Vårteikn

Tunet i dag

Regn, vind og åtte grader ute. Fossane veks og elva stig, men graset sprutar opp og dalsidene vert grøne, herleg!

Sikre vårteikn og lovnader om fint vær til 17.mai.
Dette vert bra!

Plutseleg vaknar ‘alt’ rundt oss.
Reiselivet merkar stor pågang, restaurantar har fulle hus, det har vore fleire cruiseanløp, Flåmsbana har fleire reisande og sentrum livnar til.  
Det betyr at også me i Haugen må henge i for å kunna levere det kjøkkensjefane etterspør og vil setje på menyane sine. Ei stor glede -og svært travelt

Det har vorte mindre marknader og reko for vår del som fylgje av dette og det er me lei oss for, men det er berre slik at døgnet ikkje alltid har nok timar eller veka nok dagar.

Det vert marknader denne helga. Sidan det ikkje er Bondens Marknad i Bergen, har me gjort avtale med Kolonialen slik at de finn ein del av våre varer her. Til dømes kjè.

I aust er det marknad på Vinkelplassen i morgon fredag, på Lillestrøm torg laurdag og i Botanisk Hage sundag. Odd og Kevin er snart klappa og klar til turen over fjellet med formaning om å ta det med ro -sommardekk er ikkje ideelt sjølv mot midten av mai!

I kjølebilen er det både grillmat, spekemat og kvardagsmiddagar. Me vil spesielt framheve kje og kjøttfulle grillnein denne gongen og vonar mange vil setje pris på dette.
Elles har me med biffburgerar av storfè og Grove gode Hjorteburgerar for grillen.

 

Så, ha ein fin ettermiddag, ein super helg og ein strålande 17.mai alle saman!
Med von om smakelege opplevingar frå alle i Haugen

Cart (0)