Skikkeleg haustvær!

Vinden tek tak i husa, men me pakkar ufortrødent vidare både på hjortegryta og varer til marknad for å freiste å kome oss over fjellet for å stille på Vinkelplassen på Majorstua på laurdag og Botanisk Hage på sundag.

Været gjenspeglar stemninga som har lege over Haugen den siste tida.

Me har teke eit siste farvel med mor til Odd, ei sterk og engasjert dame som etter lang tids demens og eit kort sjukeleie ikkje lenger er blant oss.

Livet går vidare, og var det ei som ville at me skulle stå på, så var det ho!

Kristine og Kevin kjøyrer over fjellet og stiller på marknadane både laurdag og sundag.

Laurdag vert også det nye produktet: Hjortegryte lansert i lokale Coop butikkar.

Odd skal vera med Coop Nordvest og stiller på demo i Sogndal i morgon, først på Coop Extra på Sjøkanten og seinare med smaksprøvar oppe på Fosshaugane stadion der Sogndal skal ha heimekamp. Hjortegryta som er laga på same «lest» som lapskausen vår. Skeive grønnsaker som ikkje passar i butikk. Bærekraft i praksis 😊

Gryta er sjølvsagt og med på marknadane no og framover.

På marknadane framover er det fokus på julevarer, både pålegg, pinnekjøtt og svineribbe frå grisene våre i tillegg til hjort, lam og andre meir kvardagsprodukt som Sognalapskaus.

Mange har venta på at fenalåra skal verte klare, og det er dei no. Me tek difor med oss ein del både no til helga og helgane seinare

Me vonar me ser mage av dykk til helga, og vil ynskje alle ei retteleg god helg.

Ta vare på kvarandre!

Med von om smakelege opplevingar…

Kristine, Odd og resten av familien i Haugen

Cart (0)