Me er i Oslo og skal vera her til sundag.
Det er marknadsdagar på Vinkelplassen i dag til og med sundag, Bærums Verk laurdag og sundag. Me er også med på siste marknadsdag i Bergen på laurdag.
Me har framleis litt av det meste: fersk rein, hjort, litt storfe (entrecotte og ytrefilet), porcetta og medisterkaker, lammerull, litt spekemat, fenalår, litt pinnakjøt og pinnesteik.
Bestillingar er pakka og klar for henting, så det meste er no i boks 😊
Me har høg fokus på mattryggleik og sylta er difor ikkje med denne helga. Det er viktig at ein kjenner seg heilt trygg, og om nokon har handla og er usikker, sjølv om det er ein annan batch, sender de oss ein e-post, så ordnar me refusjon så snart som råd.
Takk til alle som har teke kontakt, for fine ord og positivisme!
Me ynskjer dykk alle gode dagar, sjølv i innspurten til julehøgtida, og vonar å sjå dykk på marknad.
Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd i Haugen
