Våre produkt

stempel.png

Haugen Gardsmat tilbyr produkt som er tufta på tradisjon, kvalitet og samspel med naturen. Utgangspunktet er heile slakt av lam, kje, svin, storfe, hjort og rein. Av dette får me ferske stykningsdelar. Desse vert det utbud av ferske varer, salta, røykt med oreved og speka varer. Kjøt kan verte til kjøttboller, kjøttkaker, burger og pølse, spekemat, påleggsmat og middagsmat.  Våre produkt kan du få kjøpt på Bondens Marked og i daglegvarebutikkar, i tillegg til vår eigen julebutikk.

Gjennom samarbeid med Adams Matkasse og Lærdal Grønt tilbyr vi også ferdig tilbehør som potetstappe, ertekrem, kålstuing og kålrabistappe.

Varer i butikk

Her er ei oversikt over produkta me sel i daglegvarebutikkar.
Finn du ikkje desse produkta i din faste butikk, spør butikken om dei kan bestille inn frå Spesialgrossisten eller Lokalmatsenteret.