Bondens Marked på Vinkelplassen i Oslo denne helga, Bergen neste!

Då er marknad-sesongen godt i gang for oss i Haugen og denne helga er det Oslo som står for tur.
Det er Bondens Marknad på Vinkelplassen i morgon fredag og laurdag.

Her vest har me hatt ein travel, tørr og varm sommar og tidleg haust. No trommar regndropane på taket og me er glad for at svært tørt beiteland, slåttemark, elv og fossefall etter kvart vil få meir vatn.

Ein del av Sognalamma er komen heim frå høgfjellet og dei neste vekene vil sank og ettersank vera fokus hjå sauebøndene i regionen. Me er heldig som kan ta med av det fantastiske og kjøttfulle lammet til marknadene i vekene som kjem.


Hjortejakta er godt i gang og me har som viltmottak det travelt i modningsrom og nedskjæring. Stykningsdelar av vill jakta hjort vil også vera med på til marknad i Oslo og Bergen.

Grisene veks og trivest i Haugen, og det skal dei få gjere ei heil tid endå.
Dagar dei får litt ekstra i form av for eksempel nedfallseple er storveges.
Ein fryd å høyre knaskinga 😊

Det har vore fullt liv på tunet gjennom sommaren og tidleg haust. Med fire+ aktive ungdommar i hus (eigne og «lånte»), kokkane på Otternes i kårhuset og andre vitjande, har det gått i ett her i Haugen.
Likevel har vorte tid til nokre turar på jakt både i reinsfjellet og i hjorteli.
For oss er dette rekreasjon, samhald og påfyll av energi.
Ei god opplading til ein travel haustsesong.

Bratt lia typisk hjorteterreng!

Bratt lia typisk hjorteterreng!

Det vil verte nokre færre turar austover enn vanleg slik det ser ut no, men Haugen Gardsmat vil likevel delta på minst 20 marknadsdagar totalt sett denne hausten. Turane til austlandet er det mest praktisk at Odd og eg tek sjølv, mens «ungane», Jon og Kevin er sjefar i Bergen -kanskje morfar Egil også trør til ein gong i blant.
Oppdatert liste på kva marknader me deltek på finn de her.

Me ynskjer dykk alle ei god helg, og vonar me sjåast på marknadene utover hausten!

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Sognalam på veg heim frå høgfjellet

Sognalam på veg heim frå høgfjellet

Cart (0)