Sikker mat har første prioritet, difor testar me alltid produkta våre.
I førre veke sendte me inn nye prøver til Eurofins. Me testa både lammerull og sylte, fenalår og speka ytrefilet, fersk kjøt av hjort og svin.
I tillegg sender me alltid inn miljøprøver, denne gongen av sluk.
Alle prøvar var fine og ingenting påvist utanom i ei prøve av Olinas syltaflesk med batch nummer 5900.
Det er mistanke om listeria i sylta, og det skal takast vidare prøvar, men me meiner det er viktig å informere med ein gong for å vera på den sikre sida.
Me har informert Mattilsynet som rådgjev oss i prosessen.
Bondens Marked Norge er også informert og vil bistå.
Det er fyrste gong i dei 25 åra me har produsert at me har måtta sende ut eit slikt varsel, og er veldig lei oss for at dette kunne skje hjå oss!
No gjer me det me kan for å kontakte våre kundar som har kjøpt produktet.
Er du ein av dei, tek du bilete av etiketten, kaster produktet og sender oss bilete og kontonummer på e-post til post@haugengardsmat.no slik at me kan refundere deg.
Beklager så mykje, dette er meldinga ein som produsent vonar aldri å sende!
Med venleg helsing Kristine og Odd i Haugen
