Heile eller halve slakt?

334370_311379938892040_2067363793_o.jpg

Me skjærer ned og pakkar alt ferdig til deg. Me kan levere:

  • reinsdyr frå Filefjell  (1/1 og 1/2) 
  • hjort frå Sogn (1/1 og 1/2) 
  • vår eigen utegangar-gris (1/1 og 1/2)
  • lam (1/1 og 1/2).

Du nyttar bestillingskjemaet vårt for å bestille dette saman med andre varer frå utvalet vårt.

Svin haust

Svin frå eigne frittgåande utegris

Du kan bestille heil og halv gris
Ein halv gris er ca. 50 kg.

Me deler det opp slik:

  • Nakke: Beinfri og reinskoren
  • Rygg: Beinfri ytrefilet med svor. Kan leverast utan, men ideell og tilberede med sprø svor.
  • Sparerib-rack.
  • Indrefilet
  • Bog: Surra steik
  • Lår: Steik med svor surra (stor)
  • Rundbiff, surra
  • Flatbiff, reinskoren
  • Side: Ribbe med knekte bein og ruta svor.
  • Slagside med svor (til porchetta til dømes) Avskjær: Malast til kjøttdeig og pakkast i ca.  500g.


Pris ferdig pakka 85,00 kr pr.kgfor halv gris
Pris ferdig pakka kr.79,00 pr. kg for heil gris.


Du betaler for vekta av den heile/halve grisen før nedskjæring tek til. Beinprosenten vil venteleg ligga rundt 30%, noko som vil svara til om lag 15 kg pr halve skrott. Du vil dermed motta ca.35 kg reint kjøt. (Vekter gjeven her er prosenttal rekna frå heilvekt på ca 100 kg for heil gris) Variasjonar kan difor forekoma ved vektvariasjon på skrotten) Kjøttdeigen fryser du inn med ein gong, resten av stykningsdelane går det også fint an å fryse, be om anbefaling på evt. modningstid før frysing.

Utlevering vil skje på marknad i desember, eller etter avtale.

 

Ekte «Haugagris»

Ekte «Haugagris»

Lam

Sau og lam i Kleådalen

Sau og lam i Kleådalen

Haugen Gardsmat as skjer kvart år ned store mengder lam. Lamma i regionen beiter frå fjord til fjell på næringsrike og svært varierte beite.  

Slaktinga tek til mot slutten av august og me kan levere heile og halve slakt frå denne tid og utover hausten. På marknader kan du handle dei stykningsdelane du ynskjer.

 

Du kan bestille

  • Heilt og halvt lam
  • Eit halvt lam: (ca 10-12 kg med bein) 1 lårsteik, fårikålkjøt av bog og nakke, 1 flatbiff, 1 ytrefilet med fettkappe på, 1 indrefilet, 1 ribbe utan rygg, 1 skank og kjøttdeig. (To av kvart for heilt lam)
  • Steikene er surra, biffar og filetar reinskorne og alt er vacumpakka, også kjøttdeigen i ca. 500g. Du kan få med kraftbein om du ynskjer.


Pris ferdig pakka 169,00 kr pr.kg
 

Du betaler for vekta av det heile/halve lammet før nedskjæring tek til. Beinprosenten vil venteleg ligga rundt 30%, noko som vil svara til om lag 3-3,6 kg pr halve skrott. Du vil dermed motta mellom 6,4-7 kg reint kjøt.  (Vekter gjeven her er prosenttal rekna frå heilvekt på 20-24 kg. Variasjonar kan difor forekoma ved vektvariasjon på skrotten) Kjøttdeigen fryser du inn med ein gong, resten av stykningsdelane går det også fint an å fryse, be om anbefaling på evt. modningstid før frysing.

Utlevering vil skje på marknad eller etter avtale.

Reinsdyrkjøt til jul?

Haugen Gardsmat as har i fleire år samarbeidd godt med eit lokalt reinlag. Reinlaget har beiteområda sine i fjella mellom Lærdal, Hemsedal og Valdres. Desse dyra lever som villreinen gjer. Dei vert ikkje tilleggsfora. Dette gjer at høgfjellsfloraen og smakane denne kraftige plantekosten gjev, ikkje vert ”utvatna”. Når reinlaget i tillegg har eit svært godt tilpassa dyretal i høve areal, gjev dette kjøttfulle flotte dyr. Reinlaget slaktar dyra sine sjølve, i eit moderne anlegg på fjellet. Ettersom dyra slik slepp stress med opplasting og transport, gjev dette det aller beste utgangspunktet for topp kvalitet.

90-95 % av dyra som vert slakta er kalvar. Med rett modning skulle dei overnemte faktorane borga for store smaksopplevingar med svært mørt kjøt.

Slaktinga tek til i byrjinga av desember. Det vil seie at me vil kunna levera fersk reinskjøt på marknadane inn mot jul. Her kan du handle dei stykningsdelane du ynskjer.

Du kan bestille

  • Heil eller halv Reinskalv.
  • Ein halv er ca 12,5 kg med bein. Du får 1 bogsteik, 1 lårsteik, 1 flatbiff, 1 rundbiff, 1 mørbrad, 1 ytrefilet, 1 indrefilet og karbonadedeig (mager). Steikene er surra, biffar og filetar reinskorne og alt er vacumpakka, også karbonadedeigen i ca. 500g. To av alt for ein heil kalv :)
  • Ynskjer du det, får du med kraftbeina.


Pris ferdig pakka 195 kr pr.kg

Du betaler for vekta av den heile/halve kalven før nedskjæring tek til. Beinprosenten vil venteleg ligga rund 30%, noko som vil svara til om lag 3,8 kg pr halve skrott. Du vil dermed motta mellom 8,5 og 9 kg reint kjøt der karbonadedeig vil utgjera ca 3 kg. (Vekter gjeven her er prosenttal rekna frå heilvekt på 25 kg. Variasjonar kan difor forekoma ved vektvariasjon på skrotten) Då reinskjøtet er svært magert og er vacumpakka, tåler det godt frysing over tid (inntil 24 mnd.) Karbonadedeigen fryser du inn med ein gong, dei edle delane kan godt modne lenger; be om anbefaling!

Utlevering vil skje på marknad eller etter avtale.

Det er venta at me har rein klar både i Oslo og i Bergen laurdag 16. desember.
Det vert i år også mogeleg å hente i «Julebutikken» på Festplassen i Bergen etter 16.desember.  

Reinsdyr.jpg

Jeger

IMG_3487.JPG

Haugen Gardsmat as er godtkjent viltmottak og me kjøper kvart år hjort og rein frå private jegarar som er feltkontrollørar.

Dersom du ikkje er feltkontrollør, må hjerte, lunge og lever følgje med slaktet, til dømes i ein tett plastsekk.

Dette treng Mattilsynet å kontrollere før dei stemplar kjøtet. Me tek imot heile slakt. Vombskotne dyr vert ikkje godkjend.

Me veg slaktet inn.

Nedskjæring tek til når CWD-prøven er fastslegen negativ frå Veterinærinstituttet og

Mattilsynet har godkjent og stempla slaktet hjå oss.

Under nedskjæring kjem skotsår, blodslege kjøt og fettlag på krysset (feite bukkar) til fråtrekk på oppgjeret.

Me betalar konkurransedyktige prisar!
Send kontaktskjema eller ring oss for meir info.
Last ned skjema under for å fylle ut: