Kaldt, klart og eit lett snødryss i Haugen

No er det nydeleg ute -kaldt og klart og med eit lett snødryss nedover fjellsidene.

Bortsett frå toget som tutar ned dalen og litt aktivitet på vegen frå naboane, flyt elva stille forbi og bruset frå Brekkefossen dempa av is.

Magisk!

I Haugen har me skrudd opp aktiviteten endå eit hakk: Det vert færre og færre dagar mellom marknadene og alle tar i for å kome rundt.

Takk til dykk alle som kjem innom oss på marknadene, me set umåteleg pris på tilbakemeldingane!

Det er rein energi-innsprøyting!

Tenk! Det er berre to helgar att med marknader før jul, det går berre fortare og fortare for kvart år som går.

Fokuset er på julemat no og me har framleis både pinnekjøtt, pinnesteik, svineribbe, lammerull, sylte, fersk hjort og fenalår i tillegg til litt anna spekemat.

Me tek også med bacon og Sognalapskaus.

Odd var på Golsfjellet og henta rein i går, dei heng til modning no og me gler oss til å ha fersk rein med oss siste helga med marknader før jul.

Me var lenge i tenkeboksen om me skulle ta inn rein sidan prisane diverre har gått opp fleire hakk, men etter mange førespurnader har me valt å ta inn for skjering både til dei som vil ha heile og halve kalvar og til dei som ynskjer biff, steik og filet.

Send gjerne ei bestilling til bestilling@haugengardsmat.no om du ynskjer rein i år :)

Med von om smakelege opplevingar og ei fredeleg førjulstid…

Kristine, Odd og resten av familien i Haugen


Cart (0)