Kvit peparsaus med rødvin og konjakk

Takk til Guri som har delt denne oppskrifta med oss.
Den er super til vilt!

4 sjarlottlauk
1/2 ss kvit pepar
Smør til steiking
6 cl konjakk
1 dl rødvin
2 dl viltfond
3 dl kremfløyte
salt og nymalt pepar
1 ss finskoren estragon

Slik gjer du:
Fres 4 sjarlottlauk i smør ein kaserolle, ha i kvit pepar.
Ha i konjakk og rødvin og la det koke nesten heilt inn.
Tilsett viltfond og kremfløyte og kok til det er ca. 4 dl att.
Smak til med salt og nykverna pepar.
Tilsett 1 ss finskoren estragon til slutt.

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd