Vilkår for kjøp hjå Haugen Gardsmat as gjennom www.haugengardsmat.no

Salsvilkår

 

1.    Generelt

Desse salsvilkåra gjeld for sal av varer (produkt) fra www.haugengardsmat.no til privatkundar.

Salsvilkåra er saman med di bestilling, stadfesta gjennom ein ordrebekreftelse, det samla avtalegrunnlaget for kjøpet. Der salsvilkåra stiller krav til skriftleg dokumentasjon, er dette oppfylt ved bruk av e-post.

Salsvilkåra gjeld med dei rammer som følgjer av norsk lov. Dei sentrale lovene ved kjøp frå forbrukar er forbrukerkjøpsloven, angrerettloven, markedsføringsloven, personopplysningsloven, e-handelsloven og finansavtaleloven. Lovene er tilgjengelege på www.lovdata.no dersom du ynskjer meir informasjon om dine rettar og plikter ved kjøp.
Salsvilkåra er utarbeida med utgangspunkt i Forbrukertilsynet sine anbefalinger. For ei betre forståing av desse salsvilkåra, sjå Forbrukertilsynets veileder https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/veiledninger-og-retningslinjer/standard-salgsbetingelser-for-forbrukerkjop-av-varer-over-internett

For at ei bestilling skal væra gyldig, må bestillar væra fylt 18 år og myndig.

Me leverer primært til Noreg. Ved levering utanfor Noreg, kjem ekstra kostnader frakt og evt. fortolling i tillegg.

Salsvilkåra og annan informasjon på www.haugengardsmat.no er kun tilgjengeleg på norsk.

 

2.   Parter

Seljar er:

Haugen Gardsmat AS, org nr 989704036 MVA, Brekkevegen 51, 5743 FLÅM e-post: post@haugengardsmat.no  
tlf 91539026 eller 91803942

Heretter synt som ”me” eller ”www.haugengardsmat.no”.

Kjøpar er den personen som er gjevent som kjøpar i bestillinga, heretter synt til som ”du”, ”deg”, ”din” eller ”ditt”.

 

3.    PriSAr

Alle prisar er inkludert meirverdiavgift. Totalkostnaden for kjøpet vil kome fram før bestilling vert stadfesta og inkludere utgifter i samband med kjøpet. Frakt/porto som synast i stadfestinga av ordren, kan kun avvike frå faktisk frakt/porto dersom varene skal sendast utanlands. Alle våre produkr har pris per eining.

 

4.    Gjennomføring av kjøp i nettbutikken

Bestilling i nettbutikken har fyl desse stega:

Val av produkter

Handlekorg

Til kasse:

  1. Registrere e-post adresse det skal sendast stadfesting av ordre på.

  2. Registrere navn, adr, etc på den som bestiller.

  3. Informasjon om fraktkostnad vert synleg, denne varierer i høve vekt på sendinga totalt sett.

  4. Betaling med kort

  5. Oppsummering og mogelegheit for kontroll av bestilling

  6. Stadfesting av bestillinga

  7. Mottak av ordrebekreftelse

 

5.    INNGÅTT AvtaLE

Di bestilling er bindande når bestillinga er registrert på vår server (datamaskin). Me har då butten av din bestilling av varer som er tilbudt av oss i vår nettbutikk, eller i vår marknadsføring på anna måte.

I det me har motteke bestillinga, vil ei stadfesting sendast deg på e-post adressa du har ført inn i bestillinga di. Undersøk om stadfestina er lik med bestillinga med omsyn til tall, varetype, pris osv. når du mottek denne.

Forbrukarar har rett til å angre kjøpet etter lov om angrerett, sjå www.haugengardsmat/angrerett under punkt 10.

 

6.    Opplysningar gjeven i nettbutikken

Me ynskjer å gje våre kundar så korrekt informasjon om våre produkt som mogeleg. Me tek imidlertidatterhald om at skrive-eller tastefeil kan førekome, noko som kan resultere i at me ikkje kan levere slik det er presentert i vår nettbutikk, vår marknadsføring eller på anna måte.

Me forbeholder oss også retten til å kansellere din bestilling eller delar av denne, dersom produktet du har bestilt er utsolgt. I tilfeller der produktet er utsolgt, vil du få ei melding om dette, eventuelt saman med informasjon om kva me kan tilby i staden. Du vil få mogelegheit til å akseptere vårt nye tilbod med dei endringar me foreslår i forhold til din opprinnelege bestilling, eller kansellere bestillinga.

 

7.    Betaling

Du betaler direkte på nettet med kort.

 

8.    Levering og forseinking

Me sender bestillinga di med posten. Me sender fyrste vekedag etter at bestillinga er lagt inn. I Flåm er det ikkje mogeleg for oss å pakke og sende varer etter klokka 10.00 på fredagar då posten ikkje har varesending anna enn i vekedagar. Me har all risiko for produkta fram til produkta er komen til din postkasse eller til ditt postkontor. (Avhengig av storleiken på pakken)

Dersom leveringa av produkta vert forseinka, vil me gje deg informasjon om dette så snart me sjølv får kunnskap om forseinkinga. Du vil samtidig få informasjon om og eventuelt når levering kan skje.

Forseinking kan, avhengig av omstende som type produkt og lengda på forseinkinga, føre til at du har rett til å heve avtalen og få kjøpesummen tilbake.

 

9.    Undersøking av produkta

Så snart du har motteke produktet bør du undersøke om det leverte er i samsvar med stadfestinga du har fått på e-post, om produktet er vorte skada under transport, eller om det elles er manglar med leveransen.

10.  Angrerett

Angrerettloven gjev forbrukarar rett til å angre kjøpet. Angreretten gjeld for varer og for enkelte tenester.

Angreretten føreset at du seinast innan 14 dagar etter at du mottek leveransen, gjev oss melding om bruk av angreretten (angrefrist). Angrerettskjema finn du på www.haugengardsmat.no/angrerett
For at angreretten skal kunne gjerast gjeldande, må produktet væra levert oss i tilnærma same mengde og stand som du mottok den.

Ved bruk av angreretten må produktet(a) leverast attende til oss innan rimeleg tid. Eventuell retursending må betalast av deg. Du har risikoen for transporten tilbake til oss. Me er forplikta til å betale tilbake til deg det du har betalt for produktet(ene) inkludert porto for sendinga til deg, ekspedisjonsgebyr, tollavgifter etc. Dette gjeld kun når heile kjøpet returnerast. Tilbakebetaling skal finne stad innan 14 dagar etter at me mottek produktet(a) frå deg.

Produktet(a) sendast tilbake til oss i originalemballasje, saman med angrerettskjema.
Nærare opplysningar om korleis du nyttar deg av angreretten, synast i angrerettskjema.

 

11. Personopplysingar

Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er seljar. All informasjon vert behandla med omsyn til personvern. Me vil ikkje vidareselje den informasjonen du legg igjen om deg sjølv når du handler hos oss. Informasjonen vil heller ikkje vera tilgjengeleg for andre enn våre medarbeidarar som skal pakke og sende ordren. Kjøperen sine personopplysningar vil ellers kun verte utlevert til andre dersom det er nødsynt for at seljar skal få gjennomført avtalen med kjøparen, eller i lovbestemte tilfelle.

 

12. Endring i vilkåra

Me tek atterhald og forbeholder oss retten til å endre noverande vilkår som følge av endringer i lovgivningen. Alle endringer vert fortløpende oppdatert på www.haugengardsmat.no/salgsbetingelser

Me vil oppbevare informasjon om kva versjon av salsvilkåra som gjeld for din bestilling. Versjonsnummeret vil også framgå av din stadfesting av ordre.

 

 

 

 
Cart (0)