Haugen Gardsmat på Påskemarknader i Oslo og Bergen

Isop i kjøkkenhagen

Isop i kjøkkenhagen

Hei alle saman!

Då er me klar for den fyrste påskemarknaden som er på Valkyrieplass i Oslo fyrstkomande laurdag, den 6 april.

Neste helg, laurdag 13.april er det påskemarknad på Fisketorget i Bergen; og held tunellane open er me på plass som vanleg.

Her i Flåm merkar me tendensar til vår, sjølv om vær og temperatur er høgst varierande.  
Barmfagre sauer er ute og nyt den friske lufta, lamminga startar om litt. 
Turisttrafikken aukar for kvar dag, og mange gler seg over fine dagar med kvite fjell og blå fjord.

Lam og kje er i fokus til påske, og me tek med oss:
trimma lammelår, Skiva marinert lammelår, mørbrad, lammeskank og kjøttdeig lam

Kje ribbe, bog og lår 

Det var mange som sakna Sognalapskausen sist, og no har me fått laga opp ei ny skute og tek med oss så mykje me kan, både denne helga og neste.
Me har også noko Hakkasteik.

Av hjort har me skore opp nakke av hjort til grytekjøtt, me har kjøttdeig og viltkraft. 

Det vert også mogeleg å handle kjøttbollar og karbonade, gardspate, bacon og spekemat. 

Elles arbeider me med å få på plass ein nettbutikk.
Førebels med spekeprodukta sidan dei er grei å sende i posten. 

Med von om ein god påske fylt med smakelege opplevingar...

Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)