og eg førebur oss på ei helg med marknad på Vinkelplassen 21. (NB! Me er plassert litt annleis enn tidlegare, du finn oss parallelt med Kirkeveien) og Bærums Verk 22.november.
Kevin kjem til Bergen laurdag 28.november.
Etter det går det slag i slag fram til og med siste helg før julefreden skal senke seg.
Det har vorte mindre deltaking frå oss på marknader denne hausten, men no kjem me!
For å sikre deg, er det som alltid lurt å bestille i den vesle julebutikken vår her på nettsida
Då kan du hente på marknaden som passar deg best.
Ynskjer du å bestille reinskalv nedskoren som tidlegare år?
Om alt går etter planen kan desse hentast i Oslo på Vinkelplassen 17.-19.desember, i Bergen 19.desember.
Bestill heil eller halv reinskalv direkte til bestilling@haugengardsmat.no
God førjulstid til dykk alle, så sjåast me på marknad
Med von om smakelege opplevingar..
Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen
